4. Mosebok 9
9
Korleis israelittane skal halda påske
1Året etter at israelittane hadde fare frå Egypt, i den fyrste månaden, tala Herren til Moses i Sinai-øydemarka og sa: #2 Mos 12,1–14; 3 Mos 23,5ff 2«Israelittane skal halda påske til fastsett tid. 3Den fjortande dagen i denne månaden, straks etter soleglad, skal de halda helg, på den tid som er fastsett. Og de skal gjera det etter alle dei lover og føresegner som gjeld.» 4Då sa Moses til israelittane at dei skulle halda påske. 5Og så heldt dei påskehelg i Sinai-øydemarka den fjortande dagen i den fyrste månaden, straks etter soleglad. Israelittane gjorde i eitt og alt som Herren hadde sagt Moses føre.
6No var det nokre menn som hadde kome nær eit lik og vorte ureine, så dei ikkje kunne halda påske den dagen. Desse mennene gjekk same dagen fram for Moses og Aron #19,11–16 7og sa: «Vi har kome nær eit lik og er vortne ureine. Kvifor har ikkje vi lov til å bera fram ei offergåve til Herren på høgtida saman med dei andre israelittane?» 8Då svara Moses: «Venta litt, så skal eg høyra kva påbod Herren gjev om dykk!»#3 Mos 24,12
9Herren sa til Moses: 10Tal til israelittane og sei: Om nokon av dykk eller etterkomarane dykkar kjem nær lik og vert ureine, eller om dei er på langferd, skal dei like fullt halda påske for Herren. 11Den fjortande dagen i den andre månaden, straks etter soleglad, skal dei halda helg. Dei skal eta påskelammet med usyrt brød og bitre urter attåt. #2 Mos 12,8; 2 Krøn 30,2ff 12Dei må ikkje leiva noko av lammet til om morgonen og ikkje bryta bein i det. Alle dei føresegnene som gjeld for påskehelga, skal dei fylgja. #2 Mos 12,10.46; Joh 19,36 13Dersom ein mann som er rein og ikkje er på reis, lèt vera å halda påske, skal han rydjast ut or folket sitt, fordi han ikkje har bore fram offergåvene til Herren på høgtida. Den mannen må bøta for si synd. 14Når ein innflyttar som bur hjå dykk, vil halda påske for Herren, skal han òg fylgja dei lovene og føresegnene som gjeld for påskehelga. Ei og same lov skal gjelda for alle, både for innflyttaren og for den som er fødd og fostra i landet.#2 Mos 12,49
Skya over heilagdomen
15Den dagen heilagdomen vart reist, la skya seg over han, over lovteltet. Om kvelden var det som ein eld å sjå over heilagdomen, og den heldt seg til om morgonen. #9,15 skya som Herren openberrar seg i. —2 Mos 13,21; sml. 40,34. #9,15lovteltet Sml. «bustaden åt lova» [2 Mos 38,21.] #2 Mos 40,36ff 16Såleis var det støtt. Skya låg over teltet, og om natta var ho liksom ein eld. 17Kvar gong skya lyfte seg frå teltet, tok israelittane straks ut; og på den staden der skya stogga, slo dei leir. 18På Herrens ord tok israelittane ut, og på Herrens ord slo dei leir. Så lenge skya låg over heilagdomen, heldt dei seg i leiren.
19Israelittane tok heller ikkje ut når skya låg over heilagdomen i mange dagar; dei retta seg etter Herrens påbod. 20Stundom låg skya berre nokre få dagar over heilagdomen. Då heldt dei seg i leiren så lenge Herren ville, og dei tok ut når han ville. 21Stundom låg skya berre frå kveld til morgon. Då tok israelittane ut så snart ho lyfte seg om morgonen. Anten det var dag eller natt, tok dei ut når skya lyfte seg. 22Når skya låg over heilagdomen eit par dagar eller ein månad eller endå lenger, tok israelittane ikkje ut, men heldt seg i leiren så lenge ho var der. Fyrst når skya lyfte seg, tok dei ut. 23På Herrens ord slo dei leir, og på Herrens ord tok dei ut. Dei retta seg etter Herrens vilje og gjorde som han hadde sagt gjennom Moses.
Currently Selected:
4. Mosebok 9: Bibel1978
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2