YouVersion Logo
Search Icon

2. Mosebok 25

25
Moses skal krevja ei reida av folket, 1-9; av den skal han gjera paktkista, 10-16, og nådestolen, 17-22, og skodebrød-bordet, 23-30, og ljosestaken, 31-39, alt etter eit bilete som Gud syner han, 40.
1Og Herren tala til Moses og sa: 2Seg til Israels-borni at dei skal koma med ei reida til meg! Kvar skal gjeva etter som han hev hjartelag til, og det dei gjev meg, skal de taka imot.#2 Mos 35,5-19 3Og reida som de skal taka imot av dei, det lyt vara gull og sylv og kopar 4og blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint lin og geiteragg 5og raudleta verskinn og takasskinn og akasietre,#25,5 takasskinn takas, truleg eit slag delfin. 6olje til ljosestaken, kryddor til salvingsoljen og den angande røykjelsen, 7onykssteinar og andre dyre steinar til å setja på messehakelen og bringeduken.#2 Mos 28,17-28 8Og dei skal gjera meg ein heilagdom, so vil eg bu imillom dei.#Hebr 9,2-5 9Både tabernaklet og alt som til det høyrer, skal de i alle måtar gjera etter det biletet eg vil syna deg.#2 Mos 25,40 10Dei skal gjera ei kiste av akasietre, halvtridje aln lang, halvonnor aln breid og halvonnor aln høg.#2 Mos 37,1-5 11Den skal du klæda med skirt gull, både innan og utan skal du gullklæda henne, og gjera ein gullkrans på henne rundt ikring. 12Du skal støypa fire gullringar og festa dei i dei fire føtene på kista, tvo på den eine sida og tvo på den andre. 13So skal du gjera stenger av akasietre og klæda dei med gull 14og smøygja dei inn i ringane på sidone av kista; dei skal vera til å bera henne etter. 15Stengene skal allstødt sitja i ringane på kista; dei må aldri takast utor. 16I den kista skal du leggja vitnemålet som eg vil gjeva deg.#2 Mos 16,34; 34,29; 40,20; Hebr 9,4#25,16 vitnemålet sjå 16,34. 17So skal du gjera ein nådestol av skirt gull, halvtridje aln lang og halvonnor aln breid.#3 Mos 16,14-16#25,17 nådestol loket på kista, som Herren trona uppyver, og som dei skvette sonofferblodet på den store forsoningsdagen. 18På båe endane av nådestolen skal vera tvo kjerubar; dei skal du gjera av drive gull. 19Den eine kjeruben skal vera ytst på den eine enden og den andre ytst på hin enden; i eitt med nådestolen skal de gjera kjerubane, ein på kvar ende. 20Kjerubane skal halda vengene utbreidde og upplyfte, so dei tekkjer yver nådestolen med vengene sine, og andleti deira skal snu imot einannan; dei skal vende augo mot nådestolen.#Hebr 9,5 21So skal du setja nådestolen ovanpå kista, og inni kista skal du leggja vitnemålet som eg vil gjeva deg.#1 Kong 8,9#25,21 vitnemålet V. 16. 22Og sidan vil eg møtast med deg der; frå romet yver nådestolen millom båe kjerubane som er på vitnemålskista, vil eg tala med deg kvar gong eg sender deg bod med Israels-borni.#4 Mos 7,89 23So skal du gjera eit bord av akasietre, tvo alner langt og ei aln breidt og halvonnor aln høgt. 24Du skal klæda det med skirt gull og gjera ein gullkrans på det rundt ikring. 25Rundt um det skal du gjera ei list so breid som ei hand, og på listi skal du setja ein gullkrans som gjeng heilt ikring. 26So skal du gjera fire gullringar, og dei skal du setja i dei fire hyrno på dei fire bordføtene. 27Tett uppmed listi skal ringane sitja; dei skal vera til å smøygja berestenger inn i. 28Stengene skal du gjera av akasietre og klæda dei med gull; dei er det bordet skal berast i. 29Sidan skal du gjera dei fati og skålene som høyrer til bordet, og kannone og bollane som de skal skjenkja drykkoffer av; alt dette skal du gjera av skirt gull. 30På bordet skal du allstødt leggja skodebrød for mi åsyn.#3 Mos 24,5-9 31So skal du gjera ein ljosestake av skirt gull; drive arbeid skal det vera både hoven og leggen. På staken skal det vera blomar, knuppar og utsprotne blad, og dei skal vera samgjorde med han. 32Seks armar skal greina seg ut ifrå han, tri på den eine sida og tri på den andre. 33På den eine armen skal det vera tri utsprotne mandelblomar med knupp og blad, og soleis på alle dei seks armane som greinar seg ut ifrå ljosestaken. 34På sjølve staken skal det vera fire utsprotne mandelblomar med knupp og blad: 35ein blomsterknupp under dei fyrste tvo armane, og ein under dei næste tvo armane, og ein under dei øvste tvo armane - ein knupp under kvart par av dei seks armane som greinar seg ut ifrå ljosestaken. 36Både blomsterknuppane og armane skal vera samsmidde med staken, alt skal vera eitt heilgjort arbeid av drive skirt gull. 37So skal du gjera lampone til ljosestaken, sju i talet, og dei skal setjast upp so ljoset fell frametter, på romet framanfor staken.#4 Mos 8,2 38Saksene og saksplatone som høyrer til, skal vera av skirt gull. 39Ein talent skirt gull skal de bruka til ljosestaken og alle desse gognene.#2 Mos 38,25-26#25,39 talent ikring 50 kilogram. 40Sjå no til at du fær gjort dette etter det biletet som vart synt deg på fjellet!#Apg 7,44; Hebr 8,5

Currently Selected:

2. Mosebok 25: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in