2. Mosebok 22
22
Herren gjev lover mot stuld og mot å gjera skade på annan manns eigedom, um gods som er burtsett eller lånt eller leigt, 1-15, mot utukt og trolldom og avgudsdyrking og hjarteløysa, 16-27; dei må ikkje banna styremaktene; Gud skal hava fyrstegrøda og det som er frumbore; dei skal ikkje eta kjøt av ihelrivne dyr, 28-31.
1Når ein mann stel ein ukse eller ein sau og slaktar eller sel dei, då skal han gjeva fem uksar i staden for uksen og fire sauer for sauen.#2 Sam 12,6; Luk 19,8 2Vert tjuven teken medan han bryt seg inn, og slegen so han døyr, skal det ikkje reknast for manndråp. 3Men gjeng det fyre seg etter soli hev runne, so vert det ei dråpssak. Tjuven skal gjeva full bot. Eig han ingen ting, so skal han seljast til bot for det han hev stole. 4Vert tjuvgodset funne hjå han, anten det er ukse eller asen eller sau, og det endå er levande, so skal han bøta tvo for eitt. 5Når ein mann beiter bøen eller vingarden sin, og slepper feet sitt utyver so det kjem til å beita på annan manns bø, då skal han gjeva i bot det beste som veks på bøen eller i vingarden hans. 6Når det kjem upp lauseld og det fatar i eit klungergjerde, og eit kornband eller uskore korn eller heile åkeren brenn upp, då skal den bøta skaden som kveikte elden. 7Når ein mann gjev næsten sin pengar eller eigneluter til gøymings, og det vert stole utor huset det ligg i, då skal tjuven, so sant han vert funnen, tvibøta det. 8Men vert ikkje tjuven funnen, so skal dei leida huseigaren fram for Gud, so dei kann få vita um han ikkje hev rett ut handi si etter det som næsten hans åtte.#2 Mos 21,6#22,8 Gud sjå 21,6. 9Kvar gong det gjeld ei tjuvesak, anten det er ein ukse eller eit asen eller ein sau eller klæde eller eitkvart anna som er burtkome, og so ein segjer: Han er det! då skal saki millom dei tvo koma fram for Gud, og den som Gud dømer skuldig, skal bøta tvifald til den andre.#2 Mos 22,8#22,9 Gud sjå v. 8. 10Når ein mann set burt eit asen eller ein ukse eller ein sau eller noko anna dyr til næsten sin, og det døyr eller kjem til skade eller vert rana vitnelaust, 11då skal eiden skilja millom dei: han skal kalla Herren til vitne på at han ikkje hev rett ut handi etter det som næsten hans åtte; den eiden skal eigaren taka for god, og hin skal ingi bot leggja. 12Men vert det stole frå han, so skal han gjera eigaren like for det. 13Vert det ihelrive, so skal han syna det fram til prov; han skal ikkje gjera like for det som er ihelrive. 14Når ein mann låner fe av ein annan, og det kjem til skade eller døyr, og eigaren ikkje er med, skal han gjeva full bot; 15men er eigaren med, so skal han ikkje bøta. Er det leigt, so gjeng boti inn i leiga. 16Når ein lokkar ei møy som ikkje er trulova, og ligg hjå henne, då skal han gjeva festargåve for henne og taka henne til kona.#5 Mos 22,28-29 17Vil ikkje faren lata han få henne, so skal hin leggja so mange pengar som dei plar gjeva i festargåve for ei møy. 18Ei trollkjerring skal du ikkje lata leva.#3 Mos 19,31; 20,27 19Kvar den som blandar seg med fe, skal lata livet.#3 Mos 18,23; 5 Mos 27,21 20Den som ofrar til avgudane og ikkje til Herren åleine, han skal vera bannstøytt. 21Dei framande skal du ikkje plaga eller fara hardt med; for de var sjølve framande i Egyptarlandet.#2 Mos 23,9; 3 Mos 19,33-34; 5 Mos 10,18-19; 24,17.19-20 22Enkjor og farlause skal de aldri vera harde mot.#Jes 1,17; Sak 7,10 23Er du hard mot dei, og dei ropar til meg, so skal eg visst og sant høyra ropi deira, 24og harmen min skal loga upp, og eg skal drepa dykk med sverdet, so konone dykkar vert enkjor og borni dykkar farlause. 25Låner du nokon av folket mitt, den fatige grannen din, pengar, so skal du ikkje fara som ein okrar med han; de skal ikkje krevja renta av han.#3 Mos 25,35-37; 5 Mos 23,19-20; Sal 15,5 26Tek du kjolen åt næsten din i vissa, so lat han få han att fyre soleglad.#5 Mos 24,12-13 27For den er det einaste han hev til å sveipa kring seg; den er det han skal klæda lekamen sin med; kva skal han elles liggja i? Når han ropar til meg, skal eg høyra det; for eg er miskunnsam. 28Gud skal du ikkje hæda, og ein hovding i folket ditt skal du ikkje banna.#Fork 10,20; Apg 23,5; 2 Mos 21,6 29Du skal ikkje drygja med å gjeva meg av alt det som fyller løda di, og som dryp frå vinpersa di. Den frumborne sonen din skal du gjeva meg.#2 Mos 13,2 30Det same skal du gjera med storfeet og småfeet ditt; sju dagar skal frumsungen fylgja mor si; den åttande dagen skal du lata meg få han.#3 Mos 22,27 31Heilage menner skal de vera meg. De skal ikkje eta kjøt av dyr som de finn ihelrivne på marki; for hundane skal de kasta det.
Currently Selected:
2. Mosebok 22: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2