YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 39

39
Josef tener hjå Potifar; Herren er med han, so Potifar set han yver heile sitt hus, 1-6. Kona hans vil lokke Josef til utukt, men fær ikkje yvertalt han; so ber ho range skuldingar på han for mannen sin, 7-18. Potifar set han i fangetårnet; men Herren er med han der og, 19-23.
1Josef vart førd ned til Egyptarland, og Potifar, ein egyptar, som var hirdmann hjå Farao og hovding yver livvakti, kjøpte han av ismaelitane, som hadde ført han dit.#1 Mos 37,28; Sal 105,17 2Men Herren var med Josef, so han vart ein mann som alt gjekk vel for. Han vart verande i huset hjå husbonden sin, egyptaren,#Apg 7,9 3og då husbonden hans såg at Herren var med han og let alt han gjorde, lukkast for han,#1 Mos 21,22 4so vart Josef både gjæv og gild i hans augo og fekk ganga han til handa; og han sette han til styra huset sitt, og alt han åtte, la han i hans hender. 5Og alt frå den tid han hadde sett han yver huset sitt og yver alt det han åtte, so velsigna Herren huset åt egyptaren for Josef skuld; det fylgde ei Herrens velsigning med alt det han åtte, både i hus og på mark.#1 Mos 30,27 6So let han Josef råda yver alt det han åtte, og såg ikkje etter med han i nokon ting, anna berre med den maten han sjølv åt. Josef var både velvaksen og ven. 7Og det hende då det leid um ei tid, at kona åt husbonden hans kasta augo på Josef og sa: Kom og ligg med meg! 8Men han bar seg undan og sa til kona åt husbonden sin: Sjå, husbonden min ser ikkje etter med meg i nokon ting i heile huset; alt han eig, hev han lagt i mine hender. 9Han hev ikkje meir å segja i dette huset enn eg, og hev ikkje meinka meg nokon ting utan deg, etter di du er kona hans. Korleis kunde eg då gjera so stygg ei gjerning, og synda mot Gud? 10Som ho tala til Josef dag etter dag, og han ikkje vilde lyda etter henne og liggja med henne eller vera i hop med henne, 11so hende det ein dag at han kom inn i huset og skulde gjera arbeidet sitt, og det var ingen av husets folk inne. 12Då greip ho han i kjolen og sa: Kom og ligg med meg! Men han rømde ut og let kjolen etter seg i hendene hennar. 13Då ho såg at han hadde rømt ut, og at kjolen hans var att i hendene hennar, 14so ropa ho på husfolket sitt og sa til dei: Sjå, her hev han drege innpå oss ein hebraisk mann som fer og vil gantast med oss. Han kom inn til meg og vilde liggja med meg. Då ropa eg so høgt eg kunde, 15og då han høyrde eg sette i og ropa, rømde han brått ut, og kjolen hans vart liggjande att hjå meg. 16So let ho kjolen hans liggja hjå seg til husbonden hans kom heim. 17Då sa ho det same til han: Den hebraiske tenaren, sa ho, som du hev drege inn i huset åt oss, kom inn til meg og tok til å gantast med meg. 18Men då eg sette i og ropa, brårømde han ut, og kjolen hans vart liggjande att hjå meg. 19Då no husbonden hans høyrde rødone åt kona si, korleis ho la ut og sa: So og so for tenaren din åt mot meg, so vart han brennande harm. 20Og husbonden hans Josef tok han og sette han i fangetårnet, der dei sat dei som kongen heldt fengsla, og han vart verande der i fangetårnet.#Sal 105,18 21Men Herren var med Josef og vende alle hjarto til han og laga det so at styresmannen i fangetårnet fekk godvilje for han.#Apg 7,9 22Og styresmannen i fangetårnet sette Josef til å sjå etter alle fangane som var i tårnet, og alt som der skulde gjerast, det laut han gjera. 23Styresmannen i fangetårnet såg ikkje etter nokon ting som Josef hadde under hendene. For Herren var med han; og kva han so gjorde, so la Herren lukka til.#Sal 1,3

Currently Selected:

1. Mosebok 39: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in