Apostelgjerningane 20
20
Paulus tek ut frå Efesus og dreg til Makedonia og Grekarland, so til Makedonia att, og derifrå til Asia; på vegen vekkjer han i Troas Eutykus upp frå dei daude, 1-12. Han kjem til Milet; der segjer han farvel til dei eldste frå Efesus, 13-38.
1Då ståket hadde stilna, sende Paulus bod etter læresveinane og talde for dei; so bad han farvel og tok ut; for no vilde han draga til Makedonia.#1 Kor 16,5 2Som han då hadde fare gjenom dei bygdene og gjeve brørne mange påminningar, kom han til Grekland. 3Der vart han verande tri månader; men då han skulde til å sigla av stad til Syria, la jødane meinråder mot han; so tok han den rådi å fara attende gjenom Makedonia.#1 Kor 16,6 4Med han fylgde til Asia Sopater Pyrrusson frå Berøa, og Aristarkus og Sekundus, som båe åtte heime i Tessalonika, og Gajus frå Derbe og Timoteus, og tvo Asia-menn som heitte Tykikus og Trofimus.#Apg 17,10; 19,29; Ef 6,21; Apg 21,29 5Dei for fyre og venta på oss i Troas,#Apg 16,8 6og me siglde ut frå Filippi då usyrdebrøds-dagane var ende, og møttest fem dagar etter med dei i Troas; der drygde me sju dagar. 7Fyrste dagen i vika var me saman og skulde brjota brødet; Paulus rødde mykje med dei - for dagen etter skulde han fara burt - og han tøygde ut talen til midt på natti.#Apg 2,42.46 8Det var mange lampor i salen der me var samla. 9Ein ung mann som heitte Eutykus, sat i vindauga; då Paulus rødde so lenge, fall han i ein djup svevn, og i svevnen stupte han utfyre og datt ned frå tridje høgdi. Dei tok han upp livlaus; 10men Paulus gjekk ned og kasta seg yver han og tok ikring han og sa: Ståka ikkje! sjeli hans er i han.#1 Kong 17,21; 2 Kong 4,34 11So gjekk han upp att og braut brødet og åt av det, og tala med dei lenge, alt til det ljosna; då tok han ut. 12Guten leidde dei burt levande, og var storleg trøysta. 13Medan hadde me gjenge um bord i skipet og siglde til Assus; der skulde me taka Paulus um bord, for so hadde han sagt til oss; sjølv vilde han fara landleides. 14Då han no møtte oss i Assus, tok me han um bord, og for so til Mitylene. 15Derifrå siglde me lenger og var dagen etter beint utfor Kios; andre dagen for me burtåt Samos, låg yver i Trogillium, og nådde næste dagen Milet. 16For Paulus hadde sett seg fyre å sigla framum Efesus, so han ikkje skulde koma til å drygja for lenge i Asia; for han hasta og vilde nå fram til Jerusalem til kvitsunndagen, um det var mogeleg for han. 17Frå Milet sende han bod til Efesus og kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden, 18og då dei kom, sa han til dei: De veit korleis eg levde all den tid eg var hjå dykk, frå fyrste dagen eg sette foten i Asia,#Apg 19,10 19at eg tente Herren smålåten og hugmjuk, med gråt og i prøvingar som meinrådene åt jødane volde meg. 20De veit at eg ikkje tagde med noko av det som kunde gagna dykk, men bar det fram for dykk og lærde dykk det både ute bland folket og heime i husi, 21alt medan eg vitna både for jødar og grekarar um umvendingi til Gud og trui på vår Herre Jesus Kristus.#Mark 1,15; Luk 24,47 22Og no fer eg bunden av Anden til Jerusalem, og veit ikkje kva som skal møta meg der, 23anna enn at den Heilage Ande i by etter by vitnar for meg at det ventar meg lekkjor og liding.#Apg 21,4.11.33 24Men ikkje ein grand vyrder eg livet mitt for min eigen part, kann eg berre få fullføra laupet mitt og det kallet eg fekk av Herren Jesus: å vitna um evangeliet um Guds nåde.#Apg 21,13; Gal 1,1; Tit 1,3 25Sjå, no veit eg at de aldri meir skal sjå åsyni mi, alle de som eg fyrr gjekk ikring ibland og bar bod um Guds rike. 26Difor vitnar eg for dykk i dag at eg ikkje ber skuldi for nokon manns blod;#Apg 18,6 27for eg tagde ikkje med noko, men la fram for dykk heile Guds råd. 28Tak då vare på dykk sjølve og på heile hjordi som den Heilage Ande sette dykk til tilsynsmenn i, so de skulde gjæta Guds kyrkjelyd, den som han vann seg med sitt eige blod!#1 Tim 4,16; 1 Pet 5,2; 1 Tim 3,1-2; Ef 1,7; Op 5,9 29Eg veit at etter mi heimferd vil det koma inn ibland dykk vonde vargar, som ikkje sparer hjordi;#Matt 7,15; 2 Pet 2,1 30millom dykk sjølve skal det og standa fram menn som fer med range lærdomar og vil lokka læresveinane etter seg.#1 Joh 2,19 31So vak då, og kom i hug at eg i tri år natt og dag alt i eitt med tåror talde for kvar einaste ein!#Apg 19,8-10 32Og no gjev eg dykk yver til Gud og hans nådeord, han som hev makt til å uppbyggja dykk og gjeva dykk arv millom alle dei som er helga.#Ef 1,18 33Eg hev aldri trått etter sylv eller gull eller klæde frå noko menneske.#1 Kor 9,12; 2 Kor 11,9; 12,13 34De veit sjølve at desse hendene mine sytte for det eg trong, og for dei som var med meg.#Apg 18,3 35I alle måtar synte eg dykk at soleis lyt me med arbeidet vårt vera til hjelp for dei veike og minnast Herren Jesu ord; for han hev sjølv sagt: Det er sælare å gjeva enn å få.#1 Tess 2,9; 2 Tess 3,8 36Då han det hadde sagt, la han seg på kne og bad saman med heile flokken.#Apg 21,5 37Då brast dei alle i sterk gråt, og dei tok Paulus um halsen og kysste han. 38Mest sorg volde dei det ordet han hadde sagt: at dei aldri meir skulde få sjå åsyni hans. So fylgde dei han til skipet.#Ef 1,18
Currently Selected:
Apostelgjerningane 20: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2