2. Timoteus 2
2
Timoteus skal verta ved Guds nåde og syta for trugne lærarar i dei kyrkjelydane han hev å røkta, 1.2. Han skal ikkje vera redd dei lidingane som truskapen i Herrens tenesta kann føra yver han, men taka Paulus til fyredøme, og minnast den sigersløni som ventar den trugne stridsmannen, 3-13. Han skal strida mandigt mot den falske læra som hev kome inn i kyrkjelydane, og vara seg so han ikkje sjølv vert smitta av henne, 14-26.
1So vert då du, son min, sterk ved nåden i Kristus Jesus!#Ef 6,10 2Og det som du hev høyrt av meg i nærvære av mange vitne, yvergjev det til trufaste menneske som er duglege til ogso å læra andre!#2 Tim 1,13; Tit 1,5 3Lid vondt med meg som ein god Kristi Jesu stridsmann!#2 Tim 1,8; 4,5 4Ingen som gjer hertenesta, fløkjer seg inn i livsens syslor, for han vil tekkjast herføraren.#1 Kor 9,25 5Like eins, um ein strider i tevling, so fær han då ikkje kransen um han ikkje strider retteleg.#2 Tim 4,7-8; Op 2,10 6Bonden som arbeider, skal fyrst njota fruktene. 7Skyna det som eg segjer! for Herren skal gjeva deg skyn på alt. 8Kom Jesus Kristus i hug, som hev stade upp frå dei daude, av Davids ætt, etter mitt evangelium,#1 Kor 15,5.20; 2 Sam 7,12-16; Sal 132,11 9det som eg lid vondt for like til dette å vera bunden som ein illgjerdsmann; men Guds ord er ikkje bunde.#Ef 3,1.13; Kol 1,24 10Difor toler eg alt for dei utvalde skuld, so dei og skal vinna frelsa i Kristus Jesus med æveleg herlegdom.#Rom 6,23 11Det er eit truverdigt ord; for hev me døytt med han, skal me og leva med han;#Rom 6,5; 8,17; Fil 3,10 12held me ut, skal me og styra med han; forneittar me, skal han og forneitta oss;#1 Pet 4,13; Rom 5,17; Matt 10,33 13er me utrue, so er han trufast; for han kann ikkje forneitta seg sjølv.#4 Mos 23,19; Rom 3,3 14Minn um dette, med di du vitnar for Herrens åsyn at dei ikkje må liggja i ordstrid, som ikkje er til noko gagn, men til undergang for dei som høyrer på.#1 Tim 6,4; Tit 3,9 15Legg vinn på å kunna stiga fram for Gud som ein som held prøva, ein arbeidar som ikkje tarv skjemmast, med di du lærer sannings-ordet retteleg. 16Men haldt deg frå det vanheilage tome svallet! for dei gjeng alltid lenger i gudløysa,#1 Tim 1,4; 4,7; Tit 1,14; 3,9 17og ordi deira kjem til å eta um seg som daudkjøt. Millom dei er Hymeneus og Filetus,#1 Tim 1,20 18som hev fare vilt frå sanningi, med di dei segjer at uppstoda alt hev vore, og dei riv ned trui hjå sume.#1 Tim 6,21; 1 Kor 15,12 19Men Guds faste grunnvoll stend og hev dette innsiglet: Herren kjenner sine, og: Kvar den som nemner Herrens namn, skal venda seg frå urettferd.#Matt 7,23; Joh 10,14 20Men i eit stort hus er det ikkje berre kjerald av gull og sylv, men og av tre og leir, og nokre til æra, andre til vanæra.#Rom 9,21 21Um nokon då held seg rein frå desse, so skal han vera eit kjerald til æra, helga, nytleg for husbonden, tilreidt til all god gjerning.#2 Tim 3,17 22Men fly frå dei ungdomslege lyster, og jaga etter rettferd, tru, kjærleik, fred med dei som kallar på Herren av eit reint hjarta!#1 Tim 6,11; Hebr 12,14; 1 Kor 1,2 23Og vis frå deg dei dårlege og fåvise stridsspursmål, for du veit at dei skaper strid!#1 Tim 4,7; 6,4-5 24Men ein Herrens tenar må ikkje strida, men vera mild imot alle, dugleg til å læra frå seg, viljug til å tola vondt,#Tit 1,7.9 25so han med spaklynde tuktar dei som segjer imot, um Gud då ein gong vilde gjeva dei umvending, so dei kunde kjenna sanningi#Gal 6,1; 2 Tim 4,2 26og vakna upp att or ruset i djevelens snara, han som dei er fanga av, so dei må gjera hans vilje.#1 Tim 6,9
Currently Selected:
2. Timoteus 2: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2