YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 7

7
Gåver frå hovdingane til heilagdomen
1Då Moses var ferdig med å reisa heilagdomen, då han hadde salva og vigsla han og alt utstyret der og like eins hadde salva og vigsla altaret med alt det som høyrer til, #2 Mos 40,17ff 2då kom Israels hovdingar fram, dei som var leiarar for ættgreinene og hovdingar over ættene, dei som stod over alle som var mønstra. #1,4–16 3Dei førte offergåvene sine fram for Herren: seks vogner med tak og tolv oksar, ei vogn for to hovdingar og ein okse for kvar av dei. Alt dette kom dei fram til heilagdomen med.
4Herren sa til Moses: 5«Ta imot desse gåvene! Dei skal brukast til tenesta ved møteteltet. Gjev dei til levittane, etter som kvar treng det til arbeidet sitt.»#3,21–37; 4,4–33
6Så tok Moses imot vognene og oksane og gav dei til levittane. 7Gersjon-sønene fekk to vogner og fire oksar til det arbeidet dei skulle ha. 8Merari-sønene fekk fire vogner og åtte oksar til det arbeidet dei skulle ha. Og Itamar, son til Aron, presten, hadde tilsyn med dei. 9Kehat-sønene fekk ikkje noko; for dei skulle ta vare på dei heilage tinga og bera dei på akslene.
10Den dagen altaret vart salva, kom hovdingane med offergåver til vigslinga og bar dei fram til altaret. #Esek 43,18–26 11Då sa Herren til Moses: «Lat hovdingane koma kvar sin dag med gåvene sine til altarvigsla!»
12Den som bar fram gåva si fyrste dagen, var Naksjon, son til Amminadab, frå Juda-ætta. 13Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, og ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, 14ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, 15ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, 16ein bukk til syndoffer 17og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Naksjon, son til Amminadab.
18Andre dagen kom Netanel, son til Suar, hovdingen over Jissakar. 19Den gåva han bar fram, var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, 20ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, 21ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, 22ein bukk til syndoffer, 23og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Netanel, son til Suar.
24Tredje dagen kom hovdingen over Sebulons-sønene, Eliab, son til Helon. 25Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, 26ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, 27ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, 28ein bukk til syndoffer, 29og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Eliab, son til Helon.
30Fjerde dagen kom hovdingen over Rubens-sønene, Elisur, son til Sjede'ur. 31Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, 32ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, 33ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, 34ein bukk til syndoffer, 35og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Elisur, son til Sjede'ur.
36Femte dagen kom hovdingen over Simeons-sønene, Sjelumiel, son til Surisjaddai. 37Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, 38ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, 39ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, 40ein bukk til syndoffer, 41og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Sjelumiel, son til Surisjaddai.
42Sjette dagen kom hovdingen over Gads-sønene, Eljasaf, son til De'uel. 43Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, 44ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, 45ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, 46ein bukk til syndoffer, 47og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Eljasaf, son til De'uel.
48Sjuande dagen kom hovdingen over Efraims-sønene, Elisjama, son til Ammihud. 49Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, 50ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, 51ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, 52ein bukk til syndoffer, 53og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Elisjama, son til Ammihud.
54Åttande dagen kom hovdingen over Manasse-sønene, Gamliel, son til Pedasur. 55Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, 56ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, 57ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, 58ein bukk til syndoffer, 59og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Gamliel, son til Pedasur.
60Niande dagen kom hovdingen over Benjamins-sønene, Abidan, son til Gidoni. 61Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, 62ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, 63ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, 64ein bukk til syndoffer, 65og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Abidan, son til Gidoni.
66Tiande dagen kom hovdingen over Dans-sønene, Akieser, son til Ammisjaddai. 67Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, 68ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, 69ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, 70ein bukk til syndoffer, 71og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Akieser, son til Ammisjaddai.
72Ellevte dagen kom hovdingen over Asjers-sønene, Pagiel, son til Okran. 73Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, 74ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, 75ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, 76ein bukk til syndoffer, 77og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Pagiel, son til Okran.
78Tolvte dagen kom hovdingen over Naftali-sønene, Akira, son til Enan. 79Gåva hans var eit sølvfat som vog 130 sekel, ei sølvskål som vog 70 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl, blanda med olje, til grødeoffer, 80ei gullskål som vog 10 sekel og var full av røykjelse, 81ein ung okse, ein ver og eit årsgamalt lam til brennoffer, 82ein bukk til syndoffer, 83og til måltidsoffer to oksar, fem verar, fem bukkar og fem årsgamle lam. Det var gåva frå Akira, son til Enan.
84Dette var gåvene frå Israels-hovdingane då altaret vart salva og vigsla: tolv sølvfat, tolv sølvskåler og tolv gullskåler. 85Kvart sølvfat vog 130 sekel og kvar sølvskål 70 sekel. Alt sølvet i kara vog til saman 2 400 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen. 86Dei tolv gullskålene, som var fulle av røykjelse, vog 10 sekel kvar etter den vekt dei nyttar i heilagdomen. Til saman vog gullet i skålene 120 sekel. 87Til brennoffer gav dei i alt tolv oksar, tolv verar og tolv årsgamle lam med dei grødeoffer som tilhøyrde, og tolv bukkar til syndoffer. 88Til måltidsoffer gav dei 24 oksar, 60 verar, 60 bukkar og 60 årsgamle lam. Det var gåvene som vart framborne då altaret var salva og vigsla.
89Når Moses gjekk inn i møteteltet og skulle tala med Herren, då høyrde han røysta tala til han frå soningsstaden over lovkista, frå romet mellom dei to kjerubane. Der tala Herren til han.#2 Mos 25,20–22; Sal 80,2

Currently Selected:

4. Mosebok 7: Bibel1978

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

Video for 4. Mosebok 7