YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 41

41
Tvo år etter hev Farao tvo draumar, som ingen kann tyda, 1-8. Skjenkjaren kjem i hug Josef; han vert henta til Farao, tyder draumane hans slik at dei varslar sju gode år og sju uår, og gjev han råd um kva han skal gjera, 9-36. Farao set Josef til herre yver Egyptarland; Josef samlar korn i dei gode åri; han vert gift og fer tvo søner, 37-52. Det vert uår i Egyptarland og alle landi der ikring; folk kjem til Josef etter hjelp, 53-57.
1So hende det ei tvo års tid etter, at Farao drøymde han stod nedmed elvi.#41,1 elvi Nilen. 2Og sjå, upp or elvi kom det sju kyr, vene å sjå til og holduge, og dei gjekk og beitte i storren. 3Og etter dei kom det sju andre kyr upp or elvi, stygge å sjå til og turrvorne, og dei stod på elvebakken hjå dei fyrste kyrne. 4Og dei stygge, turrvorne kyrne åt upp dei sju vene og holduge kyrne. Då vakna Farao. 5So sovna han att og hadde ein draum til. Han tykte han såg sju aks som skaut upp på eitt strå og var tjukke og vene. 6Og etter dei rann det upp sju aks som var tome og svidne av austanvinden. 7Og dei tome aksi gløypte dei sju tjukke og fulle aksa. Då vakna Farao og skyna at han hadde drøymt. 8Men um morgonen hadde han slik uro i seg. So sende han bod og kalla til seg alle runemeistrar i Egyptarland og alle dei vise menner der var. Og Farao fortalde dei draumane sine; men det var ingen som kunde tyda dei for han. 9Då tala skjenkjarmeisteren til Farao og sa: Mine eigne synder lyt eg minna um i dag.#1 Mos 40,1-4 10Farao vart ein gong harm på tenarane sine og sette meg fast hjå hovdingen yver livvakti, både meg og bakarmeisteren. 11Då hadde me kvar sin draum same natti, eg og han, og draumane våre hadde kvar si meining. 12Og det var ein hebraisk gut med oss der; han var tenar hjå hovdingen yver livvakti. Honom fortalde me draumane våre, og han tydde dei for oss; etter som kvar av oss hadde drøymt, tydde han dei. 13Og so som han spådde oss, so gjekk det; eg vart sett inn att i romet mitt, og hin vart hengd. 14So sende Farao bod etter Josef. Då skunda dei seg og slepte han ut or fengslet; og han raka seg og bytte klæde, og so gjekk han fram for Farao.#Sal 105,20 15Og Farao sa til Josef: Eg hev havt ein draum, og det er ingen som er god å tyda han. Men eg hev høyrt um deg, at berre du høyrer ein draum, so tyder du han med same. 16Og Josef svara Farao og sa: Eg råder ikkje for det. Gud vil visst gjeva eit svar som spår lukke for Farao.#1 Mos 40,8; Dan 2,30 17So sa Farao til Josef: Eg drøymde eg stod på elvebakken. 18Og sjå, upp or elvi det sju kyr, feite på hold og vene på skapnad, og dei gjekk og beitte i storren. 19Og etter dei kom det upp sju andre kyr, skrinne og ovleg stygge på skapnad og turre på hold; eg hev aldri set so ljote kyr i heile Egyptarlandet. 20Og dei skrinne og stygge kyrne åt upp dei sju fyrste, holduge kyrne. 21Dei sokk i skrovet deira; men det synte ikkje at dei hadde fenge dei i seg; dei var stygge å sjå til som dei hadde vore. Då vakna eg. 22Sidan drøymde eg at eg såg sju aks som skaut upp på eitt strå og var fulle og vene. 23Og etter dei rann det upp sju aks som var turre og tome og svidne av austanvinden. 24Og dei tome aksi gløypte dei sju gode aksi. Eg sa det til runemeistrane, men ingen kunde greida det for meg. 25Då sa Josef til Farao: Alt det Farao hev drøymt, er ein draum. Det Gud vil gjera, hev han gjort kunnigt for Farao. 26Dei sju gode kyrne, det er sju år, og dei sju gode aksi, det er og sju år; det er ein og same draumen. 27Og dei sju skrinne og stygge kyrne som kom upp etterpå hine, det er sju år, og dei sju aksi som var tome og svidne av austanvinden; det er sju uår som skal koma. 28Det er som eg sa til Farao: Det Gud vil gjera, hev han synt Farao. 29Sjå, no kjem det sju år med ovnøgd og rikdom i heile Egyptarland. 30Men etter dei skal det koma sju uår, so all ovnøgdi vert gløymd i Egyptarland, og uåri skal arma ut landet. 31Og ingen skal minnast ovnøgdi som var i landet, for den naudi som kjem etterpå; for den vert ovleg hard. 32Og det at draumen kom fyre Farao tvo gonger, det kjem seg av di at Gud er fastrådd på dette, og at han vil gjera det snart. 33No skulde Farao sjå seg ut ein vitug mann og setja han yver Egyptarlandet! 34Det skulde Farao gjera, og so skulde han setja inn futar utyver landet, som skal krevja inn femteparten av grøda i Egyptarland i dei sju ovnøgdåri. 35Og dei skal samla alle slag mat i desse gode åri som kjem, og dunga upp matkorn i byane og taka vare på det for Farao. 36Og kornet skal vera til forråd for landet i dei sju uåri som kjem i Egyptarland, so landet ikkje skal øydast av svolt. 37Dei ordi tykte dei godt um, både Farao og alle mennene hans. 38Og Farao sa til mennene sine: Skal tru me finn maken til han, ein mann som er full av Guds Ande? 39So sa Farao til Josef: Etter di Gud hev late deg vita alt dette, so er ingen so vitug og vis som du. 40Du skal standa fyr huset mitt, og etter ditt ord skal heile folket mitt retta seg. Berre kongsstolen vil eg hava framum deg.#1 Mos 45,8; Sal 105,21; Apg 7,10 41Sjå, eg set deg yver heile Egyptarland, sa Farao til Josef.#Sal 37,37 42Og Farao tok seglringen av handi si og sette på handi hans Josef og klædde han i kvite linklæde og hengde ei gullekkja kring halsen hans. 43Og han let han køyra i den nest beste vogni som var næst etter hans eigi vogn, og dei ropa framfyre han: Abrek! Og han sette han yver heile Egyptarlandet.#1 Mos 45,9#41,43 Abrek bøyg kne! 44Og Farao sa til Josef: Eg er Farao. Ingen skal røyva hand eller fot i heile Egyptarlandet utan at du vil det. 45Og Farao kalla Josef Sofnat-Paneah og gav han Asnat til kona; ho var dotter åt Potifera, presten i On. So tok Josef til å ferdast kring i Egyptarland.#41,45 Sofnat-Paneah kann henda: Han som bergar verdi. 46Josef var tretti år gamal då han stod framfor Farao, kongen i Egyptarland. Og Josef bad vel leva med Farao og for heile Egyptarlandet igjenom. 47Og jordi bar inn i haugevis i dei sju ovåri. 48Og han samla allslags grøda av sju årsavlingar som dei fekk i Egyptarland, og la upp mat i byane. I kvar by la han upp grøda av åkrane som låg ikring. 49Og Josef hauga upp korn som havsens sand, uhorveleg mykje, til dei held upp å telja; for det var ikkje tal på. 50Fyrr det fyrste uåret kom, fekk Josef tvo søner med Asnat, dotter åt Potifera, presten i On.#1 Mos 41,45 51Og Josef kalla den fyrste Manasse - av di [sa han] Gud hev late meg gløyma all mi møda og heile mi ætt.#41,51 Manasse ein som fær ein til å gløyma. 52Og den andre kalla han Efra'im - av di [sa han] Gud hev late meg veksa i det landet som eg leid vondt i.#41,52 Efra'im tvivokstring. 53So leid dei til endes dei sju åri då det var slik ovnøgd i Egyptarlandet, 54og dei sju uåri tok til å koma, som Josef hadde sagt; då vart det naud og svolt i alle land, men i heile Egyptarland, der var brød.#Sal 105,16 55Og heile Egyptarland svalt, og folket ropa til Farao etter brød. Då sa Farao til alle egyptarane: Gakk til Josef! Det han segjer til dykk, skal de gjera. 56Det var no naud og svolt yver heile landet. Då let Josef upp alle kornbuene og selde til egyptarane; for naudi var hard i Egyptarland. 57Og frå heile verdi kom dei til Egyptarland og vilde kjøpa korn hjå Josef; for naudi var stor all verdi yver.

Currently Selected:

1. Mosebok 41: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in