2. Mosebok 21
21
Gud gjev lover um tenestdrenger, 1-11, um dråpsmenner og um dei som syndar mot foreldri, som tek folk eller gjer eit menneske skade på lekamen, 12-27, um uksar som stangar, og um folk som grev ein brunn og ikkje tekkjer yver, 28-36.
1So er dei lovene du skal leggja fram for dei: 2Når du kjøper ein hebraisk tenestdreng, so skal han tena seks år; men i det sjuande skal han sleppa or tenesta for inkje og vera fri mann.#5 Mos 15,12; Jer 34,14 3Er han einsleg når han kjem, so skal han og fara sin veg einsleg; er han gift, so skal kona hans vera med han når han fer. 4Hev han fenge ei kona av husbonden sin og fær søner eller døtter med henne, so skal kona og borni høyra husbonden hennar til, og han skal fara sin veg einsleg. 5Men segjer tenaren so: Eg held av husbonden min og kona mi og borni mine; eg vil ikkje vera fri og fara min veg, 6då skal husbonden føra han fram for Gud, og leida han innåt døri eller dørskii, og husbonden skal stinga ein syl gjenom øyra hans; sidan skal han tena han all si tid.#2 Mos 18,15-16; 5 Mos 1,17; Sal 82,6; Joh 10,34#21,6 Gud d. e. dei domarane som Gud hev sett inn. 7Når ein mann sel dotter si åt tenestgjenta, so kann ikkje ho tena seg fri liksom drengene. 8Hev husbonden fest henne åt seg sjølv og so ikkje likar henne, skal han lata henne få kjøpa seg fri; han skal ikkje hava rett til å selja henne til utlendingar, fyrst han ikkje held det han lova henne. 9Men fester han henne åt son sin, so skal han unna henne same retten som døtter hev. 10Let han sonen få ei onnor attåt henne, so skal han ikkje lata den fyrste vanta kost, klæde eller hjåsvæve. 11Dersom han ikkje let henne få sin rett i desse tri stykki, so skal ho sleppa fri for inkje; ho skal ikkje leggja pengar. 12Den som slær ein mann so han døyr, han skal lata livet.#1 Mos 9,6; 3 Mos 24,17; 4 Mos 35,16-34; Matt 26,52 13Men hev han ikkje lege etter han, og hev Gud laga det so at hin laut falla for handi hans, so skal eg nemna deg ein fredstad som han kann røma til.#4 Mos 35,6; 5 Mos 4,41-49 14Når ein mann er so gudlaus at han drep næsten sin med svik, då skal du taka han um det so var frå altaret mitt: han skal døy.#1 Kong 2,29-35 15Den som slær far sin eller mor si, skal lata livet. 16Den som tek ein mann og sel han eller held han fanga, skal lata livet.#5 Mos 24,7 17Den som bannar far sin eller mor si, skal lata livet.#3 Mos 20,9; 5 Mos 27,16; Ordt 20,20; 30,17; Matt 15,4 18Når tvo trettar, og den eine slær den andre med ein stein eller med neven, og hin ikkje døyr, men vert sengeliggjande, 19og sidan kjem upp att og gjeng ute med stav, då skal den som slo, vera saklaus. Men han skal halda den andre skadelaus for den tidi han var ufør til arbeid, og kosta full lækjedom på han. 20Når ein mann slær drengen eller tenestgjenta si med ein stav so dei døyr under hendene hans, då skal det hemnast. 21Men lever dei ein dag eller tvo etterpå, so skal det ikkje hemnast; for dei er hans eigedom. 22Når folk er i hop og slæst, og dei støyter til ei fremmeleg kvinna, so ho fær ille, men ikkje elles fær noko mein, so skal den som gjorde det gjeva skadebot so mykje som mannen hennar legg på han, etter dei hev gjeve det under menner. 23Men er det nokon som fær mein, so skal du gjeva liv for liv, 24auga for auga, tonn for tonn, hand for hand, fot for fot, 25brent for brent, sår for sår, flengja for flengja.#3 Mos 24,19-20; 5 Mos 19,21; Matt 5,38-42 26Når ein mann slær drengen sin eller tenestgjenta si i auga og skamfer det, so skal han til bot for auga gjeva dei frie. 27Slær han ut ei tonn på dei, so skal han gjeva dei frie til bot for tonni. 28Dersom ein ukse stangar mann eller ei kvinna so dei døyr, då skal uksen steinast, og kjøtet må ikkje etast; men eigarmannen er saklaus. 29Men hev uksen fyrr vore olm, og eigaren er vara um det og endå ikkje aktar han, og han sidan drep mann eller kvinna, so skal uksen steinast, og eigaren skal og lata livet. 30Vil dei taka bøter, so skal han gjeva i løysepengar for livet sitt so mykje som dei legg på han. 31Stangar uksen svein eller møy, so skal dei fara fram etter same lovi då og. 32Stangar han dreng eller tenestgjenta, so skal eigaren bøta tretti sylvsekel til husbonden deira, og uksen skal steinast. 33Når ein mann let ein brunn standa open, eller grev ein brunn og ikkje tekkjer yver, og ukse eller asen dett ned i, 34då skal den som eig brunnen, gjera lika for det; han skal gjeva den som åtte dyret pengar att i staden, men den daude skrotten skal vera hans. 35Når uksen åt ein mann stangar i hel uksen åt ein annan, då skal eigarane selja den uksen som lever og byta pengane millom seg, og den daude uksen skal dei og byta. 36Men er det kunnigt at uksen var olm, og eigaren ikkje hev akta han, so skal han gjeva ein annan ukse i staden og sjølv hava den daude.
Currently Selected:
2. Mosebok 21: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2