4. Mosebok 13
13
Israelittane speidar ut Kanaan
1Herren tala til Moses og sa: 2«Send nokre menn for å speida ut Kanaan-landet, som eg vil gje israelittane. Ein mann for kvar fedreætt skal de senda, og alle skal vera hovdingar.» #5 Mos 1,22 3Så sende Moses ut nokre menn frå Paran-øydemarka, som Herren hadde sagt, og alle var hovdingar mellom israelittane.
4Dette er namna på speidarane: for Rubens-ætta Sjammua, son til Sakkur; 5for Simeons-ætta Sjafat, son til Hori; 6for Juda-ætta Kaleb, son til Jefunne; #Jos 14,6f 7for Jissakars-ætta Jigal, son til Josef; 8for Efraims-ætta Hosea, son til Nun; 9for Benjamins-ætta Palti, son til Rafu; 10for Sebulons-ætta Gaddiel, son til Sodi; 11for Josefs-ætta, det vil seia Manasse-ætta, Gaddi, son til Susi; 12for Dans-ætta Ammiel, son til Gemalli; 13for Asjers-ætta Setur, son til Mikael; 14for Naftali-ætta Nakbi, son til Vofsi; 15for Gads-ætta Ge'uel, son til Maki. 16Det var namna på dei mennene som Moses sende for å speida ut landet. Men han gav Hosea, son til Nun, namnet Josva.#13,16 Josva Sidan uttala dei namnet Jesjua, som på gresk vart til Jesus.
17Då Moses sende dei av stad for å speida ut Kanaan-landet, sa han til dei: «Far opp til Negev, og ta så opp i fjellet! 18Sjå korleis landet er laga, og om folket som bur der, er sterkt eller veikt, lite eller stort. 19Korleis er det landet dei bur i, er det godt eller ringt? Kva slag byar held dei til i, er det leirar eller festningsbyar? 20Og korleis er jorda, feit eller skrinn? Veks det tre der eller ikkje? Ver modige og ta med dykk noko av frukta i landet!» Det var på den tid då dei fyrste druene vart mogne.
21Så tok dei av stad og speida ut landet frå Sin-øydemarka til Rehob ved Lebo-Hamat. #13,21 Sin-øydemarka ved grensa til Kanaan, rett sør for Negev. Ei anna Sin-øydemark er nemnd i 2 Mos 16,1. #13,21 Lebo-Hamat nær sørgrensa av aramearriket Hamat. 22Dei fór opp gjennom Negev og kom til Hebron. Der budde anakittane Akiman, Sjesjai og Talmai. – Hebron var bygt sju år før Soan i Egypt. #13,22 Soan (= Tanis) by i Nil-deltaet, kjend for dei staselege bygningane sine. #1 Mos 13,18; 5 Mos 1,28; 9,2 23Då dei kom til Esjkol-dalen, skar dei av ei vinranke med ein drueklase. To mann laut bera han mellom seg på ei stong. Dei tok òg med seg nokre granateple og fikenar. #13,23 Esjkol-dalen Esjkol tyder drueklase. 24Den staden vart sidan kalla Esjkol-dalen, etter den drueklasen som israelittane skar av der.
25Då det leid av førti dagar, kom dei attende etter å ha speida ut landet. 26Dei fann Moses og Aron og heile Israels-folket i Kadesj i Paran-øydemarka. Dei gav melding til dei og til alle som var samla, og synte dei frukta frå landet. 27Til Moses sa dei: «Vi kom inn i det landet du sende oss til. Det fløymer med mjølk og honning, og her er frukta som veks der. #2 Mos 3,8 28Men folket som bur i landet, er sterkt, og byane er som borger og sværande store. Der såg vi anakittar òg. 29I Negev bur det amalekittar, i fjell-landet hetittar, jebusittar og amorittar, og utmed havet og langs Jordan bur kanaanearane.»
30Då tok folket til å murra mot Moses, men Kaleb stagga dei og sa: «Vi vil fara opp og leggja landet under oss. Vi skal nok ta det.» #14,6f 31Men dei mennene som hadde vore med han, sa: «Vi kan ikkje gå imot dette folket, for dei er sterkare enn vi.» 32Den meldinga dei gav israelittane om det landet dei hadde speida ut, var nedslåande. Dei sa: «Det landet vi fór igjennom og speida ut, er eit land som gjer ende på dei som slår seg ned i det. Og alle mennene vi såg der, var store og sterke. 33Der såg vi kjemper òg, anakittar av kjempeætt. Vi tykte at vi var som grashopper mot dei, og det tykte nok dei òg.»#5 Mos 9,2
Currently Selected:
4. Mosebok 13: Bibel1978
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2