YouVersion Logo
Search Icon

1. Timoteus 6

6
Kva for plikter tenerar hev, 1.2. Læra skal vera rein; falsk læra valdar berre tretta; sann gudlegdom fører burt frå pengehug, 3-10. Paulus manar Timoteus til ålvorleg gudlegdom, 11-16, til å læra dei rike retteleg, 17-19, til å halda urikkande fast ved den reine læra og fly frå ranglæra, og ynskjer han til slutt nåde, 20.21.
1So mange som er trælar under åket, skal halda herrane sine all æra verde, so ikkje Guds namn og læra skal verta spotta.#Ef 6,5-9; Rom 2,24; Tit 2,5.8 2Men dei som hev truande herrar, skal ikkje vanmæta dei, for di dei er brør, men skal so mykje heller gjera si tenesta, av di dei som nyt godt av velgjerningi deira, er truande og elska. Dette skal du læra og påminna um.#1 Tim 4,11 3Dersom nokon fer med framand lære og ikkje held seg til vår Herre Jesu Kristi heilsame ord og den læra som høver til gudlegdom,#1 Tim 1,3; Gal 1,6-7; 2 Tim 1,13; 4,3 4so er han ovmodig endå han ingen ting skynar, men er sjuk for stridsspursmål og ordstrid, som det kjem ovund av og tretta, spotting, vond mistru,#1 Kor 8,2; 2 Tim 2,14 5stendig krangling millom menneske som er øydelagde i hugen og skilde med sanningi, med di dei held gudlegdomen for ein veg til vinning.#1 Kor 11,16; 2 Tim 3,8; Tit 1,11 6Ja, gudlegdom saman med nøgsemd er ei stor vinning;#Hebr 13,5; Ordt 15,15-16; 1 Tim 4,8 7for me hev ikkje havt noko med oss til verdi; det er då audsynt at me ikkje heller kann taka noko med oss derifrå;#Job 1,21; Sal 49,18; Fork 5,14 8men når me hev føda og klæde, skal me vera nøgde med det.#1 Mos 28,20; Ordt 30,8; Matt 6,25 9Men dei som vil verta rike, fell i freisting og snara og mange dårlege og skadelege lyster, som søkkjer menneski ned i undergang og fortaping.#Ordt 23,4; 28,20; Jak 5,1 10For pengehug er ei rot til alt vondt; av trådom deretter hev sume fare vilt frå trui og hev gjenomstunge seg sjølve med mange pinslor.#2 Mos 23,8; 1 Sam 8,3; Ordt 1,19; Matt 26,14-15 11Men du, Guds menneske, fly frå desse ting! Men jaga etter rettferd, gudlegdom, tru, kjærleik, tolmod, spaklynde!#2 Tim 2,22; Hebr 12,14 12Strid den gode striden i trui, grip det ævelege liv, som du vart kalla til, du som og bar fram den gode vedkjenningi for mange vitne!#1 Kor 9,24-25; Fil 3,12.14; 2 Tim 4,7; 1 Tim 6,19 13Eg byd deg for Gud, som gjev alle ting liv, og for Kristus Jesus, som vitna den gode vedkjenningi for Pontius Pilatus,#2 Tess 3,6.12; 1 Tim 5,21; Apg 17,25; Joh 18,36-37 14at du skal halda bodet uflekka og ulastande til vår Herre Jesu Kristi openberring,#1 Tess 5,23 15som den sæle og einaste mektige Herre skal visa oss i si tid, han som er kongen yver kongane og herren yver herrane,#1 Tim 1,11.17; 5 Mos 10,17 16han som åleine hev udøyelegdom, som bur i eit ljos som ingen kann koma til, han som inkje menneske hev set eller kann sjå; honom vere æra og æveleg makt! Amen.#2 Mos 33,20; 1 Joh 1,5; 4,12 17Bjod dei som er rike i den noverande verdi, at dei ikkje skal ovmoda seg eller setja si von til den uvisse rikdomen, men til Gud, som gjev oss rikleg alle ting å njota,#Job 31,24; Sal 62,11; 1 Tim 4,10 18at dei skal gjera godt, vera rike på gode gjerningar, gjevmilde, velgjerdsame,#5 Mos 15,7.10; Luk 12,21; Rom 12,8 19so dei legg seg upp ein god grunnvoll for den komande tid, so dei kann gripa det sanne liv.#1 Tim 3,13 20Du, Timoteus, tak vare på det som er yvergjeve til deg, so du vender deg frå det vanheilage tome svallet og motsegnene frå den kunnskap som falskeleg vert kalla so,#1 Tim 6,14; 2 Kor 5,19; 2 Tim 1,14; Op 3,3; 1 Tim 4,7; Tit 1,14; 3,9 21som sume vedkjenner seg, so dei hev fare vilt i trui! Nåden vere med deg!#1 Tim 1,6; 2 Tim 2,18

Currently Selected:

1. Timoteus 6: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in