YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 22

22
Gud segjer til Abraham at han skal ofra Isak på Moria-fjellet; Abraham er reidug til å lyda, 1-10. Herrens engel held han frå å fullføra verket, rosar lydnaden hans og tek uppatt dei lovnadene Gud hadde gjeve han; Abraham bur i Be'erseba, 11-19. Nakors-ætti vert upprekna, 20-24.
1Ei tid etter at dette hadde gjenge fyre seg, hende det at Gud vilde røyna Abraham. Og han sa til han: Abraham! Og Abraham svara: Ja, her er eg. 2Då sa han: Tak no son din, din einberningsson, han som du held so av, Isak, og far til Morialand; der skal du gjera eit brennoffer og ofra han på eit av fjelli, som eg skal segja deg. 3Morgonen etter reis Abraham tidleg upp og kløvja asnet sitt og tok med seg tvo av drengene sine og Isak, son sin. Og då han hadde kløyvt ved til brennofferet, gav han seg på veg og gjekk til den staden som Gud hadde sagt. 4Tridje dagen, då Abraham skoda kring seg, såg han staden han skulde til, langt burte. 5Då sa Abraham til drengene sine: Ver no de her hjå asnet! Eg og sveinen vil ganga dit burt og beda; og so kjem me hit til dykk att. 6So tok Abraham offerveden og la på Isak, son sin, og sjølv tok han elden og kniven i handi; og so gjekk dei tvo-eine. 7Då sa Isak til Abraham, far sin: Du far! sa han. Og han svara: Ja, barnet mitt! Isak sa: Sjå, her er elden og veden, men kvar er lambet som me skal ofra? 8Og Abraham svara: Gud ser seg nok sjølv ut eit offerlam, barnet mitt. Og so gjekk dei tvo-eine. 9Då dei so kom til den staden som Gud hadde sagt, då bygde Abraham eit altar og la veden til rettes. So batt han Isak, son sin, og la han på altaret ovanpå veden. 10Og Abraham rette ut handi og tok kniven og vilde ofra son sin.#Hebr 11,17; Jak 2,21 11Då ropa Herrens engel til han frå himmelen og sa: Abraham, Abraham! Og han svara: Ja, her er eg. 12Då sa han: Legg ikkje hand på sveinen og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du hev age for Gud, sidan du ikkje ein gong sparde din einberningsson for mi skuld.#Rom 8,32 13Då Abraham skoda kring seg, fekk han auga på ein ver, som hekk fast etter horni i kjørri attanfor han. So gjekk Abraham dit og tok veren og ofra han i staden for son sin. 14Og Abraham kalla den staden Herren ser. Difor segjer dei den dag i dag: På Herrens fjell skal han lata seg sjå. 15Og Herrens engel ropa endå ein gong frå himmelen til Abraham 16og sa: Ved meg sjølv sver eg, segjer Herren: For di du gjorde dette og ikkje ein gong sparde din einberningsson,#Luk 1,73; Hebr 6,13 17so skal eg storleg velsigna deg og auka ætti di endelaust, som stjernone på himmelen og sanden på havsens strand. Di ætt skal taka borgene frå sine fiendar,#1 Mos 12,2; 13,16; 15,5; 26,4; 28,14; 32,12; 24,60 18og i di ætt skal alle folk på jordi velsignast, for di du lydde etter ordi mine.#1 Mos 12,3 19So gjekk Abraham attende til drengene sine, og dei tok på heimvegen og fylgdest åt til Be'erseba. Og Abraham vart buande i Be'erseba. 20Ei tid etter at dette hadde hendt, kom det ein og sa til Abraham: Nakor, bror din, og Milka hev og fenge born:#1 Mos 11,29 21Us, som er eldst, og Bus, bror hans, og Kemuel, far til Aram, 22og Kesed og Haso og Pildas og Jidlaf og Betuel. 23Betuel var far åt Rebekka. Desse åtte sønene fekk Nakor, bror åt Abraham, med Milka.#1 Mos 24,15.24 24Og fylgjekona hans - ho heitte Re'uma - fekk og born; det var Tebah og Gaham og Tahas og Ma'aka.

Currently Selected:

1. Mosebok 22: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in