4. Mosebok 8
8
Levittvigsla
1Herren sa til Moses: 2«Tal til Aron og sei: Når du set opp lampene, skal du laga det så at alle sju kastar ljoset beint fram for ljosestaken.» #2 Mos 25,37 3Og Aron gjorde så. Han sette opp lampene såleis at dei kasta ljoset beint fram for staken, som Herren hadde sagt Moses føre. #2 Mos 27,20f 4Ljosestaken var laga av hamra gull, heilt frå foten opp til krona. Moses hadde laga staken etter det førebiletet Herren hadde vist han.#2 Mos 25,31.40
5Herren sa til Moses: 6Du skal ta ut levittane mellom israelittane og reinsa dei. 7Såleis skal du fara åt når du reinsar dei: Du skal skvetta reinsingsvatn på dei. Så skal dei raka seg over heile kroppen og vaska kleda sine. Såleis skal dei reinsa seg. #19,9; Hebr 9,13.14 8Ta så ein ung okse og grødeofferet som høyrer til, kveitemjøl, blanda med olje. Til syndoffer skal du ta ein annan ung okse.
9Så skal du la levittane koma fram til møteteltet, og der skal du samla heile Israels-lyden. 10Før levittane fram for Herren, og lat israelittane leggja hendene på dei! #8,10 leggja hendene på dei Levittane vart rekna for eit offer til Gud, til utløysing av dei fyrstefødde borna i Israel. 11Aron skal via levittane for Herrens åsyn til eit offer frå folket, og så kan dei gjera teneste for Herren. 12Levittane skal leggja hendene på hovudet åt oksane. Den eine skal du ofra som syndoffer og den andre som brennoffer til Herren, og såleis skal du gjera soning for levittane. 13Du skal føra levittane fram for Aron og sønene hans og via dei, så dei vert eit offer til Herren. 14Såleis skal du skilja levittane ut frå dei andre israelittane, og dei skal høyra meg til.#3,45
15Sidan skal dei koma og gjera teneste ved møteteltet, etter at du har reinsa og vigt dei. 16For mellom israelittane er det dei som er heilt overlatne til meg. Eg har gjort dei til min eigedom i staden for alle dei fyrstefødde hjå israelittane, alle som kjem fyrst frå mors liv. #3,9.12.13 17For alt fyrstefødt i Israel, både av folk og fe, høyrer meg til. Den dagen eg slo i hel alle dei fyrstefødde i Egypt, då vigsla eg dei til min eigedom. 18Men no har eg teke levittane i staden for alle dei fyrstefødde i Israel. 19Eg tok dei ut mellom israelittane og gav dei til Aron og sønene hans. Dei skal tena israelittane i møteteltet og gjera soning for dei, så det ikkje skal koma ulukke over israelittane når dei kjem heilagdomen for nær.#1,53; 3,9; 18,22.23
20Moses og Aron og heile Israelslyden gjorde alt dette med levittane. Dei gjorde i alle måtar så som Herren hadde sagt Moses føre. 21Levittane reinsa seg og vaska kleda sine. Aron vigde dei til eit offer åt Herren og gjorde soning for dei, så dei vart reine. 22Sidan kom levittane og gjorde teneste ved møteteltet, og Aron og sønene hans hadde tilsyn med dei. Som Herren hadde sagt Moses føre, så gjorde dei med levittane.
23Herren sa til Moses: 24Dette er lova som gjeld for levittane: Frå dei er tjuefem år gamle, skal dei koma og gjera teneste og arbeida ved møteteltet. #4,3 25Men når dei har fylt femti år, skal dei dra seg ut or tenesta og ikkje arbeida lenger. 26Dei kan hjelpa brørne sine med arbeidet ved møteteltet, men ikkje ha fast teneste. Såleis skal du ordna arbeidet åt levittane.
Currently Selected:
4. Mosebok 8: Bibel1978
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2