YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 29

29
Jakob kjem til Karan, møter Rakel, dotter åt Laban, på marki, og segjer kven han er, 1-12. Han gjev seg i tenesta hjå Laban; han tener for Rakel, men fær Lea; sidan fær han Rakel og til kona, 13-30. Han fær fire søner med Lea, 31-35.
1So tok Jakob i vegen att og gjekk til han kom til Austmannalandet. 2Og då han skoda ikring seg, fekk han sjå ein brunn på marki og tri saueflokkar som låg der innmed; for av den brunnen vatna dei buskapen. Men steinen som låg yver brunnen var stor. 3Og når alle flokkane var samla der, velte dei steinen av brunnen og vatna feet, og so la dei steinen på staden sin att, yver brunnen. 4Og Jakob spurde dei: Kvar er de frå, brørne mine? Då svara dei: Me er frå Karan. 5So spurde Jakob: Kjenner de Laban, son åt Nakor? Dei svara: Ja, me kjenner han.#1 Mos 24,29 6Jakob spurde: Lever han vel? Dei svara: Ja, det gjer han, og sjå der kjem Rakel, dotter hans, med sauene. 7Då sa han: Sjå soli stend endå høgt; det er ikkje tidi å sanka buskapen endå. Lat sauene få drikka og gakk av og gjæt att! 8Dei sa: Nei, det kann me ikkje fyrr alle buflokkane hev kome i hop, og steinen vert velta av brunnen; då vatnar me feet. 9Medan han stod og tala med dei, kom Rakel med buskapen åt far sin; for det var ho som gjætte. 10Og då Jakob såg Rakel, dotter åt Laban, morbror sin, og buskapen hans, so gjekk han innåt og velte steinen av brunnen og vatna feet åt Laban, morbror sin.#2 Mos 2,17 11Og Jakob kysste Rakel og gråten tok han. 12Og Jakob sa det med Rakel at han var skyld med far hennar, og at han var son åt Rebekka. Då sprang ho heim og sa det til far sin. 13Med same Laban fekk høyra um Jakob, systerson sin, sprang han imot han, og slo armane kring han og kysste han og bad han med seg heim. So fortalde han Laban alt det som hadde hendt. 14Og Laban sa til han: Ja menn er me same folket! So var han hjå han ein månads tid. 15Då sa Laban til Jakob: Skulde du tena hjå meg for inkje, for di um du er systerson min? Seg ifrå kva du vil hava i løn! 16No hadde Laban tvo døtter; den eldste heitte Lea, og den yngste heitte Rakel. 17Og Lea daudøygd, men Rakel var både velvaksi og ven. 18Og Jakob hadde huglagt Rakel; difor sa han: Eg skal tena hjå deg i sju år for Rakel, den yngste dotteri di. 19Laban svara: Det er betre eg gjev deg henne, enn at eg gjev henne til ein annan mann. Ver du hjå meg! 20So tente Jakob i sju år for Rakel, og dei åri tykte han var som nokre få dagar, av di han heldt so av henne.#Hos 12,13 21Sidan sa Jakob til Laban: Lat meg få kona mi! For tidi mi er ute, og eg vil taka henne heim til meg. 22Då bad Laban i hop alt folket der i grendi og gjorde eit gjestebod. 23Og um kvelden tok han Lea, dotter si, og leidde henne inn til han, og han sov med hjå henne. 24Laban let henne få Silpa, tenestgjenta si; ho skulde tena hjå Lea, dotter hans, no. 25Men um morgonen - sjå, då var det Lea! Då sa han til Laban: Kva er det du hev gjort mot meg? Var det ikkje for Rakel eg tente hjå deg? Kvi hev du svike meg? 26Laban svara: Me hev ikkje det for vis her i landet å gifta burt den som yngre er fyre den som er eldre. 27Ver no hjå denne til brudlaupsvika er ute, so skal me gjeva deg den andre og, er so at du vil tena hjå meg i sju år til.#Dom 14,12.17 28Og Jakob gjorde so og var hjå henne til brudlaupsdagane var ende. Då gav Laban han Rakel, dotter si, til kona. 29Og han let Rakel, dotter si, få Bilha, tenestgjenta si; no skulde ho tena hjå henne. 30Og Jakob tok Rakel og heim til seg, og han heldt meir av Rakel enn av Lea. Sidan tente han endå sju år til hjå Laban. 31Då Herren såg at Lea vart vanvyrd, let han henne få born; men Rakel fekk ingi. 32Og Lea vart med barn og åtte ein son og kalla han Ruben; for ho sa: Herren hev set kor vondt eg hev det; no kjem mannen min til å halda av meg.#29,32 Ruben sjå, ein son! 33Og ho vart med barn ein gong til og åtte ein son og sa: Herren hev høyrt at eg var vanvyrd; difor hev han gjeve meg denne og. So kalla ho han Simeon.#29,33 Simeon bønhøyring. 34Og ho vart med barn endå ein gong og åtte ein son og sa: No lyt fulla mannen min halda seg til meg, sidan han hev fenge tri søner med meg. Difor kalla dei han Levi.#29,34 Levi den som held seg til ein annan (fylgjesvein). 35Og ho vart med barn fjorde gongen og åtte ein son og sa: No vil eg lova Herren. Difor kalla ho han Juda. So fekk ho ikkje fleire born då.#29,35 Juda den som dei lovar Herren for; eigenleg: den som vert lova.

Currently Selected:

1. Mosebok 29: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in