YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 42

42
Brørne åt Josef kjem til han, ti i talet, og vil kjøpa korn; dei kjenner ikkje han, men han kjenner dei, 1-8. Han skuldar dei for å vera njosnarar og kastar dei i fengsel; men sidan let han dei fara heim på det vilkår at Simeon er att, og at dei tek med seg yngste bror sin til Egyptarland; pengane som brørne hev gjeve for kornet, vert lagde i sekkene deira, 9-28. Dei kjem til Jakob og fortel han det som hev hendt; Jakob ber seg ille for di han hev mist Josef og Simeon, og vil ikkje senda Benjamin med dei, 29-39.
1Då Jakob høyrde at det var korn i Egyptarland, sa han til sønene sine: Kvi sit de og stirer på kvarandre? 2Eg hev fenge spurt, sa han, at dei hev korn i Egyptarland. Far no der ned og kjøp korn åt oss, so me kann halda livet og ikkje døy burt!#Apg 7,12 3Og brørne hans Josef tok nedigjenom, ti i talet, og vilde kjøpe korn i Egyptarland. 4Men Benjamin, rettebror åt Josef, sende Jakob ikkje av stad med brørne hans; han var redd det kunde henda han ei ulukke. 5So kom då Israels-sønene og vilde kjøpa korn millom alle dei andre som kom; for det var uår i Kana'ansland. 6Men Josef var den som rådde i landet. Han var det som selde korn til all landslyden. Og brørne hans Josef kom og la seg å gruve for han.#1 Mos 41,40 7Då Josef såg brørne sine, kjende han dei att, men lest ikkje ved vera; han tala strengt til dei og spurde: Kvar kjem de frå? Dei svara: Frå Kana'ansland; me kjem og vil kjøpa korn. 8Josef kjende att brørne sine, men dei kjende ikkje han. 9Og Josef laut minnast det som han hadde drøymt um dei, og sa til dei: De er njosnarar, de kjem og vil sjå kvar landet er lettast å taka.#1 Mos 37,7.9 10Dei svara: Nei, gode herre, tenarane dine vil berre kjøpa korn. 11Me er alle søner åt ein mann. Me er ærlege folk; tenarane dine er ikkje njosnarar. 12Men han sa til dei: Jau, de kjem og vil sjå kvar landet er lettast å taka. 13Då sa dei: Tenarane dine er tolv brør og søner åt ein mann i Kana'anslandet. Den yngste av oss er no heime hjå far vår, og ein er ikkje til lenger.#1 Mos 37,33 14Då sa Josef til dei: Det er som eg hev sagt: De er njosnarar. 15Men no vil eg røyna dykk: So visst som Farao lever, de slepp ikkje herifrå fyrr yngste bror dykkar kjem hit. 16Ein av dykk skal fara i vegen og henta bror dykkar, og dei andre vil eg halda fengsla, so det kann røynast um det er sant det de segjer; og er det ikkje det, er de njosnarar, so visst som Farao lever! 17So heldt han dei alle saman fengsla i tri dagar. 18Og tridje dagen sa Josef til dei: Gjer no som eg segjer, so skal de få leva! Eg hev age for Gud. 19Er de ærlege folk, so skal ein av dykk brør vera att i fangehuset, men de andre kann fara i veg og hava med dykk korn til livberging for dei som heime er. 20Og den yngste bror dykkar skal de koma hit til meg med, so ordi dykkar kann sannast, og de ikkje skal missa livet. Og dei so gjorde. 21Og dei sa seg imillom: Å ja, ja, kor vel me er verd dette for det me gjorde mot bror vår! Me såg kor hjarteredd han var då han bad so vent for seg; og endå vilde me ikkje høyra på han. Difor er me no komne i slik naud. 22Då tok Ruben til ords og sa: Var det ikkje det eg sa dykk, at de ikkje skulde fara so stygt med guten? Men de vilde ikkje høyra. Og sjå, no kjem hemnen for blodet hans!#1 Mos 37,21-22 23Men dei visste ikkje at Josef skyna det; for han bruka tolk når han tala med dei. 24Og han snudde seg frå dei og gret. So kom han innåt dei att og tala til dei, og han tok Simeon ifrå dei og batt han so dei såg på det. 25Sidan sa Josef frå at dei skulde fylla sekkene deira med korn og leggja pengane åt kvar av dei att i sekken hans og gjeva dei niste med på vegen. Og det vart gjort. 26So kløvja dei kornet på asni sine og for i veg. 27Men då ein av dei løyste upp kløvi si og vilde gjeva asnet for på kvilestaden, fekk han sjå pengane sine; dei låg ovanpå i sekken hans. 28Og han sa til brørne sine: Pengane mine hev kome att! Sjå, her ligg dei i sekken min! Då vart dei reint ille ved; dei såg på kvarandre og skalv og sa: Kva er det Gud hev gjort mot oss her? 29So kom dei heim til Jakob, far sin, i Kana'anslandet, og dei fortalde han alt det som hadde hendt dei og sa: 30Mannen som råder der i landet, tala strengt til oss og tok oss for folk som vilde njosna ut landet. 31Då sa me til han: Me er ærlege folk; me er ikkje njosnarar. 32Me er tolv brør, søner åt ein far. Ein av oss er ikkje til lenger, og den yngste er heime hjå far vår i Kana'anslandet. 33Og mannen som råder der i landet, sa til oss: Dette vil eg hava til merke på at de er ærlege folk: Ein av dykk brør skal vera att hjå meg, og de andre kann taka med dykk det de treng til livberging for dei som heime er, og fara i veg, 34og so lyt de koma til meg att med yngste bror dykkar, so eg fær sjå at de ikkje er njosnarar, men ærlege folk. Då skal de få att bror dykkar, og de kann fara fritt kringum i landet. 35Då dei so tømde sekkene sine, då fann kvar sitt pengeknytte i sekken sin; og då dei såg pengeknytti, både dei og og far deira, vart dei fælne. 36Og Jakob, far deira, sa til dei: De gjer meg reint barnlaus; Josef er burte, og Simeon er burte, og no vil de taka Benjamin og i frå meg; det kjem yver meg alt dette. 37Då sa Ruben til far sin: Båe sønene mine kann du drepa, kjem eg ikkje heim til deg att med han! Gjev han berre i mine hender! Eg skal hava han heim att til deg. 38Men han svara: Son min skal ikkje fara med dykk dit ned. For bror hans er burte, og han er att åleine, hender det han nokor ulukka på vegen de ferdast etter, so kjem de til å senda dei grå håri mine med sorg ned i nåheimen.#1 Mos 44,22.29-34 39Men svolten var hard i landet.

Currently Selected:

1. Mosebok 42: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in