YouVersion Logo
Search Icon

2. Mosebok 6

6
Herren lovar at han vil halda den pakti han hev gjort med federne, og føra Israels-borni inn i Kana'ans-landet; folket høyrer ikkje på Moses for den harde trældomen skuld, 1-9. Herren segjer på nytt til Moses at han skal føra folket ut or Egyptarland; ættefederne i Rubens-, Simeons- og Levi-ætti høyrer Moses og Aron, 10-30.
1Då sa Herren til Moses: No skal du sjå kva eg vil gjera med Farao: Mi sterke hand skal nøyda han til å sleppa dei, og for den same sterke handi skuld skal han jamvel driva dei ut or landet sitt.#2 Mos 11,1; 12,33 2Og Gud tala endå meir til Moses og sa til han: Eg er Herren. 3Eg synte meg for Abraham og for Isak og for Jakob og nemnde meg Gud den allmektige, men dette namnet mitt, Herren, gjorde eg ikkje kunnigt for dei.#1 Mos 17,1; 35,11 4Og eg gjorde mi pakt med dei eg lova å gjeva dei Kana'anslandet, det landet dei heldt til i då dei ferdast på jordi.#1 Mos 17,8; 26,3; 35,12 5Og no hev eg høyrt korleis Israels-borni sukkar av di egyptarane held dei i trældom, og eg minnest pakti mi.#2 Mos 2,24 6Seg no til Israels-borni: Eg er Herren, eg vil taka av dykk dei tunge byrdene de ber for egyptarfolket, og løysa dykk or trældomen dei held dykk i, og fria dykk ut med fast arm og strenge domar;#2 Mos 6,3 7eg vil taka dykk til mitt folk og vera dykkar Gud, og de skal sanna at eg er Herren dykkar Gud, som tek av dykk dei tunge byrdene de ber for egyptarfolket. 8Og eg vil føra dykk til det landet som eg rette handi i veret på at eg vil gjeva Abraham og Isak og Jakob, og det vil eg gjeva dykk til eiga, eg er Herren.#Esek 20,5-6 9Og Moses sa det til Israels-borni, men dei høyrde ikkje på han, av di dei var modlause og laut træla so hardt. 10Då tala Herren til Moses og sa: 11Gakk fram for Farao, egyptarkongen, og seg til han at han skal lata Israels-borni fara ut or landet sitt! 12Og Moses svara og tok til ords, der han stod fram for augo åt Herren: Du ser Israels-borni vil ikkje høyra på meg; er det då ventande at Farao skulde lyda etter det eg segjer, eg som endå hev u-umskorne lippor!#2 Mos 4,10 13Soleis tala Herren til Moses og Aron og sende dei til Israels-borni og til Farao, egyptarkongen, med det bodet at dei skulde føra Israels-borni ut or Egyptarland. 14No skal de høyra kva ættefederne deira heitte: Sønene åt Ruben, eldste son åt Israel, det var Hanok og Pallu, Hesron og Karmi. Dette er Rubens-ættene.#1 Mos 46,9-27; 4 Mos 26,5-11; 1 Krøn 5,3 15Sønene åt Simeon var Jemuel og Jamin og Ohad og Jakin og Soar og Saul, som var son åt ei kvinna av Kana'ans-folket. Dette er Simeons-ættene.#1 Krøn 4,24 16So er namni på sønene åt Levi med ættgreinene deira: Gerson og Kahat og Merari. Og levedagane åt Levi vart hundrad og sju og tretti år.#4 Mos 3,17-39; 1 Krøn 6,1-30 17Sønene åt Gerson var Libni og Sime'i med ættgreinene deira:#1 Krøn 6,17 18Sønene åt Kahat var Amram og Jishar og Hebron og Ussiel. Og levedagane åt Kahat vart hundrad og tri og tretti år. 19Sønene åt Merari var Mahli og Musi. Dette er Levi-ættene etter ættetavla deira.#4 Mos 26,58; 1 Krøn 6,19 20Amram tok Jokebed, farsyster si, til kona, og dei fekk sønene Aron og Moses. Og levedagane åt Amram vart hundrad og sju og tretti år. 21Sønene åt Jishar var Korah og Nefeg og Sikri.#4 Mos 16,1 22Sønene åt Ussiel var Misael og Elsafan og Sitri.#3 Mos 10,4 23Aron tok Eliseba til kona; ho var dotter åt Amminadab og syster åt Nahson, dei fekk sønene Nadab og Abihu, Eleasar og Itamar.#4 Mos 3,1-4 24Sønene åt Korah var Assir og Elkana og Abiasaf. Dette er Korah-ættene.#1 Krøn 6,22-30 25Eleasar, son åt Aron, tok ei dotter åt Putiel til kona, og dei fekk sonen Pinehas. Dette var gamlefederne åt Levi-folket med ættgreinene deira.#4 Mos 25,7 26Desse mennene, Aron og Moses, var det Heren sa det til: Før Israels-borni ut or Egyptarland, fylking etter fylking! 27Dei var det som tala med Farao, kongen i Egyptarland, og sa dei skulde føra Israels-folket ut or Egyptarland, desse tvo mennene, Moses og Aron. 28Og det gjekk so til at den gongen Herren tala til Moses i Egyptarlandet, 29då sa Herren til Moses: Eg er Herren. Seg no til Farao, egyptarkongen, alt det eg segjer til deg! 30Og Moses svara, der han stod for Herrens augo: Du veit eg hev u-umskorne lippor; er det då ventande at Farao vil høyra på meg?#2 Mos 6,12

Currently Selected:

2. Mosebok 6: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in