1
4. Mosebok 13:30
Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet
Då tok folket til å murra mot Moses, men Kaleb stagga dei og sa: «Vi vil fara opp og leggja landet under oss. Vi skal nok ta det.»
Compare
Explore 4. Mosebok 13:30
2
4. Mosebok 13:33
Der såg vi kjemper òg, anakittar av kjempeætt. Vi tykte at vi var som grashopper mot dei, og det tykte nok dei òg.»
Explore 4. Mosebok 13:33
3
4. Mosebok 13:31
Men dei mennene som hadde vore med han, sa: «Vi kan ikkje gå imot dette folket, for dei er sterkare enn vi.»
Explore 4. Mosebok 13:31
4
4. Mosebok 13:32
Den meldinga dei gav israelittane om det landet dei hadde speida ut, var nedslåande. Dei sa: «Det landet vi fór igjennom og speida ut, er eit land som gjer ende på dei som slår seg ned i det. Og alle mennene vi såg der, var store og sterke.
Explore 4. Mosebok 13:32
5
4. Mosebok 13:27
Til Moses sa dei: «Vi kom inn i det landet du sende oss til. Det fløymer med mjølk og honning, og her er frukta som veks der.
Explore 4. Mosebok 13:27
6
4. Mosebok 13:28
Men folket som bur i landet, er sterkt, og byane er som borger og sværande store. Der såg vi anakittar òg.
Explore 4. Mosebok 13:28
7
4. Mosebok 13:29
I Negev bur det amalekittar, i fjell-landet hetittar, jebusittar og amorittar, og utmed havet og langs Jordan bur kanaanearane.»
Explore 4. Mosebok 13:29
8
4. Mosebok 13:26
Dei fann Moses og Aron og heile Israels-folket i Kadesj i Paran-øydemarka. Dei gav melding til dei og til alle som var samla, og synte dei frukta frå landet.
Explore 4. Mosebok 13:26
Home
Bible
Plans
Videos