YouVersion Logo
Search Icon

2. Timoteus 1

1
Paulus helsar Timoteus og ynskjer han nåde og fred, 1.2, vitnar um kor han elskar han og lengtar etter han, og takkar Gud for den skrymtlause trui som bur i han, liksom i mor og bestemor hans fyre han, 3-5. Han manar han til ihuge i Herrens gjerning, so han hugheilt tener evangeliet endå um det skal valda han liding, og ikkje skjemmest anten ved evangeliet eller ved Paulus, som forkynner det, 6-14. Han minner Timoteus um kor einsleg han no er, og talar um den trøysti han hev funne hjå Onesiforus, 15-18.
1Paulus, ved Guds vilje Kristi Jesu apostel til å forkynna lovnaden um livet i Kristus Jesus#Kol 1,1 2- til Timoteus, min kjære son: Nåde, miskunn, fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre!#1 Tim 1,2; Gal 1,3; Tit 1,4 3Eg takkar Gud, som eg alt frå forfederne tener med eit reint samvit, liksom eg uavlatande kjem deg i hug i mine bøner natt og dag,#Apg 23,1; Rom 1,8-9; Ef 1,16 4og når eg minnest tårone dine, lengtar eg etter å sjå deg, so eg kann verta fyllt med gleda,#Rom 1,11; 15,23; 1 Tess 2,17 5etter di eg hev vorte mint um den skrymtlause trui som er i deg, Denne som fyrst budde i Lois, mormor di, og i Eunike, mor di, og som eg er viss på ho bur i deg og.#Apg 16,1 6Difor minner eg deg um og kveikja upp att den Guds nådegåva som er i deg ved mi handpåleggjing.#1 Tim 4,14 7For Gud gav oss ikkje ei ånd som verkar modløysa, men ei som verkar kraft og kjærleik og tukt.#Rom 8,15 8Skjemmast difor ikkje ved vår Herres vitnemål eller ved meg, hans fange, men lid vondt med meg for evangeliet i Guds kraft,#Rom 1,16; Ef 3,1; Kol 4,18 9han som frelste oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje etter våre gjerningar, men etter si eigi rådgjerd og den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå ævelege tider,#Ef 1,4; 1 Tess 4,7; Rom 8,28; 16,25; Tit 1,2 10men no er openberra ved vår frelsar Jesu Kristi openberring, han som gjorde dauden til inkjes og førde liv og uforgjengelegdom fram for ljoset ved evangeliet;#Kol 1,26; Jes 25,8; Hebr 2,14; Tit 1,2 11og for det er eg sett til forkynnar og apostel og lærar for heidningar.#1 Tim 2,7 12Difor lid eg og dette, men eg skjemmest ikkje ved det; for eg veit kven eg hev sett mi tru til, og eg er viss på at han er mektig til å taka vare på det som er yvergjeve til meg, til hin dagen.#Ef 3,1; Fil 1,6; 2 Kor 5,19 13Hav til fyredøme dei heilsame ordi som du høyrde av meg, i tru og kjærleik i Kristus Jesus!#2 Tim 3,14; 1 Tim 6,3 14Tak vare på den fagre skatten som er yvergjeven til deg, ved den Heilage Ande, som bur i oss!#1 Tim 6,20; 2 Kor 5,19; 1 Kor 3,16 15Du veit dette at alle dei i Asia vende seg frå meg, og millom dei er Fygelus og Hermogenes.#2 Tim 4,16; 2,17 16Herren vise miskunn mot Onesiforus' hus! for han hugga meg ofte og skjemdest ikkje ved lekkjone mine;#2 Tim 4,19; Matt 25,36; Apg 28,20 17men då han var komen til Rom, leita han med stor umak etter meg og fann meg. 18Herren gjeve at han må finna miskunn hjå Herren på hin dagen! Og kor mykje han var til tenesta i Efesus, det veit du sjølv best.#Matt 5,7

Currently Selected:

2. Timoteus 1: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

Video for 2. Timoteus 1