YouVersion Logo
Search Icon

2. Korintar 1

1
Paulus helsar kyrkjelyden i Korint, 1.2. Han takker Gud for den trøysti han alltid fær smaka under alle trengslone i embetet sitt, 3-7, og som han serleg no hev røynt, med di han hev vorte berga frå ein stor fåre, 8-11. Han upplyser korintarane um grunnen til at han hev brigda reiseplanen sin, so han i staden for å koma fyrst til dei no hev fare fyrst til Makedonia: han hev ikkje bore seg lauslyndt åt i dette, men han vilde spara dei og gjeva dei tid til å retta på alle dei lyti som han hev lasta hjå dei i fyrste brevet sitt, fyrr han sjølv kom til dei, 12-24.
1Paulus, Jesu Kristi apostel ved Guds vilje, og broderen Timoteus - til Guds kyrkjelyd som er i Korint, med alle dei heilage i heile Akaia:#1 Kor 1,1 2Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Fader og Herren Jesus Kristus!#Rom 1,7 3Lova vere Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, miskunns Fader og all trøystings Gud,#Ef 1,3; Rom 15,5 4han som trøystar oss i all vår trengsla, so me kann trøysta dei som er i allslags trengsla, med den trøyst som me sjølve vert trøysta med av Gud!#1 Kor 7,6 5For liksom Kristi lidingar kjem rikleg yver oss, so er og vår trøyst rikleg ved Kristus.#Sal 94,19; Kol 1,24 6Men um me lid trengsla, so er det til trøyst og frelsa for dykk; vert me trøysta, so er det dykk til ei trøyst som syner seg verksam i tolmod i dei same lidingar som me lid; 7og vår von um dykk er fast, av di me veit at liksom de hev lut i lidingane, so skal de og hava lut i trøysti.#2 Tess 2,16-17 8For me vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um den trengsla som kom yver oss i Asia, at me vart ovleg hardt nedtyngde, meir enn me kunde bera, so at me jamvel mistvila um livet;#Apg 19,23-41 9ja, me hadde gjort upp med oss sjølve at me laut døy, so me ikkje skulde lita på oss sjølve, men på Gud som vekkjer upp dei daude,#Jer 17,5.7; Rom 4,17 10han som fria og friar oss frå slik daude, han som me vonar og vil fria oss heretter, 11med di de og kjem oss til hjelp med bøn, so det frå mange munnar må koma rikleg takk for oss, for den nåden som er oss gjeven.#Rom 15,30; Fil 1,19; Filem 1,22 12For vår ros er dette: vitnemålet i vårt samvit um at me hev ferdast i verdi, og serleg hjå dykk, i Guds heilagdom og reinleik, ikkje i kjøtleg visdom, men i Guds nåde.#Hebr 13,18; 1 Kor 2,4.13 13For me skriv ikkje anna til dykk enn det som de les eller skynar, og eg vonar at de og skal skyna det til enden 14- liksom de og til deils hev skyna oss - at me er dykkar ros, liksom de og er vår på Herren Jesu dag.#2 Kor 5,12; Fil 2,16; 4,1; 1 Tess 2,19-20 15Og i tillit til dette vilde eg koma til dykk fyrst, so de kunde få endå ein nåde,#Rom 1,11 16og fara frå dykk til Makedonia, og so koma frå Makedonia til dykk att og få fylgje av dykk til Judea. 17Då eg no vilde dette, for eg då kann henda fram med lauslynde? eller er det på kjøtleg vis eg tek dei råder som eg tek, so det hjå meg skulde vera både ja, ja og nei, nei? 18So visst som Gud er trufast, so er vårt ord til dykk ikkje ja og nei.#1 Kor 1,9; 1 Tess 5,24 19For Guds Son, Kristus Jesus, som vart forkynt hjå dykk ved oss, ved meg og Silvanus og Timoteus, han var ikkje ja og nei, men ja hev det vorte i han;#Apg 18,5 20for so mange som Guds lovnader er, so hev dei i han sitt ja, difor fær dei og ved han sitt amen, Gud til æra ved oss. 21Men den som bind oss, og dykk med, fast til Kristus, og som salva oss, det er Gud,#1 Kor 1,8; 1 Pet 5,10; 1 Joh 2,20 22han som og sette sitt innsigle på oss og gav Anden til pant i hjarto våre.#Ef 1,13-14; 4,30; Rom 8,16; 2 Kor 5,5 23Men eg kallar Gud til vitne for mi sjel, at det var for di eg vilde spara dykk at eg ikkje endå er komen til Korint;#Gal 1,20; 1 Kor 16,5-7; 4,21 24ikkje at me er herrar yver trui dykkar, men me arbeider med på gleda dykkar; for de stend i trui.#1 Pet 5,3; 1 Kor 3,5-9; Rom 11,20

Currently Selected:

2. Korintar 1: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

Video for 2. Korintar 1