Apostelgjerningane 19
19
Paulus kjem til Efesus; der vert han verande i yver tvo år, lærer jødar og heidningar og gjer store teikn, so mange vert umvende, 1-20. Han vil fara lenger og sender bod i fyrevegen, 21.22. Det vert eit stort uppstyr i Efesus mot Paulus og evangeliet, 23-40.
1Medan Apollos var i Korint, bar det so til at Paulus kom til Efesus, etter han hadde fare gjenom upplandsbygdene.#Apg 18,24-28 2Der møtte han nokre læresveinar og spurde dei: Fekk de den Heilage Ande då de kom til trui? Nei, svara dei, me hev ikkje ein gong høyrt um den Heilage Ande er komen.#Joh 7,39 3Kva dåp vart de då døypte med? spurde han. Med Johannes-dåpen, svara dei.#Apg 18,25 4Då sa Paulus: Dåpen åt Johannes var ein umvendings-dåp, og medan han døypte, sa han til folket at dei skulde tru på den som kom etter han - det er: på Jesus.#Matt 3,11; Apg 1,5; 11,16 5Då dei høyrde det, let dei seg døypa til Herren Jesu namn, 6og då Paulus la hendene på dei, kom den Heilage Ande yver dei, og dei tala med tungor og som profetar.#Apg 10,44.46 7Det var um lag tolv mann i alt. 8Sidan gjekk han inn i synagoga, og i tri månader tala han der djervt og hugheilt um det som høyrer til Guds rike, rødde med dei og freista å yvertyda dei.#Apg 18,26 9Men det var nokre som gjorde seg stride og ikkje vilde tru, og lasta Guds veg so heile lyden høyrde på; so braut han lag med dei og fekk læresveinane til å halda seg burte frå dei, og rødde sidan dagleg i læresalen åt Tyrannus. 10Det vara tvo år, so alle som budde i Asia, både jødar og grekarar, fekk høyra Herrens ord. 11Og Gud gav Paulus kraft til å gjera ovstore underverk,#Mark 16,20; Apg 14,3 12so folk jamvel tok sveitedukar eller fyreklæde som han hadde havt på seg, og bar til dei sjuke, og sjukdomen slepte dei, og dei vonde åndene for ut.#Apg 5,15 13Nokre farande jødiske åndemanarar tok seg og fyre å nemna namnet åt Herren Jesus yver dei som hadde vonde ånder i seg, og sa: Eg manar dykk ved den Jesus som Paulus ber bod um. 14Det var sju søner åt Skevas, ein jødisk øvsteprest, som gjorde det. 15Men den vonde åndi svara dei so: Jesus kjenner eg, og Paulus veit eg um, men kva er de for folk? 16Og mannen som den vonde åndi var i, flaug på dei, vann på dei båe tvo og skamfor dei, so dei nakne og såra laut røma ut or huset. 17Dette var kunnigt for alle som budde i Efesus, både jødar og grekarar; det fall ein otte på dei alle, og Herren Jesu namn vart prisa. 18Mange av dei truande kom og skrifta og fortalde kva dei hadde gjort; 19og ein stor flokk av dei som hadde fare med trollkunster, bar bøkene sine i haug og brende dei upp for alle manns augo; dei rekna i hop prisen på bøkene, og fann ut at dei var verde femti tusund sylvpeningar. 20Soleis hadde Herrens ord sterk framgang og vann stor makt.#Jes 55,11; Apg 6,7; 12,24 21Då alt dette var fullført, sette Paulus seg fyre at han vilde draga gjenom Makedonia og Akaia og so fara til Jerusalem; han sa: Når eg hev vore der, lyt eg vitja Rom og.#Rom 15,23.25 22So sende han tvo av hjelpesmennene sine, Timoteus og Erastus, av stad til Makedonia, men sjølv drygde han enno ei tid i Asia.#1 Kor 4,17; 16,10; Rom 16,23 23Ved det leite vart det eit stort uppstyr for skuld Guds veg. 24Med det hadde det seg so: Ein sylvsmed som heitte Demetrius, for med å laga små Diana-tempel av sylv, og hjelpte soleis kunstnarane til munaleg vinning. 25Ein dag kalla han dei saman, både dei og arbeidsmennene som stelte med dette, og sa til dei: Godt folk, de veit at det er dette arbeidet me hev vår gode utkoma frå; 26men no ser de og høyrer korleis denne Paulus med sine fyreteljingar hev dåra ein stor hop, og det ikkje berre her i Efesus, men godt som i heile Asia - han segjer at gudar som er gjorde med hender, ikkje er gudar.#Sal 115,4; Jer 10,3-16 27Og det er ikkje berre det det stend um, at yrket vårt kann koma i vanvyrdnad, men sjølve heilagdomen åt Diana, den store gudinna, kunde verta rekna for inkje, og ho som heile Asia, ja heile verdi dyrkar, kunde koma til å missa sitt velde. 28Då dei høyrde det, vart dei harme og ropa: Stor er Diana, efesar-gudinna! 29Uroi breidde seg yver heile byen; dei storma alle som ein av stad til teatret og reiv med seg Gajus og Aristarkus, tvo makedonarar som hadde fylgt Paulus på ferdi. 30Paulus vilde ganga inn til folket, men læresveinane gav honom ikkje lov. 31Nokre av asiarkane, som var godvener med han, sende og bod til han og bad at han ikkje måtte våga seg inn i teatret. 32Der ropa dei no kvar på sitt; for heile folkemøtet var i ei røra, og dei fleste visste ikkje kva dei var komne i hop for. 33Sume i flokken sette då ein som heitte Aleksander, inn i saki; det var jødane som skuva han fram. Han vitta med handi og vilde halda ein verjetale til folket. 34Men då dei fekk vita at han var ein jøde, sette dei alle med ein gong i å ropa: Stor er Diana, efesar-gudinna! og det heldt dei på med i tvo timar på lag. 35Men byskrivaren fekk stagga hopen, og sa: Efesiske menn, finst det vel noko menneske som ikkje veit at efesarbyen er sett til å taka vare på templet åt den store Diana og biletet hennar, det som hev falle ned frå himmelen? 36Når no det ikkje vert motsagt, skulde de halda dykk rolege og ikkje fara for brått fram. 37Men no hev de drege hit desse mennene, som korkje er tempelranarar eller spottar gudinna dykkar. 38Hev Demetrius og dei kunstnarane som er i lag med han, noko klagemål mot nokon, so hev me då rettarting, og her er fylkeshovdingar; so kann dei kalla kvarandre for retten. 39Men er det noko anna de krev, skal det verta avgjort på det lovlege ålmanntinget. 40Etter det som hev hendt her i dag, kunde me gjerne verta klaga for upprør; for me hev ingen ting å bera fyre i fall me skal svara for dette upplaupet. 41Med so sagt løyste han upp møtet.
Currently Selected:
Apostelgjerningane 19: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2