YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 44

44
Josef let hushaldaren sin leggja sylvstaupet hans i sekken åt Benjamin, og då dei finn det der, lest han som han vil halda han att og hava han til træl, 1-13. Juda bed Josef sleppa Benjamin fri og byd seg til å vera træl i hans stad, 14-34.
1Sidan sa han til den som stod fyre huset hans: Fyll sekkene åt desse mennene med korn, so mykje dei kann føra, og legg pengane åt kvar av dei ovanpå i sekken hans. 2Og staupet mitt, sylvstaupet, det skal du leggja øvst i sekken åt den yngste av dei i hop med kornpengane hans. Og han gjorde som Josef sa han fyre. 3Um morgonen, med same det ljosna, let dei mennene fara av stad med asni sine. 4Dei var ikkje langt utum byen komne då Josef sa til den som stod fyre huset hans: Upp og set etter mennene, og fyrst du når dei att, so seg til dei: Kvifor løner de godt med ilt? 5Er ikkje dette det staupet som husbonden min drikk av, og som han plar spå i? Dette var ille gjort av dykk! 6Og han tok dei att sa dette til dei. 7Då sa dei til han: Kvi talar du soleis, herre? Gud fri tenarane dine frå å gjera slikte ting! 8Sjå no, dei pengane som me fann øvst i sekkene våre, dei hadde me med oss hit til deg att frå Kana'anslandet. Kvi skulde me då stela sylv eller gull utor huset åt husbonden din? 9Den av tenarane dine som det vert funne hjå, han skal døy, og me andre skal vera trælane dine. 10Han sa: Ja, lat det vera so som de segjer! Den som det vert funne hjå, skal vera trælen min, men de andre skal vera utan skuld. 11So skunda dei seg og lyfte kløvjane ned på marki og løyste upp kvar si kløv. 12Og han ransaka; han tok til hjå den eldste og enda hjå den yngste. Og staupet vart funne i sekken hans Benjamin. 13Då reiv dei sund klædi sine og kløvja på asni att og for attende til byen. 14Og Juda og brørne hans kom inn til huset åt Josef medan han endå var der, og dei kasta seg å gruve for han. 15Og Josef sa til dei: Kva er det de hev gjort? Visste de ikkje at ein mann som eg kann finna ut det som er dult? 16Då sa Juda: Kva skal me svara deg, herre? Kva skal me segja, og kva skal me orsaka oss med? Gud hev funne brotet åt tenarane dine. Sjå, me vil vera trælane dine, både me og han som staupet vart funnen hjå. 17Men han sa: Gud fri meg frå å gjera slikt! Den som staupet vart funnen hjå, han skal vera trælen min. Men de andre kann fara i fred heim til far dykkar. 18Då steig Juda fram for han og sa: Høyr meg, herre! Lat tenaren din få tala eit ord til deg, herre, og lat ikkje vreiden din loga upp mot tenaren din! For du er som Farao sjølv! 19Du spurde oss, herre, og sa: Hev de nokon far eller bror? 20Då sa me til deg: Ja, me hev ein gamal far, og han hev ein son, som han fekk på sine gamle dagar, og so er berre ung endå; bror åt denne sveinen er burte, og han er att åleine etter mor si, og far hans held han so kjær. 21Og du sa til oss: Kom hit til meg med han, so eg fær sjå han med eigne augo! 22Då sa me til deg: Sveinen kann ikkje skiljast frå far sin; skilst han ifrå han, so døyr faren. 23Og du sa til oss: Kjem ikkje yngste bror dykkar hit med dykk, so skal de ikkje oftare koma for augo mine. 24Då me so kom heim att til far min, tenaren din, fortalde me han kva du hadde sagt, herre. 25Og far vår sa: Far i vegen att og kjøp noko korn åt oss! 26Då sa me: Me kann ikkje fara dit att. Men er yngste bror vår med oss, so skal me fara der ned. For me kann ikkje koma mannen for auga utan yngste bror vår er med. 27Og far min, tenaren din, sa til oss: De veit at eg fekk tvo søner med kona mi. 28Og den eine vart burte for meg, og eg sa: Han er visst ihelriven; og eg hev aldri set han sidan. 29Tek de no denne og ifrå meg, og vert han fyre ei uheppe, so kjem de til å senda dei grå håri mine med sut ned i nåheimen. 30Skal eg no koma heim til far min, tenaren din, og me ikkje hev med oss sveinen, som hjarta hans heng so fast ved, 31då vert det dauden hans med det same han ser at sveinen ikkje er med, og me lyt senda dei grå håri åt far vår med sut og sorg ned i nåheimen. 32For eg tok på meg å svara for sveinen hjå far min og sa: Kjem eg ikkje heim til deg att med han, so skal eg vera saka i det for far min alle mine dagar! 33So lat difor meg vera att i staden for sveinen og vera trælen din, og lat sveinen få fara heim att med brørne sine! 34For korleis kunde eg koma heim att til far min når sveinen ikkje var med? Eg tolde ikkje sjå på den sorg som då kom yver far min.

Currently Selected:

1. Mosebok 44: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in