YouVersion Logo
Search Icon

2. Korintar 5

5
Paulus er hugheil i tenesta si, jamvel um ho skal føra han i dauden; for mot dauden og hev han trøyst i vissa um at han ein gong skal få ein ny himmelsk lekam, som han skal heva heime hjå Herren, 1-10. Han vågar å gjeva seg sjølv eit godt skotsmål i tenesta si; for i all si apostelgjerning tenkjer han berre på å tena Gud og næsten, men ikkje seg sjølv; som Guds sendebod gjeng han ut med bodskapen um forliket i Kristus, 11-21.
1For me veit at um vår lekams jordiske hus vert nedrive, so hev me ein bygnad av Gud, eit hus som ikkje er gjort med hender, æveleg i himmelen.#2 Pet 1,13-14 2For ogso medan me er i dette huset, sukkar me, av di me stundar etter å verta yverklædde med vårt hus frå himmelen,#Rom 8,23 3so sant me skal verta funne påklædde, ikkje nakne. 4For me som er i denne hytta, sukkar under byrdi, av di me ikkje vil verta avklædde, men yverklædde, so det døyelege kann verta gløypt av livet.#Rom 8,11; 1 Kor 15,52-54 5Men den som laga oss just til dette, er Gud, som og gav oss Anden til pant.#Rom 8,15; 2 Kor 1,22 6Difor er me alltid frimodige og veit at so lenge me er heime i lekamen, er me burte frå Herren;#1 Krøn 29,15; Sal 39,13; 119,19; Hebr 11,13 7for me ferdast i tru, ikkje i syn.#Rom 8,24; 1 Kor 13,12; 1 Pet 1,8; Hebr 11,1 8Me er då frimodige og vil heller flytja burt frå lekamen og koma heim til Herren.#Fil 1,23; 1 Tess 4,17 9Difor, anten me er heime eller burte, set me vår æra i å vera han til hugnad. 10For me skal alle verta openberra for Kristi domstol, so kvar kann få att det som er verka ved lekamen, etter det han hev gjort, anten godt eller vondt.#Rom 14,10; Sal 62,13; Jer 17,10; Matt 16,27 11Etter di me soleis kjenner otten for Herren, prøver me å vinna menneske, men for Gud er me openberre; eg vonar og å vera openberr for dykkar samvit.#2 Kor 4,2 12Ikkje gjev me oss sjølve atter lovord for dykk, men me gjev dykk høve til å rosa dykk av oss, so de kann hava noko å setja imot dei som rosar seg av det dei er i det ytre og ikkje i hjarta.#2 Kor 3,1; 1,14; 1 Tim 4,2 13For um me er frå vitet, so er det for Gud, og um me er med sans og samling, so er det for dykk. 14For Kristi kjærleik tvingar oss, 15Med di me hev gjort upp med oss sjølve at ein døydde for alle, difor hev dei alle døytt; og han døydde for alle, so dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod upp att for dei.#1 Tim 2,6; Hebr 2,9; Rom 6,11; 14,7-8; 1 Kor 6,19 16Difor kjenner me heretter ikkje nokon etter kjøtet; um me og hev kjent Kristus etter kjøtet, so kjenner me han no ikkje lenger soleis. 17Difor, um nokon er i Kristus, so er han ein ny skapning; det gamle hev forgjengest, sjå, alt hev vorte nytt!#Rom 8,1; Gal 6,15; Jes 43,19; Op 21,5 18Men alt dette er av Gud, som forlikte oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forliks-tenesta,#Rom 5,10; Kol 1,20; 1 Joh 4,10 19for di Gud i Kristus forlikte verdi med seg sjølv, so han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira og hev lagt forliks-ordet ned i oss.#Rom 3,25 20So er me då sendebod i staden for Kristus, liksom Gud sjølv gav fyreteljing gjenom oss; me bed i staden for Kristus: Lat dykk forlika med Gud!#Jes 52,7 21Den som ikkje visste av synd, hev han gjort til synd for oss, so me skal verta rettferdige for Gud i han.#Jes 53,6.9.12; Rom 8,3; 1 Pet 2,22; Rom 5,19

Currently Selected:

2. Korintar 5: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in