YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 36

36
Esau fer til Se'ir-fjelli med konone og borni sine og alt godset, 1-8. Etterkomarane åt Esau, og Edoms-jarlen, vert upprekna, 9-19, og like eins etterkomarane åt Se'ir, horiten, som budde i landet fyrr, 20-30. Kongane i Edom fram til Mose-tidi, og jarlane og deira bustader, vert upprekna, 31-43. Jakob bur i Kana'an, 37,1.
1Dette er ætti hans Esau, eller Edom:#1 Mos 25,30 2Esau tok seg konor av Kana'ans-døtterne: Ada, dotter åt Elon, hetiten, og Oholibama, dotter åt Ana, sonedotter åt Sibeon heviten, 3og Basmat, dotter åt Ismael, syster åt Nebajot. 4Og Esau fekk med Ada sonen Elifas, og med Basmat Re'uel; 5og med Oholibama fekk han sønene Je'us og Jalam og Korah. Dette var sønene hans Esau, som han fekk i Kana'anslandet. 6Og Esau tok konone sine, sønene og døtterne sine og heile huslyden sin og buskapen sin og alle kløvdyri sine og alt godset sitt som han hadde sanka i Kana'anslandet, og flutte burt frå Jakob, bror sin, og av til eit anna land. 7For dei åtte so mykje fe at dei kunde ikkje bu saman; landet som dei heldt til i, kunde ikkje føda dei, so stor var buskapen deira.#1 Mos 13,6 8So sette Esau seg ned i Se'irfjelli; Esau, det er den same som Edom.#Jos 24,4 9Og dette er ætti hans Esau, far åt Edom-folket i Se'irfjelli:#1 Krøn 1,35-42 10Dette er namni på sønene hans Esau: Elifas, son åt Ada, kona hans Esau, og Re'uel, son åt Basmat, kona hans Esau. 11Sønene hans Elifas var Teman og Omar og Sefo og Gatam og Kenas. 12Og Elifas, son hans Esau, hadde ei fylgjekone som heitte Timna. Med henne fekk han sonen Amalek. Det var sønene hennar Ada, kona hans Esau. 13Og dette var sønene hans Re'uel: Nahat og Serah, Samma og Missa. Dette var sønene åt Basmat, kona hans Esau. 14Og dette var sønene åt Oholibama, dotter hans Ana, sonedotter hans Sibeon, kona hans Esau: med henne fekk Esau sønene Je'us og Jalam og Korah.#1 Mos 36,2.5 15Dette var Jarlane åt Esau-folket: Sønene åt Elifas, eldste son hans Esau, var Teman-jarlen, Omar-jarlen, Sefo-jarlen, Kenas-jarlen, 16Korah-jarlen, Gatam-jarlen og Amalek-jarlen. Det er dei jarlane som var ætta frå Elifas i Edomlandet. Dette var sønene åt Ada. 17Og dette var sønene hans Re'uel, son åt Esau: Nahat-jarlen, Serah-jarlen, Samma-jarlen, Missa-jarlen. Det var dei jarlane som var ætta frå Re'uel i Edomlandet. Dette var sønene åt Basmat, kona hans Esau. 18Og dette var sønene åt Oholibama, kona hans Esau: Je'us-jarlen, Jalam-jarlen, Korah-jarlen. Det er dei jarlane som var ætta frå Oholibama Anasdotter, kona hans Esau. 19Dette var Esau-sønene, og dette var jarlane deira. Dette var Edom-folket. 20Dette er sønene åt Se'ir, horiten, dei som budde i landet: Lotan, og Sobal og Sibeon og Ana,#1 Krøn 1,38-42 21og Dison og Eser og Disan. Det er jarlane åt horitane, Se'ir-folket i Edomlandet. 22Og sønene hans Lotan var Hori og Heman, og syster hans Lotan var Timna. 23Og dette var sønene hans Sobal: Alvan og Manahat og Ebal, Sefo og Onam. 24Dette var sønene hans Sibeon: Aja og Ana. Ana var det som fann dei heite kjeldone i øydemarki, medan han gjætte asni åt Sibeon, far sin. 25Og dette var borni hans Ana: Dison og Oholibama Anasdotter. 26Og dette var sønene hans Dison: Hemdan og Esban og Jitran og Keran. 27Dette var sønene hans Eser: Bilhan og Sa'avan og Akan. 28Og dette var sønene hans Disan: Us og Aran. 29Dette var jarlane åt horitane: Lotan-jarlen, Sobal-jarlen, Sibeon-jarlen, Ana-jarlen, 30Dison-jarlen, Eser-jarlen, Disan-jarlen. Det var jarlane åt horitane, fylkeshovdingane deira i Se'irlandet. 31Og dette var dei kongane som rådde yver Edomlandet fyrr det rådde nokon konge yver Israels-borni:#1 Krøn 1,43-54 32Bela, son åt Beor, var konge i Edom, og byen han sat i heitte Dinhaba. 33Og Bela døydde, og Jobab, son åt Serah, frå Bosra vart konge staden hans. 34Og Jobab døydde, og Husam frå Temanitarlandet vart konge i staden hans. 35Og Husam døydde, og Hadad, son åt Bedad, vart konge i staden hans; han var det som vann yver midanitane på Moabmoen. Og byen hans heitte Avit. 36Og Hadad døydde, og Samla frå Masreka vart konge i staden hans. 37Og Samla døydde, og Saul frå Rehobot uppmed elvi vart konge i staden hans. 38Og Saul døydde, og Ba'al-Hanan, son åt Akbor, vart konge i staden hans. 39Og Ba'al-Hanan, son åt Akbor, døydde, og Hadar vart konge i staden hans, og hans by heitte Pa'u; og kona hans heitte Mehetabel, dotter åt Matred, som var dotter åt Mesahab. 40Og dette er jarlane av Esau-ætti etter sine ætter, etter sine bustader, med sine namn: Timna-jarlen, Alva-jarlen, Jetet-jarlen, 41Oholibama-jarlen, Ela-jarlen, Pinon-jarlen, 42Kenas-jarlen, Teman-jarlen, Mibsar-jarlen, 43Magdiel-jarlen, Iram-jarlen. Det var jarlane i Edom etter bustadene sine i det landet dei åtte. Dette var ætti hans Esau, far åt Edom-folket.

Currently Selected:

1. Mosebok 36: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in