4. Mosebok 12
12
Herren vert harm på Mirjam og Aron
1Ein gong tala Mirjam og Aron mot Moses fordi han hadde teke ei kvinne frå Nubia til kone. Han hadde nemleg gift seg med ei nubisk kvinne. 2Dei sa: «Er det berre Moses Herren har tala med? Har han ikkje tala med oss òg?» Dette høyrde Herren. #2 Mos 15,20; Mi 6,4 3Men Moses var ein svært audmjuk mann, audmjukare enn alle menneske på jorda.
4Brått sa Herren til Moses og til Aron og Mirjam: «Gå ut til møteteltet, alle tre!» Dei så gjorde. 5Då steig Herren ned i ei skystøtte og stod attmed teltdøra. Han kalla på Aron og Mirjam, og begge kom fram. #11,25 6Så sa han:
Høyr kva eg, Herren, seier:
Er det ein profet hjå dykk,
vender eg meg til han i syner
og talar til han i draumar.
7Men så er det ikkje med Moses, min tenar,
han er trufast i heile mitt hus. #Hebr 3,2
8Han talar eg med, åsyn til åsyn,
klårt og greitt, ikkje i gåter;
Herrens skapnad får han sjå.
Korleis kunne de då våga
å tala mot Moses, min tenar? #2 Mos 33,11; 5 Mos 34,10
9Så gjekk Herren bort, medan vreiden hans loga imot dei.
10Då skya drog seg bort frå teltet, sjå, då hadde Mirjam fått ein hudsjukdom, og huda hennar var som snø. Med det same Aron snudde seg mot henne, såg han at ho var sjuk. #5 Mos 24,9 11Då sa han til Moses: «Herre, lat oss ikkje bøta for ei synd vi har gjort i vår dårskap. 12Lat ikkje Mirjam vera lik eit dødt foster, som er halvt borttært når det kjem ut or mors liv!»
13Då ropa Moses til Herren: «Å Gud, gjer henne frisk!» 14Men Herren svara: «Om far hennar hadde spytta henne i andletet, laut ho ikkje då sitja med skam i sju dagar? No skal ho stengjast ute frå leiren i sju dagar. Sidan kan ho koma inn att.» #3 Mos 13,46 15Så stengde dei Mirjam ute frå leiren i sju dagar, og folket tok ikkje av stad før ho var komen inn att. 16Men då drog dei frå Haserot og slo leir i Paran-øydemarka.#10,12
Currently Selected:
4. Mosebok 12: Bibel1978
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2