YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 14

14
Murring og straff
1Då tok heile Israels-lyden til å ropa høgt, og folket gret heile natta. #21,5; 5 Mos 1,26f 2Alle israelittane, heile lyden, murra mot Moses og Aron og sa: «Gjev vi hadde fått døy i Egypt eller her i øydemarka! Ja, gjev vi hadde fått døy! #2 Mos 16,3 3Kvifor fører Herren oss til dette landet når vi må falla for sverd, og kvinnene og borna våre vert tekne av fiendar? Var det ikkje betre for oss å fara attende til Egypt?» 4Og dei sa seg imellom: «Lat oss velja ein førar og fara attende til Egypt!»
5Då kasta Moses og Aron seg ned med andletet mot jorda framfor heile Israels-lyden. 6Og Josva, son til Nun, og Kaleb, son til Jefunne, som hadde vore med og speida ut landet, reiv sund kleda sine #13,30 7og sa til alle israelittane som var samla: «Det landet vi drog igjennom og speida ut, er eit svært godt land. 8Har Herren godvilje for oss, fører han oss inn i dette landet og gjev oss det, eit land som fløymer med mjølk og honning. 9Set dykk berre ikkje opp mot Herren! Og ver ikkje redde folket i landet; dei er ikkje meir enn ein brødbit for oss. Deira vern har svikta dei; men Herren er med oss. Ver ikkje redde dei!»#5 Mos 20,3f
10Heile folket truga med å steina dei. Men då synte Herrens herlegdom seg i møteteltet for alle israelittane. #2 Mos 17,4; 1 Sam 30,6 11Og Herren sa til Moses: Kor lenge skal dette folket vanvørda meg? Kor lenge skal dei la vera å tru på meg, endå eg har gjort så mange teikn mellom dei? 12No vil eg slå dei med pest og driva dei ut. Og så vil eg gjera deg til eit folk som er større og sterkare enn dei.#2 Mos 32,10ff
13Moses sa til Herren: Egyptarane har høyrt at du i ditt velde førte dette folket ut or landet deira, 14og dei har fortalt det til dei som bur i landet. Dei har høyrt at du, Herre, er midt imellom dette folket, ja, at du har synt deg for dei, Herre, åsyn til åsyn, at skya di held seg over dei, og at du går føre dei i ei skystøtte om dagen og i ei eldstøtte om natta. #2 Mos 13,21; Jos 9,9 15Men lèt du dette folket døy, alle som ein, då kjem folka som har høyrt gjetordet om deg, til å seia: 16«Herren makta ikkje å føra dette folket inn i det landet som han med eid hadde lova dei, og så drap han dei i øydemarka.» #5 Mos 9,28; Esek 20,14 17Herre, vis no di store makt, du som har sagt: 18«Herren er langmodig og rik på miskunn; han tilgjev synd og skuld. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. Han lèt straffa for misgjerningane åt fedrane koma over born i tredje og fjerde ættleden.» #2 Mos 20,5; 34,6.7+ 19Tilgjev no i di store miskunn den synda dette folket har gjort, liksom du har tilgjeve dei heile vegen frå Egypt og hit.
20Då sa Herren: Eg tilgjev dei på ditt ord. 21Men så sant eg lever, så sant Herrens herlegdom fyller heile jorda: #Jes 6,3 22Ingen av dei mennene som har sett herlegdomen min, sett dei teikna eg gjorde i Egypt og i øydemarka, og som likevel har sett meg på prøve mange gonger og vore ulydige mot meg, 23ingen av dei skal få sjå det landet eg har lova fedrane deira. Ingen som vanvørder meg, skal få sjå det! #26,65; 5 Mos 1,35 24Men Kaleb, tenaren min, har ei anna ånd i seg, og han har fylgt meg trufast. Difor lèt eg han koma inn i det landet han har vore i, og etterkomarane hans skal få det til eige. #Jos 14,6–14 25Men i dalane der bur amalekittane og kanaanearane. Difor skal de, når de i morgon fer i veg og dreg ut i øydemarka, ta den vegen som fører til Sevsjøen.#14,25 Sevsjøen her Akaba-bukta.
26Sidan tala Herren atter til Moses og Aron og sa: 27Kor lenge skal dette vonde folket murra mot meg? Eg har høyrt korleis israelittane murrar mot meg. 28Sei til dei: Så sant eg lever, lyder ordet frå Herren: Eg skal gjera med dykk som de har bede meg. #14,2 29Her i øydemarka skal beina dykkar liggja, alle de som vart mønstra, kvar mann som er tjue år eller meir og har murra mot meg. #1,45.46 30Ingen av dykk skal koma inn i det landet som eg lova at de skulle få bu i – ingen utan Kaleb, son til Jefunne, og Josva, son til Nun. #26,65 31Og borna dykkar, som de meinte ville falla i fiendehand, dei skal eg føra inn. Dei skal læra å kjenna det landet som de vanvørde. #5 Mos 1,39 32Men dykkar bein skal liggja her i øydemarka. 33Og borna dykkar skal flakka ikring her i førti år. Dei skal lida fordi de var trulause, til de alle har vorte til inkjes i øydemarka. #Sal 95,10.11; 1 Kor 10,5; Hebr 3,17; Jud 5 34Liksom de speida ut landet i førti dagar, skal de lida i førti år for syndene dykkar, eitt år for kvar dag. De skal få kjenna kva det vil seia å setja seg opp mot meg. #13,25 35Eg, Herren, har sagt at så vil eg gjera med heile dette vonde folket som har svore seg saman mot meg. Her i øydemarka skal dei enda sine dagar; her skal dei døy.
36Då dei mennene som Moses hadde sendt for å speida ut landet, kom att, gav dei ei nedslåande melding om landet og sette heile folket opp mot han. 37Desse mennene, som hadde vore med på det, døydde av pest etter Herrens vilje. #13,32 38Av dei som hadde fare på speidingsferd til Kanaan-landet, var det berre Josva, son til Nun, og Kaleb, son til Jefunne, som fekk leva.
39Då Moses fortalde dette til israelittane, syrgde heile folket sårt. 40Morgonen etter stod dei tidleg opp og gjekk oppover mot høgdedraget. «Kom,» sa dei, «lat oss gå opp til den staden Herren har tala om. For vi har synda.» #5 Mos 1,41–44 41Men Moses sa: «Kvifor vil de gjera imot Herrens ord? Dette kjem ikkje til å lukkast. 42Far ikkje dit, for Herren er ikkje mellom dykk. De kjem berre til å tapa for fiendane dykkar. 43For der møter de amalekittane og kanaanearane, og då fell de for sverd, fordi de har vendt dykk bort frå Herren, så han ikkje er med dykk.»
44Likevel var dei så uvørdne at dei gjekk oppover mot høgdedraget. Men Herrens paktkiste og Moses rikka seg ikkje frå leiren. 45Då kom dei ned, amalekittane og kanaanearane som budde oppe i fjell-landet, og slo israelittane. Og dei forfylgde dei heilt til Horma.#14,45 Horma lengst sør i Kanaan, nær Be'er-Sjeba. Byen heitte opph. Sefat. Sjå Dom 1,17.

Currently Selected:

4. Mosebok 14: Bibel1978

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in