YouVersion Logo
Search Icon

2. Mosebok 7

7
Gud tek upp att fyresegnene sine til Moses og Aron, 1-7. Staven åt Moses vert til ein orm so Farao ser på det, men trollkarane åt egyptarane gjer det same; Farao er strid i hugen; 8-13. Moses gjer vatn til blod, dei gjer det same, og Farao er like strid, 14-25.
1Då sa Herren til Moses: Sjå, eg hev laga det so at du vert som ein Gud for Farao, og Aron, bror din, skal vera profeten din.#2 Mos 4,15-17 2Du skal tala alt det eg segjer deg fyre, men Aron, bror din, skal orda det ut for Farao, so han let Israels-borni fara ut or landet sitt. 3Men eg vil herda hugen åt Farao, og sidan vil eg gjera mange teikn og under i Egyptarlandet.#2 Mos 14,4 4Farao kjem ikkje til å høyra på dykk, og då vil eg leggja mi hand på Egyptarland og føra herane mine, folket mitt eige, Israels-borni ut or Egyptarlandet med harde refsingar.#2 Mos 8,15.19 5Og egyptarane skal ljota sanna at eg er Herren, når eg rettar handi mi utyver Egyptarlandet og tek Israels-borni beint ifrå dei.#2 Mos 14,4.18 6Og Moses og Aron gjorde dette; som Herren hadde sagt dei fyre, so gjorde dei. 7Moses var åtti og Aron tri og åtti år gamal, då dei tala med Farao. 8Og Herren sa det til Moses og Aron: 9Når Farao talar til dykk og segjer: Lat meg få sjå eit under av dykk! då skal du segja til Aron: Tak staven din og kasta han ned framfor augo åt Farao, so skal han verta til ein stor orm. 10So gjekk Moses og Aron fram for Farao og gjorde som Herren hadde sagt: Aron kasta ned staven sin framfor augo åt Farao og tenarane hans, og staven vart til ein diger orm.#2 Mos 4,3 11Då sende Farao bod etter vismennene og trollkarane, runemeistrane som dei hadde i Egyptarland, og dei bruka trollkunstene sine og gjorde det same.#1 Mos 41,8; 2 Tim 3,8 12Dei kasta kvar sin stav, og dei vart til store ormar; men staven hans gløypte stavane deira. 13Og det gjekk som Herren hadde sagt: Farao var strid i hugen og vilde ikkje høyra på dei.#2 Mos 3,19 14Då sa Herren til Moses: Farao er trassig; han vil ikkje lata folket fara. 15Gakk til han i morgon tidleg - då kjem han ned åt elvi - og statt på elvebakken, so møter han deg, og staven som vart skapt um til ein orm skal du hava i handi. 16Og so skal du segja til han: Herren, Hebrearguden, hev sendt meg til deg og segjer: Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg i øydemarki! Men det hev ikkje du vilja lydt på endå.#2 Mos 5,1-14 17Og Herren segjer so: Dette skal du hava til merke på at eg er Herren: Sjå no slær eg i elvevatnet med denne staven som eg hev i handi mi, og so skal det verta til blod.#2 Mos 4,9 18Og fisken i elvi skal døy og ein illtev stiga frå elvi, so egyptarane ikkje er god til å drikka vatnet i henne. 19Sidan sa Herren til Moses: Seg til Aron: Tak staven og rett handi di ut yver Egyptarlands-vatni, yver elvane og veitene og tjørnene deira og yver kvar vassdam der er, so skal dei verta til blod, og blod skal det vera utyver Egyptarlandet, både i trekoppar og steinkjer. 20Og Moses og Aron gjorde som Heren hadde sagt; Aron lyfte staven og slo i elvevatnet so dei såg på det både Farao og tenarane hans, og alt vatnet i elvi vart blod.#Sal 78,44; 105,29 21Då døydde all fisken i elvi, og det stod ein ond tev av elvi, so egyptarane ikkje kunde drikka vatnet, og det var blod i heile Egyptarlandet. 22Men runemeistrane deira bruka trollkunstene sine og gjorde det same. Og det gjekk som Herren hadde sagt: Farao var stridhuga og høyrde ikkje på dei. 23Og Farao snudde seg og gjekk heim til huset sitt og brydde seg ikkje um dette heller. 24Men alle egyptarane grov kringum elvi etter drikkevatn; for dei kunde ikkje drikka elvevatnet. 25So leid det sju dagar etter Herren hadde gjort elvi til blod.

Currently Selected:

2. Mosebok 7: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in