2. Korintar 3
3
Paulus talar framleis um aposteltenesta si. Dei kristne i Korint er sjølve eit godt skotsmål for henne, 1-3, og ho er mykje rikare på herlegdom enn tenesta for den gamle pakti var, 4-11; difor hev han stort frimod i tenesta si, kor liten inngang bodskapen hans finn hjå Israelsfolket; det ligg eit sveip yver hjarta deira som hindrar dei i å få syn for evangeliet, og som fyrst vert teke burt når dei vender um; men dei kristne veks frå herlegdom til herlegdom i ljoset frå evangeliet, 12-18.
1Tek me til å gjeva oss sjølve lovord att? eller treng me då, liksom sume folk, til å hava lovords brev til dykk eller frå dykk?#2 Kor 1,12; 5,12 2De er vårt brev, innskrive i våre hjarto, kjent og lese av alle menneske,#1 Kor 9,2 3med di det vert kunnigt at de er Kristi brev, tilkome ved vår tenesta, innskrive ikkje med blekk, men med den levande Guds Ande, ikkje på steintavlor, men på hjartans kjøttavlor.#Jer 31,33; Hebr 8,10; 2 Mos 24,12; Esek 11,19 4Men ei slik tiltru hev me til Gud ved Kristus,#2 Kor 3,12 5ikkje at me av oss sjølve duger til å tenkja ut noko som av oss sjølve, men dugleiken vår er av Gud, 6han som og gjorde oss duglege til å vera tenarar for ei ny pakt, ikkje for bokstav, men for Ande; for bokstaven slær i hel, men Anden gjer levande.#Jer 31,31; 2 Kor 5,18; Rom 2,29; 7,6; Joh 6,63 7Når då daudens tenesta, som var innhoggi med bokstavar på steinar, kom med herlegdom, so Israels-borni ikkje greidde å sjå på Mose åsyn på grunn av herlegdomen i hans åsyn, endå det var ein som kvarv burt,#5 Mos 10,1; 2 Mos 34,29-30 8kor skal ikkje då Andens tenesta endå meir vera i herlegdom!#Gal 3,14 9For er fordømings-tenesta herlegdom, so er rettferds-tenesta endå mykje meir rik på herlegdom;#Rom 3,20-21; 4,15; 1,17 10for endå det herlege er i dette stykke ikkje herleg mot den ovrike herlegdomen. 11For når det burtkvervande var i herlegdom, so skal det vedvarande so mykje meir vera i herlegdom. 12Sidan me då hev slik ei von, so gjeng me fram med stort frimod,#2 Kor 3,4; Ef 6,19 13og gjer ikkje som Moses, som la eit sveip yver si åsyn, so Israels-borni ikkje skulde skoda enden av det som kvarv burt.#2 Mos 34,33.35 14Men hugen deira vart forherda; for alt til denne dag ligg det same sveipet der når dei les den gamle pakti, og det vert ikkje openberra at ho vert avlyst i Kristus.#Jes 6,10; Esek 12,2; Rom 11,8; Klag 3,65 15Ja, til denne dag ligg det eit sveip yver hjarta deira når Moses vert lesen; 16men når det vender um til Herren, då vert sveipet burtteke.#Rom 11,23.26 17Men Herren er Anden; og der Herrens Ande er, der er fridom.#Joh 4,24; 8,36 18Men me som med usveipt åsyn skodar Herrens herlegdom som i ein spegel, me vert alle umlaga til det same bilete frå herlegdom til herlegdom, liksom av Herrens Ande.#1 Kor 13,12; Rom 8,29
Currently Selected:
2. Korintar 3: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2