YouVersion Logo
Search Icon

2. Mosebok 3

3
Herren syner seg for Moses i ein brennande klungerrunne og segjer at han er Gud åt federne, 1-6, og lovar å berga folket sitt; Moses skal føra det ut, og Herren vil vera med han, 7-12. Han segjer namnet sitt til Moses og lærer han kva han skal segja og gjera, 13-22.
1Moses gjette no småfeet åt Jetro, verfar sin, presten i Midian. So var det ein gong han dreiv småfeet burt um øyde, arki og kom til Gudsfjellet, til Horeb.#5 Mos 4,10.15; Mal 4,4#3,1 Horeb Horeb høyrde til Sinaifjelli. 2Der synte Herrens engel seg for han i ein eldsloge, som slo beint upp or ein klungerrunne; han såg at runnen stod i ljos loge, men klungeren brann ikkje upp.#Apg 7,30 3Då sa Moses: Eg vil ganga innåt og sjå dette store underet; kvifor klungeren ikkje brenn upp. 4Då Herren såg at han gjekk innåt og vilde sjå, so ropa Gud til han utor klungerrunnen: Moses, Moses. Og han svara: Ja, her er eg. 5Då sa han: Kom ikkje næmare! Hav av deg skorne! For staden du stend på, er heilag jord.#Apg 7,33 6Og han sa: Eg er far din's Gud, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. Då løynde Moses andletet sitt, for han torde ikkje sjå på Gud.#Matt 22,32; Mark 12,26; Luk 20,37; Apg 7,32; 1 Kong 19,13 7Og Herren sa: Eg hev set kor vondt folket mitt hev det i Egyptarland, og høyrt klageropi deira yver futane; eg veit kva dei lid.#Apg 7,34 8Og no hev eg stiga ned og vil fria dei ut frå egyptarane og føra dei upp frå dette landet til eit godt og vidt land, til eit land som fløymer med mjølk og honning, der som kana'anitane er og hetitane og amoritane og ferisitane og hevitane og jebusitane.#2 Mos 13,5; 1 Mos 15,18-21 9For no hev naudropet frå Israels-borni nått upp til meg, og eg hev og set korleis egyptarane trugar og plagar dei. 10Gakk no du til Farao med bod frå meg, og før folket mitt, Israels-borni, ut or Egyptarland!#Sal 105,26 11Då sa Moses til Gud: Er eg den mann at eg kann ganga til Farao, og kann eg føra Israels-borni ut or Egyptarland? 12Og han sa: Ja, for eg skal vera med deg! Og det skal du hava til merke på at det er eg som hev sendt deg: Når du hev ført folket ut or Egyptarland, so skal de halda gudstenesta på dette fjellet. 13Då sa Moses til Gud: Men når eg no kjem til Israels-borni og segjer til dei: Gud åt federne dykkar hev sendt meg til dykk, og dei so spør: Kva er namnet hans? - kva skal eg då svara dei? 14Og Gud sa til Moses: EG ER DEN EG ER! So skal du svara Israels-borni, sa han: Han som heiter Eg er, hev sendt meg til dykk.#Op 1,4.8 15Og endå sa Gud det til Moses: So skal du segja til Israels-borni: Herren, Gud åt federne dykkar, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud, hev sendt meg til dykk. Det skal vera namnet mitt i all æva, og so skal dei kalla meg ætt etter ætt.#2 Mos 3,14; Jes 42,8; Sal 135,13#3,15 Herren I grunnteksti Jahve, d. e. han er, v, 14. 16Gakk no du og samla i hop dei øvste i Israel og seg til dei: Herren, Gud åt federne dykkar, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud, hev synt seg for meg og sagt: Eg hev havt auga med dykk og veit korleis dei fer åt med dykk i Egyptarland.#1 Mos 50,24 17Og eg sa: Eg vil fria dykk ut or alt det vonde de lid i Egyptarland, og føra dykk til landet åt kana'anitane og hetitane og amoritane og ferisitane og hevitane og jebusitane, eit land som fløymer med mjølk og honning. 18Eg dei skal gjeva gaum etter ordi dine, og so skal du ganga fram for kongen i Egyptarland, du og dei øvste i Israel, og de skal segja til han: Herren hebrearguden, hev møtt oss! Gode, gjev oss lov til å fara tri dagsleider ut i øydemarki og ofra til Herren vår Gud!#2 Mos 5,3 19Men eg veit at kongen i Egyptarland ikkje gjev dykk lov til å fara, ikkje um han so fær kjenna ei sterk hand yver seg. 20So vil eg då lyfta handi mi og slå Egyptarland med alle underi mine, som eg vil gjera midt imillom dei, og då skal han sleppa dykk. 21Og eg vil gjera det so at egyptarane fær godvilje for dette folket, so de ikkje skal fara tomhendt når de fer;#1 Mos 15,14 22men kvar kona skal beda grannekona si eller den ho bur i hus med, um sylv og gull og helgeklæde, og det skal de lata sønene og døtterne dykkar hava på seg; det skal vera herfanget de tek av egyptarane.#2 Mos 11,2; 12,35-36; Sal 105,37

Currently Selected:

2. Mosebok 3: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in