Kolossarane 1
1
Paulus helsar kyrkjelyden i Kolossæ, 1.2, takkar Gud for deira liv i tru og kjærleik og for dei fruktene evangeliet ber hjå dei, 3-8, og bed at kyrkjelyden må veksa og ganga fram i sitt liv i Gud, 9-14. Han vitnar um kven Kristus er, og um hans høve til Gud, til skapningen og til kyrkjelyden, 15-23. Paulus talar um tenesta si, at han hev fenge det kallet av Gud å kunngjera evangeliet um Kristus for heidningane, eit kall som han og arbeider i under mykje liding og strid, 24-29.
1Paulus, Kristi Jesu apostel ved Guds vilje, og broderen Timoteus#2 Kor 1,1 2- til dei heilage og truande brør i Kristus i Kolossæ: Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Fader!#Rom 1,7; 1 Kor 1,3 3Me takkar alltid Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader når me bed for dykk,#Fil 1,3-4 4sidan me høyrde um dykkar tru på Kristus Jesus og den kjærleik de hev til alle dei heilage,#Filem 1,5 5for den voni skuld som er gøymd åt dykk i himmelen, den som de fyrr hev høyrt um gjenom sannings-ordet i evangeliet,#1 Pet 1,4; Ef 1,13 6som er kome til dykk, liksom det er i heile verdi og ber frukt og veks som hjå dykk, frå den dag då de høyrde det og lærde å kjenna Guds nåde i sanning,#Kol 1,23; Rom 10,18; Mark 4,8; Apg 6,7; 12,24 7so som de hev lært av Epafras, vår kjære medtenar, som er ein tru Kristi tenar for dykk,#Kol 4,12 8som og hev fortalt oss um dykkar kjærleik i Anden. 9Difor held me frå den dag me høyrde det, ikkje heller upp med å gjera bøn for dykk og beda um at de må verta fyllte med kunnskap um hans vilje i all åndeleg visdom og skynsemd,#Fil 1,9-10 10so de kann ferdast verdigt for Herren til all hugnad, so de ber frukt og veks i all god gjerning ved kunnskapen um Gud,#Ef 4,1; 1 Tess 2,12; Joh 15,16; Fil 1,11; 2 Pet 3,18 11so de vert styrkte med all styrke etter hans herlegdoms kraft til alt tolmod og langmod,#1 Kor 16,13; Ef 1,19; 3,16; 4,2 12so de med gleda takkar Faderen, som gjorde oss duglege til å få arvlut med dei heilage i ljoset,#Apg 26,18 13han som fria oss ut frå myrkers makt og sette oss yver i sin kjære Sons rike.#Ef 2,2; 6,12; Hebr 2,14; Matt 3,17; 2 Pet 1,17 14I han hev me utløysingi, forlating for syndene.#Ef 1,7 15Og han er eit bilete av Gud den usynlege, den fyrstefødde framfor all skapning;#Fil 2,6; Hebr 1,3 16for i han er alle ting skapte, dei i himmelen og dei på jordi, det synlege og det usynlege, anten det so er kongssæte eller herredøme eller makter eller yverråder; alt saman er det skapt ved han og til han,#Sal 33,6; Joh 1,3; Hebr 1,2; Rom 8,38; Ef 1,21; Rom 11,36 17og han er fyrr enn alle ting, og alle ting stend ved lag ved han.#Ordt 8,25 18Og han er hovudet for lekamen, som er kyrkja, han som er upphavet, den fyrstefødde av dei daude, so han i alle måtar skulde vera den fremste;#Ef 1,22; 1 Kor 15,20 19for det var Guds vilje at heile hans fylla skulde bu i han,#Kol 2,9 20og ved han å forlika alle ting med seg, med di han gjorde fred med blodet på krossen hans - ved han, anten det so er dei på jordi eller dei i himmelen.#Rom 5,10; 2 Kor 5,18-19; Ef 1,10; 2,16; Apg 10,36 21Ogso dykk, som fordom var framande og fiendar ved dykkar huglag, i dei vonde gjerningane,#Ef 2,12; Rom 8,7 22dykk hev han no forlikt i hans jordiske lekam ved dauden, for å stella dykk fram for si åsyn heilage og ulastande og uklandrande,#Ef 2,15; 1 Pet 3,18; Luk 1,75; Ef 1,4 23so framt de vert verande i trui, grunnfeste og trauste, og ikkje let dykk rikka frå den voni evangeliet gjev, det som de hev høyrt, som er forkynt for kvar skapning under himmelen, og som eg, Paulus, vart tenar for.#1 Kor 15,58 24No gleder eg meg yver mine lidingar for dykk og utfyller i mitt kjøt det som endå vantar i Kristi trengslor, for hans lekam, som er kyrkja,#2 Kor 7,4; 1,6; 2 Tim 1,12; 1 Kor 12,27; Ef 1,23 25som eg vart tenar for etter det Guds hushald som er meg gjeve millom dykk, det vil segja å fullføra Guds ord,#Ef 3,2.7 26den løyndomen som var duld frå alle tider og ætter vart til, men no er openberra for hans heilage,#Ef 1,9; 3,9; Rom 16,25-26; 2 Tim 1,10; Tit 1,3 27som Gud vilde kunngjera kor rik på herlegdom denne løyndomen er millom heidningane, det er Kristus millom dykk, voni um herlegdom.#Rom 9,23; 16,26; Joh 17,22 28Og han forkynner me, med di me påminner kvart menneske og lærer kvart menneske med all visdom, so me kann stella kvart menneske fram fullkomne i Kristus.#Joh 1,7; 2 Kor 11,2; Ef 4,13; Matt 5,48 29For dette arbeider eg og, med di eg strider med hans kraft, som verkar i meg med styrke.#1 Kor 15,10; 2 Tim 4,7; Fil 3,21; Apg 1,8
Currently Selected:
Kolossarane 1: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2