YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 43

43
Umsider tvingar den harde svolten Jakob til å gjeva etter, so Benjamin fær fara ned til Egyptarland med brørne sine; han sender med dei ein gong til so mykje pengar, og gåvor til Josef, 1-14. Josef tek vel imot dei og bed dei til bords i huset sitt, 15-33.
1Og då det traut det kornet dei hadde havt heim frå Egyptarland, sa far deira til dei: Far i veg att og kjøp oss noko korn! 2Då sa Juda til han: Denne mannen lyste oss strenge ord og sa: De skal ikkje koma for augo mine utan at bror dykkar er med.#1 Mos 42,20 3Vil du no lata bror vår få vera med oss, so skal me fara ned og kjøpa korn åt deg. 4Men sender du han ikkje med, so vil me ikkje fara. For mannen sa: De skal ikkje koma for augo mine utan bror dykkar er med. 5Då sa Israel: Kvi gjorde de meg so ille imot og sa det til mannen at de hadde endå ein bror? 6Og dei svara: Mannen spurde oss nøye ut både um oss og ætti vår og sa: Lever far dykkar endå? Hev de nokon bror? So svara me som han spurde til. Kor kunde me tenkja at han skulde segja: Kom hit med bror dykkar! 7Og Juda sa til Israel, far sin: Send sveinen med meg, so vil me oss reiduge og fara, so me kann halda livet og ikkje døy burt, både me og du og småborni våre. 8Eg skal svara for han. Av meg kann du krevja han att. Kjem eg ikkje heim til deg att med han og set han framfyre deg, so skal eg bera skuldi for det all min dag. 9For hadde me ikkje drygt so lenge, so kunde me no vore heime att tvo gonger. 10Då sa Israel, far deira, til dei: Er det ikkje onnor råd, so gjer som eg segjer: Tak med dykk i sekkene dykkar av alt det gjævaste som finst i landet, noko balsam og noko honning, kryddor og ladanum, pistasie-neter og mandlar! Det skal vera ei gåva til mannen. 11Og tak ein gong til so mange pengar med dykk! For dei pengane som kom att og låg ovanpå i sekkene dykkar, fær de hava med attende; kann henda det var eit mistak. 12Tak so bror dykkar, gjer dykk reiduge og far attende til mannen! 13Og Gud den allmektige late dykk møta godvilje hjå mannen, so han sender den andre bror dykkar og Benjamin med dykk heim att. Og eg - skal eg vera barnlaus, so fær eg vera barnlaus! 14So tok mennene denne gåva, og ein gong til so mange pengar tok dei med seg, og so Benjamin. Og dei gav seg på vegen og for ned til Egyptarland og gjekk fram for Josef. 15Då Josef såg at Benjamin var med dei, sa han til den som stod fyre huset hans: Bed desse mennene inn, og slakta eit naut og laga det til; for dei skal eta til middag med meg. 16Og mannen gjorde som Josef sa. Han bad dei inn i huset åt Josef. 17Men då dei skulde inn i huset åt Josef, vart dei redde og sa: Det er nok for dei pengane skuld som låg att i sekkene våre fyrre gongen, at me skal her inn. Han kjem til å velta seg inn på oss og kasta seg yver oss, og gjera oss til trælar og taka asni våre. 18So gjekk dei burt til mannen som stod fyre huset hans Josef, og tala til han i husdøri. 19Og sa: Høyr her, herre, gode herre! Du veit me hev vore her ein gong fyrr og kjøpt korn. 20Men då me kom til kvilestaden og løyste upp kløvjane våre, då fann kvar sine pengar ovanpå i sekken sin; det var våre eigne pengar, med si fulle vekt, og no hev me dei med oss hit att. 21Og andre pengar hev me og med oss til å kjøpa korn for. Me veit ikkje kven som hev lagt pengane i sekkene våre. 22Då sa han: Ver de hugheile! Hav ingen otte på dykk! Dykkar Gud og Gud åt far dykkar hev lagt ein skatt til dykk i sekkene. Pengane dykkar hev eg fenge. So henta han Simeon ut til dei.#1 Mos 42,24 23Sidan fylgde mannen dei inn i huset hans Josef og gav dei vatn so dei fekk två føtene sine, og gav dei for til asni. 24So la dei gåva til reide til Josef skulde koma heim til middags; for dei hadde høyrt at dei skulde eta der. 25Då so Josef kom heim, bar dei inn til han gåva som dei hadde med seg, og la seg å gruve for han. 26Og han spurde korleis dei levde, og sa: Stend det bra vel til med den gamle far dykkar, som de tala um? Lever han endå? 27Dei svara: Ja, det stend vel til med far vår, tenaren din. Han lever endå. Og dei bøygde seg og kasta seg å gruve for han. 28Då han fekk auga på Benjamin, bror sin, son åt si eiga mor, sa han: Er dette den yngste bror dykkar, som de tala til meg um? Gud signe deg, guten min! sa han. 29Og Josef skunda seg burt. For hjarta hans kløktest då han såg bror sin, so han laut få gråta. Og han gjekk inn i koven og gret. 30So tvo han seg i andletet og gjekk ut att, og han gjorde seg hard og sa: Set maten fram! 31Då sette dei fram for han i ser og for dei i ser og for egyptarane i ser; for egyptarane kann ikkje eta i lag med hebrearane; dei held det for ein styggedom.#1 Mos 46,34; 2 Mos 8,26 32Mennene vart sessa midt fyre han etter alder, den eldste øvst og den yngste nedst, og dei såg på kvarandre og undrast. 33Og det vart sendt um til dei av dei rettene som han sjølv åt av, og Benjamin fekk fem gonger so mykje som kvar av dei andre. Og dei drakk med han og vart fjåge.

Currently Selected:

1. Mosebok 43: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in