2. Korintar 4
4
Paulus er hugheil i tenesta si, og misser ikkje modet um forkynningi hans ikkje finn inngang hjå dei vantruande, dei som guden åt denne verdi hev blinda, 1-6, eller um han lyt lida mykje trengsla i kallsyrket sitt; for i all si trengsla hev han ei rik trøyst, 7-18.
1Difor, då me hev denne tenesta, etter som me hev fenge miskunn, so misser me ikkje modet,#1 Kor 7,25 2men me hev avsagt alle skamlege løynvegar og gjeng ikkje fram med svikråd eller forfalskar Guds ord, men ved å kunngjera sanningi steller me oss fram for alle manns samvit for Guds åsyn.#1 Tess 2,3.5; 2 Kor 2,17 3Er då enn vårt evangelium dult, so er det dult millom dei som vert fortapte;#1 Kor 1,18 4for denne verdsens gud hev blinda hugen åt dei vantruande, so ljoset frå evangeliet um Kristi herlegdom, han som er Guds bilete, ikkje skal skina for dei.#Ef 6,12; Kol 1,15; Hebr 1,3 5For me forkynner ikkje oss sjølve, me forkynner Kristus Jesus som Herre, men oss som dykkar tenarar for Jesu skuld.#2 Kor 1,24; Apg 2,36; 10,36 6For Gud, som sa at ljos skulde skina fram or myrkret, han er den som og let det skina i våre hjarto, so kunnskapen um Guds herlegdom i Jesu Kristi åsyn skulde lysa fram frå oss.#1 Mos 1,3 7Men me hev denne skatten i leirkjerald, so den rike krafti skal vera av Gud og ikkje av oss,#2 Kor 5,1; 3,5; 12,9 8med di me stødt er i trengsla, men ikkje i stengsla, tvilande, men ikkje mistvilande,#Sal 37,24.33 9forfylgde, men ikkje uppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte - 10alltid berande Jesu daude med oss i lekamen, so og Jesu liv må verta openberra i vår lekam. 11For endå medan me lever, vert me allstødt yvergjevne til dauden for Jesu skuld, so og Jesu liv må verta openberra i vårt døyelege kjøt.#Sal 44,23; 1 Kor 4,9; 15,31 12Soleis er då dauden verksam i oss, men livet i dykk.#2 Kor 13,9 13Men etter di me hev den same Ande med trui - etter det som stend skrive: Eg trudde, difor tala eg - so trur me og, difor talar me og,#Sal 116,10; Rom 10,9 14for me veit at han som vekte upp Herren Jesus, skal og vekkja oss upp med Jesus og stella oss fram saman med dykk.#Apg 2,24; Rom 8,11; 1 Kor 6,14; 1 Tess 4,17 15For det hender alt for dykkar skuld, so nåden kann nå til so mange fleire og verka rikleg takk til Guds æra.#2 Kor 1,6; Kol 1,24; 2 Tim 2,10; 2 Kor 1,11 16Difor misser me ikkje modet, men um og vårt ytre menneske gjeng til grunns, so vert då det indre uppnya dag etter dag.#Ef 4,23-24; 3,16 17For vår trengsla, som er kortvarande og lett, verkar for oss ei æveleg nøgd av herlegdom i yvermål på yvermål,#Sal 30,6; Matt 5,12; Rom 8,18; 1 Pet 1,6 18med di me ikkje fester oss ved det synlege, men ved det usynlege; for det synlege er timeleg, men det usynlege æveleg.#Rom 8,24
Currently Selected:
2. Korintar 4: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2