YouVersion Logo
Search Icon

Efesarane 5

5
Paulus manar lesarane til å fylgja Gud og Kristus etter i kjærleik, 1.2, å leggja av dei heidne lastene og ferdast som born av ljoset, med di dei strider mot alt som høyrer myrket til, 3-21. Kva plikter mann og kona hev mot kvarandre; ekteskapet skal vera avbiletet av Kristi heilage sameining med kyrkjelyden, 22-33.
1Vert difor Guds etterfylgjarar som hans kjære born,#Matt 5,45.48; 1 Pet 1,15-16 2og ferdast i kjærleik, liksom Kristus elska dykk og gav seg sjølv for oss til ei gåva og eit offer, Gud til ein hugleg ange!#Joh 13,34; 15,12; Gal 2,20; Tit 2,14; Hebr 8,3; 9,14 3Men utukt og alle ureinskap og havesykje må ikkje ein gong verte nemnde millom dykk, so det sømer seg for heilage,#Gal 5,19; 1 Kor 6,15 4og skjemdarferd og dårleg svall og lauslyndt skjemt, som alt saman er usømeleg, men heller takksegjing!#Ef 4,29; 1 Tess 5,18 5For dette veit de og skynar at ingen horkar eller urein eller gjerug - som er ein avgudsdyrkar - hev arv i Kristi og Guds rike.#1 Kor 6,10; Gal 5,19-21; Kol 3,5 6Lat ingen dåra dykk med tome ord! for av slike ting kjem Guds vreide yver dei vantruande.#Jer 29,8; Matt 24,4 7Hav difor ingen ting saman med dei! 8For de var fordom myrker, men no er de ljos i Herren; ferdast som born av ljoset#1 Tess 5,4-5; Luk 16,8; Joh 12,36; Fil 2,15 9- for frukti av ljoset syner seg i all godleik og rettferd og sanning -#Gal 5,22 10so de prøver kva som er Herren til hugnad,#Rom 12,2 11og hav inkje samlag med dei fruktlause gjerningar av myrkret, men refs dei heller!#1 Kor 5,8.11; 2 Kor 6,14; Rom 13,12 12For det som løynleg vert gjort av dei, er det skamleg endå berre å tala um; 13men når det vert refst, vert det alt saman openberra av ljoset; for alt som vert openberra, er ljos.#Joh 3,20-21 14Difor segjer skrifti: Vakna, du som søv, og statt upp frå dei daude, og Kristus skal lysa for deg.#Jes 60,1; 1 Kor 15,34; Kol 3,1; Jes 9,2 15Sjå difor til korleis de kann ferdast varleg, ikkje som uvise, men som vise,#Rom 16,19 16so de kjøper den laglege tidi; for dagane er vonde!#Kol 4,5; Ef 6,13 17Ver difor ikkje uvituge, men skyna kva Herrens vilje er!#Rom 12,2 18Og fyll dykk ikkje av vin, som det er skamløysa i, men vert fyllte med Anden,#Ordt 20,1; 23,29-35; Gal 5,21; Apg 2,4 19so de talar til kvarandre med salmar og lovsongar og åndelege visor og syng og leikar i dykkar hjarto for Herren,#Kol 3,16 20og alltid takkar Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn,#Ef 5,4; 1 Tess 5,18 21og er kvarandre undergjevne i otte for Kristus!#1 Pet 5,5 22De konor, ver dykkar eigne menn undergjevne som Herren!#1 Mos 3,16; 1 Kor 14,34 23For mannen er hovudet for kona, liksom Kristus er hovudet for kyrkja, han som er frelsar for lekamen sin.#1 Kor 11,3; Ef 1,22-23; 4,15; 1 Joh 4,14 24Men liksom kyrkja er Kristus undergjevi, so skal og konone vera mennene sine undergjevne i alle ting.#Kol 3,18 25De menn, elska konone dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne,#Kol 3,19; 1 Pet 3,7; Gal 1,4 26so han kunde helga henne, med di han reinsa henne ved vassbadet i ordet,#Joh 17,17; 1 Joh 1,7; Tit 3,5 27so han sjølv kunde framstella kyrkja for seg i herlegdom, utan flekk eller rukka eller noko slikt, men so ho kunde vera heilag og ulastande.#Sal 45,14; Ef 1,4; Kol 1,22 28Soleis skyldar mennene å elska konone sine som sine eigne lekamar. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv; 29for aldri hev nokon hata sitt eige kjøt, men han føder og fjelgar det, liksom Kristus gjer med kyrkja;#Ef 4,16 30for me er lemer på hans lekam.#1 Kor 6,15; 12,27 31Difor skal mannen skiljast med far og mor og halda seg hjå kona si, og dei tvo skal vera eitt kjøt.#1 Mos 2,24; Matt 19,5 32Denne løyndommen er stor - men eg tenkjer på Kristus og kyrkja. 33Men de og skal elska, kvar si kona som seg sjølv, og kona skal hava age for mannen.#Ef 5,28; 1 Mos 3,16

Currently Selected:

Efesarane 5: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in