YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 38

38
Juda tek seg ei kona og fær tri søner med henne. Den eldste fær ei kona som heiter Tamar; Herren let han døy, for di han syndar. Andre sonen gifter seg med Tamar, men gjer slikt som Herren tykkjer ille um, og lyt døy, 1-10. Juda lovar Tamar yngste son sin, men held ikkje ord; han ligg hjå henne, men veit ikkje at det er sonekona hans; han fær tvo søner med henne, Peres og Serah, 11-30.
1I same tidi bar det so til at Juda for nedyver frå brørne sine og gav seg til hjå ein mann i Adullam som heitte Hira. 2Der såg Juda dotter åt ein kana'anitisk mann som heitte Sua og han tok henne til kona og budde i hop med henne. 3Og ho vart med barn og åtte ein son; honom kalla han Er.#1 Mos 46,12 4So vart ho med barn ein gong til og åtte ein son; og ho kalla han Onan. 5Sidan åtte ho endå ein son og kalla han Sela; då ho fekk han, var Juda i Kesib. 6Og Juda feste ei kone åt Er, eldste son sin; ho heitte Tamar. 7Men Herren tykte ille um Er, eldste son åt Juda, og Herren laga det so at han døydde. 8Då sa Juda til Onan: Tak brorkona din heim til deg og gift deg med henne, so du held uppe ætti åt bror din!#5 Mos 25,5-6 9Men Onan visste at borni ikkje skulde vera hans. Og når han låg med enkja etter bror sin, let han det spillast på jordi, so han ikkje skulde gjeva broren sin avkjøme. 10Og Herren tykte ille um det han gjorde, og laga det so at han og døydde. 11Då sa Juda til Tamar, sonekona si: No lyt du sitja enkja i huset åt far din, til Sela, son min, er vaksen! For han tenkte: Elles kjem han og til å døy, som brørne hans. So for Tamar heim att og budde hjå far sin. 12Då ei lang tid var lidi, døydde dotter åt Sua, kona hans Juda. Og då syrgjetidi var ute, gjekk Juda upp til Timna, til dei som klypte sauene hans, både han og venen hans, Hira frå Adullam. 13Og Tamar fekk spurt det; for det kom ein og sa til henne: Sjå verfar din er på veg upp til Timna og vil klyppa sauene sine. 14Då la ho av seg enkjebunaden sin og hadde på seg eit slør og sveipte det vel kring seg, so sette ho seg frammed ledet utfor Ena'im, på vegen til Timna. For ho såg at Sela var vaksen, og at ho ikkje fekk han. 15Då Juda såg henne, tenkte han det var ei skjøkje, av di ho heldt sløret attfor andletet.#Ordt 7,12 16So tok han av vegen og gjekk innåt henne og sa: Kom, lat meg få liggja med deg! For han visste ikkje at det var sonekona hans. Då ho sa: Kva gjev du meg, dersom du fær liggja med meg?#3 Mos 18,15; 20,12 17Han svara: Eg skal senda deg eit kje av buskapen min. Då sa ho: So gjev meg so noko i vissa då, til du sender meg det. 18Han sa: Kva vissa skal eg gjeva deg? Ho svara: Seglringen din og lekkja di og staven som du hev i handi. Det gav han henne, og so fekk han liggja med henne, og ho vart fremmeleg med han. 19Og ho stod upp og gjekk sin veg og la av seg sløret og hadde på seg enkjebunaden sin. 20Juda sende kjeet med venen sin, han frå Adullam, og bad han få att vissa av kvinna; men han fann henne ikkje. 21Og han spurde folki i grendi hennar og sa: Kvar er skjøkja, ho i Ena'im, frammed vegen? Men dei svara: Det hev ikkje vore nokor skjøkje her. 22So kom han attende til Juda og sa: Eg fann henne ikkje, og folki der i grendi sa endå det: Det hev ikkje vore nokor skjøkje her. 23Då sa Juda: Lat henne hava det, so me ikkje fær skam av dette! Kjeet veit du no eg hev sendt, men du fann henne ikkje. 24So var det på lag tri månader etter, då kom dei og sa til Juda: Tamar, sonekona di, hev lagt seg burt, so ho jamvel hev vorte med barn. Då sa Juda: Leid henne ut! Ho skal brennast! 25Då dei leide henne ut, sende ho bod til verfar sin og sa: Det er med den mannen som eig dette, at eg hev vorte med barn. Du skulde vel ikkje vita kven som eig denne seglringen og lekkjone og staven? sa ho. 26Og Juda kjendest med det og sa: Ho er i sin gode rett imot meg, for eg let henne ikkje få Sela, son min. Og han låg ikkje med henne meir. 27Då det so leid til at ho skulde eiga barn, sjå, då var det tvillingar i livet hennar.#1 Krøn 2,4; Matt 1,3 28Og i det same ho fødde, rette den eine handi fram. Då tok jordmori og batt ein raud tråd kring handi hans og sa: Denne kom fyrst. 29Men so drog han handi attende, og då kom bror hans fram. Då sa ho: Korleis er det du bryt deg fram! Og dei kalla han Peres.#38,29 Peres brot, rift. 30So kom bror hans, han som hadde den raude tråden kring handi. Honom kalla dei Serah.#38,30 Serah uppgang.

Currently Selected:

1. Mosebok 38: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in