4. Mosebok 6
6
Nasirearlova
1Herren sa til Moses: 2Du skal tala til israelittane og seia: Når nokon, mann eller kvinne, gjer ein høgtideleg nasirearlovnad og vier seg til Herren, 3skal han halda seg frå vin og annan sterk drikk. Han skal ikkje drikka eddik som er laga av vin eller annan sterk drikk, eller saft som er laga av druer. Og druer må han ikkje eta, anten dei er friske eller turka. 4Så lenge han er nasirear, må han ikkje eta noko som er laga av vindruer, ikkje eingong av karten eller skinnet.
5Så lenge nasirearlovnaden gjeld, må det ikkje koma rakekniv på hovudet hans. Heilt til vigslingstida er ute, skal han vera heilag. Han skal la håret på hovudet veksa og hanga fritt. #Dom 13,5 6Så lenge han er vigd til Herren, må han ikkje koma nær lik. 7Om far eller mor, bror eller syster hans døyr, må han ikkje gjera seg urein for deira skuld. Håret på hovudet hans viser at han er vigd til Gud. #6,18 8Så lenge han er nasirear, er han heilag for Herren.
9Men dersom nokon døyr brått og uventa attmed han, så det vigde hovudet hans vert ureint, skal han raka hovudet den dagen han vert rein; den sjuande dagen skal han raka det. 10Den åttande dagen skal han koma til presten, til møteteltdøra, med to turtelduer eller to dueungar. 11Den eine skal presten ofra som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal han gjera soning for mannen og reinsa han for den synda han gjorde då han kom nær liket. Same dagen kan han helga hovudet sitt på nytt. 12Han skal via seg til Herren for like lang tid som han før hadde lova, og bera fram eit årsgamalt lam som skuldoffer. Den fyrste nasireartida gjeld ikkje meir, fordi det vigde hovudet hans har vorte ureint.
13Dette er føresegna for nasirearen: Den dagen vigslingstida hans er ute, skal han førast fram til møteteltdøra. 14Der skal han bera fram offeret sitt for Herren: eit årsgamalt, lytelaust verlam som brennoffer, eit årsgamalt, lytelaust saulam som syndoffer og ein lytelaus ver som måltidsoffer; 15ei korg med usyrt brød av kveitemjøl, kaker som det er olje i, usyrte brødleivar, smurde med olje, og grødeofferet og drikkofferet som høyrer til. 16Dette skal presten bera fram for Herren; han skal ofra det som syndoffer og brennoffer for mannen. 17Veren skal han ofra som måltidsoffer til Herren saman med korga med det usyrte brødet. Presten skal bera fram grødeofferet og drikkofferet for han.
18Så skal nasirearen raka det vigde hovudet sitt attmed møteteltdøra. Og håret som var vigt, skal han ta og leggja på elden som brenn under måltidsofferet. #Apg 18,18; 21,24 19Presten skal ta den eine bogen av veren når han er kokt, ei usyrt kake frå korga og ein usyrt brødleiv og leggja det i hendene på nasirearen etter at han har raka av seg det vigde håret sitt. 20Dette skal presten svinga for Herrens åsyn. Det skal vera ei heilag gåve til presten, attåt brystet som vert svinga og låret som vert gjeve i avgift. Sidan kan nasirearen drikka vin.#2 Mos 29,27f; 3 Mos 7,34
21Dette er lova om nasirearen og den lovnaden han gjev, og om det offeret han skal bera fram for Herren når han vert vigd, attåt det han elles har råd til. Han skal gjera alt det han har gjeve lovnad om, og det som nasirearlova elles krev.
Herrens velsigning
22Herren sa til Moses: 23Du skal tala til Aron og sønene hans og seia til dei: Når de velsignar israelittane, skal de seia:
24Herren velsigne deg
og vare deg! #Sal 121,7f
25Herren la sitt andlet lysa over deg
og vere deg nådig! #Sal 67,2
26Herren lyfte sitt åsyn på deg
og gjeve deg fred!
27Når dei såleis legg mitt namn på israelittane, vil eg velsigna dei.
Currently Selected:
4. Mosebok 6: Bibel1978
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2