1. Korintar 16
16
Paulus bed korintarane gjera ei innsamling til hjelp for dei truande i Jødeland, 1-4, lovar å koma til Korint, men vil vera i Efesus endå ei tid, 5-9. Han melder um Timoteus og Apollos, 10-12, manar til vaksemd, tru og kjærleik, 13.14, rosar huslyden åt Stefanas, 15-18, sender helsingar frå Asia, 19.20, helsar til slutt sjølv, med di han bannar dei som ikkje elskar Herren Jesus, men ynskjer lesarane nåde, 21-24.
1Men vedkomande innsamlingi til dei heilage, so skal de fara åt soleis som eg hev skipa det for kyrkjelydane i Galatia!#Rom 15,26; 2 Kor 8,4; Gal 2,10 2På den fyrste dagen i vika leggje kvar av dykk til sida heime hjå seg sjølv det han fær lukka til, so innsamlingi ikkje skal verta gjord fyrst då når eg kjem.#Apg 20,7 3Når eg so kjem, skal eg senda dei som de vil velja til det, med brev, so dei kann føra kjærleiksgåva dykkar til Jerusalem.#2 Kor 8,19 4Men er det verdt at eg og reiser, so kann dei reisa saman med meg.#Rom 15,25-29 5Eg kjem til dykk når eg hev fare gjenom Makedonia; for Makedonia fer eg igjenom;#Apg 19,21 6men hjå dykk kann henda eg drygjer ei tid, eller jamvel vinteren yver, so de kann fylgja meg på vegen dit som eg sidan reiser.#Rom 15,24 7Eg vil ikkje vitja dykk no på vegen; for eg hev ei von um å få drygja ei tid hjå dykk, um Herren gjev lov til det.#1 Kor 4,19 8I Efesus drygjer eg til kvitsunnhelgi; 9for ei stor og verksam dør er upplati for meg, og det er mange motstandarar.#Apg 14,27; 2 Kor 2,12; Apg 19,8.9.23-41 10Når Timoteus kjem, so sjå til at han kann vera hjå dykk utan otte! for han gjer Herrens gjerning, liksom eg;#1 Kor 4,17; Fil 2,19-20 11difor må ingen vanvyrda han. Og fylg han på vegen i fred, so han kann koma til meg! for eg ventar på han med brørne.#1 Tim 4,12 12Vedkomande broren Apollos, so bad eg han mykje at han måtte fara til dykk med brørne; han var slett ikkje viljug til å koma no, men han vil koma når han fær tid.#Apg 18,24 13Vak, statt støde i trui, ver mannelege, ver sterke!#Ef 6,10 14Lat alt hjå dykk ganga fyre seg i kjærleik!#1 Tim 1,5 15Eg legg dykk på hjarta, brør: de kjenner huslyden åt Stefanas, at dei er fyrstegrøda av Akaia, og at dei hev rådt seg til å tena dei heilage -#1 Kor 1,16; Rom 16,5 16so vis de og vyrdnad mot dei, og like eins mot alle som hjelper til og gjer seg umak!#Fil 2,29; 1 Tess 5,12; 1 Tim 5,17 17Eg gleder meg yver at Stefanas og Fortunatus og Akaikus er her; for saknaden av dykk hev dei avhjelpt.#Fil 2,30; Filem 1,13 18For dei hev kveikt mi og dykkar ånd. Skyna difor på slike!#2 Tim 1,16; Filem 1,7 19Kyrkjelydane i Asia helsar dykk. Akvilas og Priska helsar dykk mykje i Herren saman med kyrkjelyden i huset deira.#Apg 18,2; Rom 16,5 20Alle brørne helsar dykk. Helsa kvarandre med ein heilag kyss!#Rom 16,16 21Helsing med mi, Paulus', hand:#Kol 4,18; 2 Tess 3,17 22Um nokon ikkje elskar Herren, han vere bannstøytt! Maran ata. 23Herren Jesu nåde vere med dykk!#Rom 16,24; Fil 4,23 24Min kjærleik er med dykk alle i Kristus Jesus.
Currently Selected:
1. Korintar 16: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2