YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 30

30
Konone hans Jakob vil at han skal gifta seg med Bilha og Silpa, trælkvinnone deira, og han gjer det; han fer tvo søner med kvar av dei, 1-13. Lea fær tvo søner til og ei dotter; umsider fær Rakel og ein son, 14-24. Jakob vil fara frå Laban, men Laban tel han yver til å halda fram i tenesta for ei fastset løn; Jakob vert rik, 25-43.
1Då Rakel såg at ho og Jakob ikkje fekk born, vart ho ovundsjuk på syster si og sa til Jakob: Lat meg få born! Elles so døyr eg! 2Då vart Jakob harm på Rakel og sa: Er eg i staden åt Gud, som hev meinka deg born? 3Då sa ho: Sjå her er Bilha, terna mi. Gakk inn til henne, so ho kann føda på fanget mitt og hjelpa meg og til born!#1 Mos 16,2#30,3 mitt d. e. få born som eg kann taka til meg som mine eigne. 4So gav ho han Bilha, terna si, til kona, og Jakob gjekk inn til henne. 5Bilha vart med barn og fekk ein son med Jakob. 6Då sa Rakel: Gud hev dømt i mi sak; han hev høyrt bøni mi og gjeve meg ein son. So kalla ho han Dan.#30,6 Dan domar. 7Og Bilha, terna hennar Rakel, vart med barn att og fekk ein son til med Jakob. 8Då sa Rakel: Guds stridar hev eg stridt med syster mi, og no hev eg vunne. So kalla ho han Naftali.#30,8 Naftali den eg hev vunne i strid. 9Då Lea såg at ho ikkje fekk fleire born, tok ho Silpa, terna si, og gav Jakob til kona. 10Og Silpa, terna hennar Lea, fekk ein son med Jakob. 11Då sa Lea: Til lukka! So kalla ho han Gad.#30,11 Gad lukka. 12Og Silpa, terna hennar Lea, fekk ein son til med Jakob. 13Då sa Lea: Å sæle meg! For alle kvinnor kjem til å sælka meg! So kalla ho han Aser.#Luk 1,48#30,13 Aser sæl. 14Ein dag i kveiteskurden gjekk Ruben av og fann rune-eple på marki og bar dei med heim til Lea, mor si. Då sa Rakel til Lea: Kjære vene, gjev meg nokre av dei rune-epli som son din hev funne!#30,14 rune-eple ein plante som dei meinte kunde vekkja elskhug og gjera barnkjømd. 15Men ho svara henne: Er det ikkje nok at du hev teke mannen min? Vil du no taka rune-epli åt son min og? Då sa Rakel: Det er det same, fær eg rune-epli åt son din, so kann mannen få sova hjå deg i natt. 16Um kvelden, då Jakob kom heim frå marki, gjekk Lea til møtes med han og sa: Det er hjå meg du skal vera i natt; eg hev tinga deg for rune-epli åt son min. So sov han hjå henne den natti. 17Og Gud høyrde Lea, og ho vart med barn og åtte den femte sonen.#1 Mos 29,32-35 18Då sa Lea: No hev Gud gjeve meg mi løn, for di eg let mannen få terna mi. So kalla ho han Issakar.#30,18 Issakar han kjem med løni. 19Og Lea vart med barn att og åtte den sette sonen. 20Då sa Lea: Gud hev gjeve meg ei god gåva. No kjem mannen min til å bu hjå meg, sidan han hev fenge seks søner med meg! So kalla ho han Sebulon.#30,20 Sebulon bumann. 21Sidan åtte ho ei dotter og kalla henne Dina. 22Då kom Gud i hug Rakel, og Gud høyrde bønene hennar og gjorde henne barnkjømd.#1 Sam 1,19 23So vart ho då umhender og åtte ein son. Då sa ho: Gud hev teke burt skammi mi. 24Og ho kalla han Josef; og sa: Gjev Herren vilde lata meg få ein son til!#30,24 Josef han legg attåt. 25Då no Rakel hadde fenge Josef, sa Jakob til Laban: Slepp meg or tenesta, so eg kann fara heim til mitt eige land! 26Lat meg få konone og borni mine, som eg hev tent for, so vil eg fara! For du veit sjølv kor lenge eg hev tent hjå deg.#1 Mos 31,38-41 27Då sa Laban til han: Hadde du berre nokon godvilje for meg! Eg hev fenge ei vitring um at det er for di skuld Herren hev velsigna meg.#1 Mos 39,5 28Set berre på kva du vil hava i løn, sa han, so skal eg gjeva deg det! 29Og Jakob sa til han: Du veit sjølv kor vel eg hev tent deg, og korleis bufeet ditt hev muna medan eg hev stelt det. 30For det var lite du hadde fyrr eg kom hit, og no hev det auka mengdevis, og Herren hev velsigna deg for kvart fet eg gjekk. Men når skal no eg få syta for mitt eige hus? 31Då sa Laban: Kva skal eg gjeva deg? Jakob svara: Du tarv ikkje gjeva meg noko. Vil du gjera som eg no segjer, so skal eg gjæta buskapen din og sjå etter han, som eg hev gjort. 32I dag vil eg ganga gjenom heile buskapen din og skilja ut alt som er droplut eller spreklut og alt som er svart i saueflokken, og alt som er spreklut eller droplut i geiteflokken, og det skal vera løni mi. 33Og ærlegdomen min skal svara for meg, når du heretter kjem og ser yver løni mi. Finst det hjå meg nokor geit som ikkje er droplut eller spreklut, eller nokon sau som ikkje er svart, so er dei stolne. 34Då svara Laban: Ja ja, lat det vera som du segjer! 35Og same dagen skilde han ut dei bukkane som var salute og spreklute, og alle dei geitene som var droplute og spreklute, alt som det var noko kvitt på, og alt som var svart i saueflokken, og let sønene sine taka vare på det. 36Og han la tri dagsleider millom seg og Jakob. Og Jakob laut gjæta det som att var av fenaden hans Laban. 37Men Jakob fann seg grøne stavar av poppel og hasl og løn og randa dei, so den kvite veden synte millom borkerendene. 38Og stavane som han hadde randa, sette han upp i trørne, i vasskupone, der småfeet kom og skulde drikka, midt for augo på småfeet; for det var jamt dei flaug når dei kom og skulde drikka. 39So para småfeet seg innmed stavane og fekk ungar som var salute og droplute og spreklute. 40Men lambi skilde Jakob ifrå og let småfeet venda augo mot det som var salut, og mot alt som var svart i buskapen hans Laban. Soleis fekk han seg flokkar for seg sjølv og slepte dei ikkje i hop med buskapen hans Laban. 41Og kvar gong det var triveleg småfe som flaug, so sette Jakob randestavane i trørne, midt for augo på dei, so dei skulde para seg innmed stavane. 42Men var det slikt som ikkje vilde trivast, so sette han ikkje stavane der. Soleis fekk Laban det feet som ikkje vilde trivast, og Jakob det som var triveleg. 43Og mannen vart rikare og rikare og fekk mykje bufe og gjentor og drenger og kamelar og asen.

Currently Selected:

1. Mosebok 30: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in