YouVersion Logo
Search Icon

2. Mosebok 2

2
Moses vart fødd, og mor hans legg han i røyrkiste innmed elvebarden, 1-4. Dotter åt Farao finn barnet og tek det til seg, 5-10. Moses ser kor vondt folket hans lid, slær i hel ein egyptar og lyt røma, kjem til Re'uel i Midiam, vert gift med Sippora, dotter hans, og fær ein son, 11-22. Gud hev auga med Israels-borni i naudi deira, 23-25
1So var det ein mann av Levi-ætti som gjekk og tok seg ei kona, og ho var og av Levi-ætti.#2 Mos 6,20; 4 Mos 26,59 2Og kvinna vart umhender og åtte ein son. Ho tykte det var so vent eit barn, og løynde han i tri månader;#Apg 7,20; Hebr 11,23 3då kunde ho ikkje få løynt han lenger. So fann ho ei røyrkista til han; den brædde ho med jordbek og tjøra, og so la ho sveinen upp i og sette kista attmed elvebarden; 4og syster hans stod eit stykke undan og skulde sjå korleis det gjekk med han.#2 Mos 15,20 5Då kom dotter åt Farao ned åt elvi og vilde lauga seg, medan møyane hennar gjekk att og fram på elvebakken. Ho gådde kista i sevet og sende terna si etter henne. 6So hadde ho upp loket og såg barnet; då sa ho: Nei sjå, ein liten svein som ligg og græt! Og ho tykte synd i han og sa: Det er eit av hebrearborni: 7Då sa syster hans til dotter åt Farao: Skal eg ganga og finna deg ei hebrearkona som gjev brjost, so ho kann fostra upp barnet for deg? 8Kongsdotteri svara: Gjer so! So gjekk gjenta og henta mor åt sveinen. 9Og kongsdotteri sa til henne: Tak denne sveinen og fostra han upp for meg! Eg skal løna deg for det. So tok kona sveinen og fostra han upp. 10Og då han vart stor, gjekk ho til kongsdotteri med han, og han vart som son hennar. Ho kalla han Moses; for - sa ho - or vatnet hev eg drege han upp.#Apg 7,21#2,10 Moses den som er dregen upp (or vatnet). 11So leid tidi fram til Moses var vaksen. Då var det ein gong han gjekk ut til brørne sine og såg korleis dei laut slita og slepa, og so fekk han sjå ein egyptar som slo ein hebrear, ein av brørne hans.#Apg 7,23-29; Hebr 11,24-25 12Då såg han vel ikring seg, men vart ikkje var nokon, og so slo han egyptaren i hel og grov han ned i sanden. 13Den andre dagen gjekk han ut att og såg tvo hebrearar som heldt på og slost. Då sa han til den som hadde skuldi: Kvi slær du landsmannen din? 14Han svara: Kven hev sett deg til hovding og domar yver oss? Tenkjer du på å drepa meg, som du drap egyptaren? Då vart Moses redd og sa med seg sjølv: Hev det alt kome upp?#Hebr 11,27 15Då Farao fekk spurt det, freista han å få drepe Moses. Men Moses rømde for Farao, og han slo seg ned i Midianslandet og budde attmed ein brunn. 16Presten i Midian hadde sju døtter; og dei kom og auste upp vatn og fyllte trørne og vilde brynna småfeet åt far sin. 17Men so kom det nokre hyrdingar og jaga dei ifrå. Då reis Moses upp og hjelpte dei og brynnte småfeet deira.#1 Mos 29,10 18Då dei kom heim att til Re'uel, far sin, sa han: Korleis hev det seg at de kjem so tidleg i dag?#4 Mos 10,29 19Dei svara: Ein egyptar kom og hjelpte oss mot hyrdingane; og so auste han upp vatn for oss og brynnte småfeet. 20Då sa han til døtterne sine: Kvar er han so? Kvi let de då mannen vera att ute? Bed han inn, so han kann få seg mat! 21Moses vart huga til å vera hjå mannen, og han let Moses få Sippora, dotter si, til kona.#2 Mos 18,2-3 22Ho åtte ein son, og Moses kalla han Gersom; for han sa: Eg hev fenge heimvist i framandt land.#2,22 Gersom framand der. 23Då ei lang tid var lidi, døydde kongen i Egyptarland. Men Israels-borni sukka for trældomen og let ille, og naudropi deira steig upp til Gud.#4 Mos 20,16 24Og Gud høyrde korleis dei sukka, og Gud mintest pakti si med Abraham og Isak og Jakob. 25Og Gud hadde auga med Israels-borni, og Gud kjendest ved dei.#Hebr 11,27

Currently Selected:

2. Mosebok 2: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in