2. Mosebok 26
26
Herren gjev fyresegner um tabernaklet, korleis dei skal byggja og innreida det, 1-37
1Tabernaklet skal du gjera av ti åklædevever av fint tvinna lingarn og blå og purpurraud og karmosinraud ull, og i dei skal du veva inn kjerubar i kunstvevnad.#2 Mos 36,8-19 2Kvar vev skal vera åtte og tjuge alner lang og fire alner breid; alle vevene skal halda same målet. 3Fem av vevene skal skøytast i hop til eitt teppe, og sameleis dei andre fem vevene. 4I jaren på den fyrste veven, ytst på det eine teppet, skal du gjera lykkjor av blå ull, og sameleis i jaren på den ytste veven i det andre teppet. 5Femti lykkjor skal du gjera på den eine veven, og femti lykkjor i jaren av den som høyrer til det andre teppet; lykkjone skal svara mot kvarandre. 6Og femti gullkrokar skal du gjera og hekta åklædeteppi i hop, so det vert eit hus av dei. 7So skal du veva ryor av geiteragg til tekkja yver tabernaklet; elleve sovorne ryor skal du veva. 8Kvar vev skal vera tretti alner lang og fire alner breid; alle dei elleve vevene skal halda same målet. 9Fem av ryevevene skal du skøyta i hop til eit teppe for seg, og dei hine seks til eit anna teppe, og den sette veven skal du bretta i hop på framsida av taket. 10I jaren på den fyrste veven, den som er ytst i det eine teppet, skal du gjera femti lykkjor, og i jaren på den andre skøytingsveven femti lykkjor. 11Og femti koparkrokar skal du gjera og hekta dei i lykkjone, og soleis skal du festa raggeteppi i hop, so det vert eitt tak av dei. 12Vil du vita kva du skal gjera med det som gjeng av på raggeteppi, so skal helvti av den veven som gjeng av, hanga ned på baksida av tabernaklet, 13og den eine alni på kvar led som raggeteppi er for lange, skal hengjast ned etter båe sideveggene til livd for tabernaklet. 14Yver raggeteppi skal du gjera eit tak av raudleta verskinn, og ovanpå det att eit tak av takasskinn. 15Plankane til tabernaklet skal du gjera av akasietre; dei skal reisast på ende. 16Kvar planke skal vera ti alner lang og halvonnor aln breid. 17På kvar planke skal det vera tvo tappar med ei tverrlist imillom. So skal du gjera med alle plankane til tabernaklet. 18Tjuge av dei plankane du gjer til tabernaklet, skal du reisa på solsida, mot sud. 19Og fyrti sylvstabbar skal du gjera og setja under dei tjugeplankane, tvo under kvar planke, til å festa båe tappane i. 20På den andre sida av tabernaklet, på nordsida, skal det og vera tjuge plankar 21med sine fyrti sylvstabbar, tvo under kvar planke. 22Til baksida av tabernaklet, mot vest, skal du gjera seks plankar, 23og til hyrno på den same sida tvo plankar; 24dei skal vera tviluta alt nedantil, og båe lutene skal halda fullt mål helt upp åt taket til den fyrste ringen; so skal dei vera gjera båe tvo; dei skal standa i kvar sitt hyrna. 25Soleis vert det åtte plankar med sylvstabbane sine, tvo under kvar planke. 26So skal du gjera tverrstenger av akasietre, fem til plankane på den eine sida av tabernaklet, 27og fem til plankane på den andre sida, og fem til plankane på baksida av tabernaklet, mot vest. 28Midtstongi, den som er midt på plankeveggen, skal ganga langs etter heile veggen, frå ende til ende. 29Plankane skal du klæda med gull, og ringane på dei, som tverrstengene skal smøygjast inn i, skal du gjera heiltupp av gull; tverrstengene skal du og gullklæda. 30Du lyt setja upp tabernaklet på rette gjerdi, soleis som det vart synt deg på fjellet.#2 Mos 25,9.40 31So skal du gjera eit forheng av blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn; kjerubar skal vera innvovne i kunstvevnad. 32Du skal hengja det upp på fire gullklædde akasiestolpar som det er gullhakar på, og som stend på fire sylvstabbar. 33Du skal hengja det upp under krokane, og innanfor forhenget skal du setja vitnemålskista; og forhenget skal for dykk vera ein skilvegg millom det heilage og det høgheilage romet.#2 Mos 26,6#26,33 krokane V. 6. 34So skal du setja nådestolen ovanpå vitnemålskista, der ho stend i det høgheilage romet.#2 Mos 25,21 35Bordet skal du setja utanfor forhenget, og ljosestaken midt imot bordet innmed den søre veggen i tabernaklet; bordet skal du setja innåt nordveggen. 36Til døri på tjeldet skal du gjera eit teppe av blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn. Det skal vera utsauma med rosor. 37Du skal gjera fem akasiestolpar til teppet, og dei skal du gullklæda; dei skal hava hakar av gull, og du skal støypa fem koparstabbar til dei.
Currently Selected:
2. Mosebok 26: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2