YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 11

11
Folket klagar, og Gud gjev dei mat
1Ein gong gav folket seg til å klaga til Herren over at dei hadde det så vondt. Då Herren høyrde det, loga vreiden hans opp. Eld frå Herren braut ut mellom dei og herja i utkanten av leiren. #3 Mos 10,2; 2 Kong 1,10 2Då ropa folket til Moses om hjelp. Han bad til Herren, og elden slokna. #Am 7,5 3Den staden kalla dei Tabera, fordi eld frå Herren hadde brote ut mellom dei der.#11,3 Tabera Namnet får her tydinga «brannstad».
4Flokken av framande som hadde gjeve seg i lag med dei, fekk veldig lyst på mat. Då tok israelittane òg til å jamra seg att. «Å, gjev vi hadde kjøt å eta!» sa dei. #2 Mos 12,38; 16,3; Sal 106,14; 1 Kor 10,10 5«Vi minnest fisken som vi åt i Egypt, og som vi fekk for ingenting. Vi minnest agurkane, melonane og purren, raudlauken og kvitlauken. 6No svid det i brystet, for her har vi ingen ting. Vi ser ikkje anna enn manna.»
7Mannaen likna korianderfrø og såg ut som bedolah-kvae. #11,7 korianderfrø [2 Mos 16,31.] #11,7 bedolah-kvae [1 Mos 2,12.] #1 Mos 2,12; 2 Mos 16,31 8Folket sprang utover og sanka manna. Dei mol han på handkvern eller støytte han i morter. Så koka dei han i gryte og laga kaker av han. Då smaka det som oljekake. 9Når dogga fall over leiren om natta, fylgde mannaen med.#2 Mos 16,13.14
10Moses høyrde at folket jamra seg attmed teltdørene, i den eine huslyden etter den andre. Då loga Herrens vreide opp, og Moses tykte det var ille. 11Han sa til Herren: Kvifor er du så hard med tenaren din? Kvifor har du ingen godvilje for meg, sidan du legg på meg den børa å syta for heile dette folket? 12Er det eg som har født dette folket, sidan du seier at eg skal ta det ved barmen, liksom ei fostermor tek eit spedbarn, og bera det til det landet du har lova fedrane deira? 13Kvar skal eg få kjøt frå til heile dette folket, når dei jamrar seg og seier til meg: «Lat oss få kjøt å eta!» 14Åleine kan eg ikkje bera heile dette folket. Det er meir enn eg maktar. 15Vil du laga det så for meg, så lat meg heller døy med ein gong! Har du godvilje for meg, så lat meg sleppa å sjå mi eiga ulukke!
16Då sa Herren til Moses: Kall saman sytti av dei eldste i Israel, dei som du veit er styresmenn og tilsynsmenn i folket. Ta dei med deg til møteteltet og lat dei stiga fram saman med deg! #2 Mos 18,21f; 5 Mos 1,9ff 17Så vil eg koma ned og tala med deg der. Eg vil ta av den Anden som er over deg, og gje til dei. Dei skal hjelpa deg å bera den børa som dette folket er, så du ikkje treng bera henne åleine. 18Til folket skal du seia: Helga dykk til i morgon, så skal de få kjøt å eta. De har då jamra dykk for Herren og sagt: «Å, gjev vi hadde kjøt å eta! Vi hadde det så godt i Egypt.» No vil Herren gje dykk kjøt. #2 Mos 19,10 19Og de skal ikkje få det ein dag eller to, ikkje fem eller ti eller tjue dagar. 20Nei, ein heil månad skal de eta kjøt, til det byd dykk så imot at det kjem ut or nasen på dykk. Såleis skal det gå fordi de vanvørde Herren som er midt imellom dykk, då de jamra dykk for han og sa: «Å, kvifor drog vi ut or Egypt?»
21Då sa Moses: «Seks hundre tusen mann til fots er det folket eg har med meg. Og så seier du: Eg vil gje dei kjøt, så dei kan eta ein heil månad. 22Skal vi då slakta så mykje småfe og storfe at det rekk til for dei? Eller skal vi samla all fisken i havet, så dei får nok?»
23Herren sa til Moses: «Er Herrens arm for kort? No skal du få sjå om det går som eg har sagt, eller ikkje.»#Jes 50,2; 59,1
24Så gjekk Moses ut og fortalde folket kva Herren hadde sagt. Han samla sytti av dei eldste i folket og bad dei stå rundt ikring teltet. 25Då steig Herren ned i ei sky og tala til han. Han tok av den Anden som var over Moses, og gav til dei sytti eldste. Då Anden var komen over dei, tala dei profetord. Men det gjorde dei ikkje sidan.#12,5; 14,10; 1 Sam 10,5.6; Joel 3,1; Apg 2,11
26To av mennene hadde vorte att i leiren. Den eine heitte Eldad og den andre Medad. Over dei òg kom Anden, for dei høyrde til dei som var oppskrivne, jamvel om dei ikkje hadde gått ut til teltet. Og dei tala profetord i leiren. 27Då sprang ein gut av stad og sa frå til Moses: «Eldad og Medad talar profetord i leiren!» #Mark 9,38f 28Josva Nunsson, som hadde vore tenar hjå Moses sidan han var ung, tok til ords og sa: «Moses, min herre, hindra dei i dette!» 29Men Moses svara: «Er du harm for mi skuld? Gjev alt Herrens folk var profetar, gjev Herren ville leggja sin Ande på dei!» #1 Kor 14,5 30Så gjekk Moses attende til leiren saman med Israels eldste.
31Då braut det laus ein storm frå Herren. Han førte vaktlar inn frå havet og strøydde dei ut over leiren, eit lag på to alner, så langt som ei dagslei på begge sider, rundt ikring heile leiren. #11,31 vaktlar [2 Mos 16,13.] 32Folket gjekk ut og samla vaktlar heile dagen og natta og heile den andre dagen med. Ingen sanka mindre enn ti homer. Og dei la dei i haugar kring heile leiren.
33Men medan dei endå hadde kjøtet mellom tennene, før dei hadde togge det sund, loga Herrens vreide opp mot folket. Han slo dei ned, og det vart eit veldig mannefall. #Sal 78,30.31 34Denne staden kalla dei Kibrot-Hatta'ava; for der fekk dei si grav, dei som hadde vore så grådige.#11,34 Kibrot-Hatta'ava «grådigskapsgraver».
35Då folket tok ut frå Kibrot-Hatta'ava, fór dei til Haserot, og der vart dei verande ei tid.#33,16f

Currently Selected:

4. Mosebok 11: Bibel1978

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in