YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 21

21
Sara fær sonen Isak, 1-8. Ismael spottar han og vert jaga ut etter Guds bod, saman med mor si, 9-13. Dei vinglar ikring i øydemarki; guten kjem i stor naud, men vert berga og slær seg sidan ned i Paran-øydemarki, 14-21. Abraham og Abimelek gjer ei semje seg imillom i Be'erseba, 22-34.
1Og Herren såg til Sara som han hadde sagt, og Herren gjorde for Sara det som han hadde lova.#1 Mos 17,19; 18,10 2Sara vart med barn og fekk ein son med Abraham på hans gamle dagar, den tid som Gud hadde nemnt.#Hebr 11,11 3Abraham kalla son sin, den som Sara hadde fenge, Isak.#1 Mos 17,19 4Og Abraham umskar Isak, son sin, då han var åtte dagar gamal, som Gud hadde sagt han fyre.#1 Mos 17,10-12 5Abraham var hundrad år gamal, då Isak, son hans, kom til verdi. 6Då sa Sara: Gud hev laga det so eg lyt læ; og alle som høyrer det, kjem til å læ åt meg.#1 Mos 17,17; 18,12 7Kven skulde vel sagt det til Abraham at Sara skulde leggja eit barn til brjostet? sa ho, og so på hans gamle dagar hev eg fenge ein son! 8Og sveinen voks upp, og ho vande han av, og Abraham gjorde eit stort gjestebod den dagen Isak vart avvand. 9Og Sara såg at sonen som Hagar frå Egyptarland, han som ho hadde fenge med Abraham, gjønte.#Gal 4,29 10Då sa ho til Abraham: Du skal jaga den terna der og son hennar! For ikkje skal sonen åt denne terna erva i hop med min son, med Isak.#Gal 4,30 11Dei ordi gjorde Abraham hjarteleg ilt for sonen skuld. 12Men Gud sa til Abraham: Du skal ikkje hava hugilt for sveinen skuld eller terna skuld! Lyd du Sara i alt det ho segjer deg! For etter Isak skal ætti di heita.#1 Mos 17,21; Rom 9,7; Hebr 11,18 13Men sonen åt terna vil eg og gjera til eit folk, etter di han er din son.#1 Mos 16,10; 17,20; 25,16 14Morgonen etter reis Abraham tidleg upp og tok fram brød og ei hit med vatn; dette gav han Hagar og la det på herdane hennar; og han let henne få sveinen og bad henne fara. So gjekk ho sin veg og vingla umkring i Be'ersebaøydemarki.#1 Mos 21,31 15Og vatnet traut i hiti. Då la ho sveinen ned under ein runne, 16og sjølv gjekk ho eit stykke burt, som eit bogeskot på lag, og sette seg der. Ho tenkte: Eg kann ikkje sjå på at sveinen døyr; difor sette ho seg eit stykke ifrå, og ho brast i og gret. 17Men Gud høyrde sveinen øya seg, og Guds engel ropa frå himmelen til Hagar og sa til henne: Kva vantar deg, Hagar? Du tarv ikkje ottast! For Gud hev høyrt sveinen øya seg der han er. 18Reis deg, lyft sveinen upp og hald han fast i handi; for eg vil gjera han til eit stort folk. 19Og Gud opna augo hennar, so ho såg ein brunn; so gjekk ho dit og fyllte hiti med vatn og gav sveinen drikka. 20Og Gud var med sveinen, og han voks upp og budde i øydemarki, og då han tok til å mannast, vart han bogeskyttar. 21Han slo seg ned i Paranøydemarki, og mor hans fann ei kona åt han frå Egyptarland. 22I same tid hende det at Abimelek og Pikol, som var hovding yver heren hans, kom og sa til Abraham: Gud er med deg i alt det du gjer.#1 Mos 26,26-33 23So sver meg no her ved Gud at du ikkje vil fara med svik mot meg eller mot borni og etterkomarane mine! Liksom eg hev gjort vel imot deg, so skal du gjera vel imot meg og mot det landet du hev fenge tilhald i. 24Og Abraham sa: Ja, det skal eg sverja på. 25Og Abraham kjærde seg for Abimelek yver ein brunn som drengene hans Abimelek hadde rana til seg. 26Då sa Abimelek: Eg veit ikkje kven som hev gjort dette. Ikkje hev du sagt meg det, og eg hev ikkje eg høyrt det heller fyrr no i dag. 27So tok Abraham både sauer og naut og gav Abimelek, og dei gjorde ei semja seg imillom. 28Og Abraham sette sju gimberlamma av fenaden for seg sjølve. 29Då sa Abimelek til Abraham: Kva tyder det at du hev sett desse sju lambi for seg sjølve? 30Han svara: Desse sju lambi skal du hava av meg; det skal vera eit vitnemål for meg at eg hev grave denne brunnen. 31Difor kalla dei den staden Be'erseba. For der gjorde dei båe eiden.#21,31 Be'erseba d. e. Sverjingsbrunnen. 32So gjorde dei då ei semja i Be'erseba. Og Abimelek og Pikol, hovdingen yver heren hans, tok ut og for heim att til Filistarlandet. 33Og Abraham planta ei tamariska i Be'erseba, og der kalla han på Herren, ævordoms Gud. 34Og Abraham heldt lenge til i Filistarlandet.

Currently Selected:

1. Mosebok 21: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in