YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 37

37
Jakob held Josef kjærast av alle sønene sine, men brørne hans hatar han; Josef drøymer og fortel draumane til brørne sine, 2-11. Faren sender han til brørne; dei vil slå han i hel, men då nokre ismaelitar fer framum, sel dei han til dei, 12-28. Jakob syrgjer yver han og trur at eit udyr hev rive han i hel. Han vert seld til Potifar i Egyptarland, 29-36.
1Jakob vart buande i Kana'anslandet, der som far hans hadde halde til.#1 Mos 35,27; Hebr 11,9 2Dette er soga um Jakobs-ætti: Då Josef var syttan år gamal, gjætte han fenaden i lag med brørne sine; han var busvein hjå sønene til Bilha og Silpa, konone åt far hans, og alt det vonde som vart sagt um dei, gjekk Josef til far deira med. 3Men Israel heldt Josef kjærast av alle sønene sine, for han hadde fenge han på sine gamle dagar; og han hadde gjort ein sid ermekjole åt han. 4Og då brørne hans såg at far deira heldt meir av han enn av alle brørne hans, vart dei hatige på han og kunde ikkje tala eit godt ord til han.#Apg 7,9 5Ein gong hadde Josef ein draum, som han fortalde brørne sine, og då vart dei endå meir hatige på han. 6Han sa til dei: No skal de høyra kva eg hev drøymt! 7Eg tykte me var ute på åkeren og batt kornband. Best det var, reiste mitt kornband seg upp og stod, og dykkar kornband stod rundt ikring og bøygde seg for mitt. 8Då sa brørne hans til han: Skal du kann henda vera kongen vår og råda yver oss? Og sidan hata dei han endå meir for draumane og rødone hans. 9So hadde han ein draum att, og den fortalde han og brørne sine; han sa: Veit de kva eg no hev drøymt? Eg tykte soli og månen og elleve stjernor la seg å gruve for meg. 10Men då han sa det til far sin og brørne sine, skjemde far hans på han og sa til han: Kva er det no du hev drøymt att! Skulde eg og mor di og brørne dine koma og leggja oss å gruve for deg? 11Brørne hans var ovundsjuke på han, men far hans la seg dette på minne.#Luk 2,19.51 12So var det ein gong brørne hans var av og gjætte buskapen åt far sin i Sikem. 13Då sa Israel til Josef: Gjæter ikkje brørne dine burtmed Sikem? Kom, eg vil senda deg til dei. Og han svara: Ja, her er eg. 14Då sa Israel til han: Kjære deg, gakk av stad og sjå korleis det stend til med brørne dine og korleis det er med buskapen; og kom so heim att og seg meg det! Dermed so sende han Josef av stad frå Hebrondalen, og so kom han til Sikem. 15Medan han no vanka umkring i marki, møtte han ein mann, og mannen tala til han og spurde: Kva leitar du etter? 16Han svara: Eg leitar etter brørne mine. Kjære deg, seg meg kvar dei gjæter! 17Mannen sa: Dei hev teke ut herifrå; eg høyrde dei sa: No vil me til Dotan! So gjekk Josef etter brørne sine og fann dei i Dotan. 18Dei såg han langt burte, og fyrr han kom innåt dei, samråddest dei um å drepa han,#Matt 26,4 19og dei sa seg imillom: Sjå, der kjem denne stordrøymaren! 20Kom no og lat oss slå han i hel og kasta han ned i ein av desse brunnane her og so segja at eit udyr hev ete han upp! Då skal me sjå kva det vert av draumane hans.#Matt 21,38 21Då Ruben høyrde det, vilde han berga han ut or hendene deira og sa: Lat oss ikkje taka livet hans!#1 Mos 42,22 22Og Ruben sa til dei: Lat det ikkje renna blod! Kasta han ned i denne brunnen her i øydemarki, men legg ikkje hand på han! Dette sa han av di han vilde berga han ut or hendene deira og få han heim att til far hans. 23Då no Josef var komen innåt brørne sine, hadde dei av han kjolen hans, den side ermekjolen han gjekk i, 24og tok og kasta han ned i brunnen; men brunnen var tom; det var ikkje vatn i han.#Jer 38,6; Sak 9,11 25So sette dei seg ned og vilde få seg mat. Men då dei såg upp og skoda kring seg, vart dei var eit ferdafylgje; det var ismaelitar som kom frå Gilead og førde krydder og balsam og ladanum på kamelane sine; det var dei på veg til Egyptarland.#37,25 ladanum eit slag angande kvåda. 26Då sa Juda til brørne sine: Kva bate hev me av det at me slær bror vår i hel og dyl dråpet? 27Kom og lat oss selja han til ismaelitane og ikkje leggja hand på han; han er då bror vår, vårt eige kjøt og blod! Og brørne hans lydde han, 28og då kjøpmennene - dei var frå Midian - for framum, drog dei Josef upp or brunnen, og so selde dei Josef for tjuge sylvdalar til ismaelitane; og dei tok Josef med seg til Egyptarland.#1 Mos 39,1; Sal 105,17; Apg 7,9 29So kom Ruben attende til brunnen, men då han skulde sjå, var ikkje Josef i brunnen. Då reiv han sund klædi sine,#1 Mos 44,13; Jos 7,6; 1 Kong 21,27; Job 1,20; Jes 37,1 30og han gjekk attende til brørne sine og sa: Sveinen er der ikkje! Og eg, kvar skal eg no gjera av meg? 31So tok dei kjolen åt Josef og slakta ein bukk og duppa kjolen i blodet. 32Og dei sende ermekjolen heim til far sin og sa: Denne hev me funne. Sjå etter um det ikkje er kjolen åt son din! 33Og han kjende han att og sa: Jau, det er kjolen åt son min. Eit udyr hev ete han upp. Josef er ihelriven! 34Og Jakob reiv sund klædi sine og sveipte sekkety um mjødmane og syrgde yver son sin i lang, lang tid. 35Og alle sønene og døtterne hans kom og vilde trøysta han men han vilde ikkje lata seg trøysta; han sa: Med sorg og sut lyt eg fara ned til son min i nåheimen. Og faren hans gret yver han. 36Men midianitane selde han i Egyptarland, til Potifar, som var hirdmann hjå Farao og hovding yver livvakti.

Currently Selected:

1. Mosebok 37: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in