4. Mosebok 10
10
Trompetsignal og oppbrot
1Herren sa til Moses: 2Lag deg to trompetar av hamra sølv! Dei skal du bruka når du kallar saman folket, og når leiren skal flyttast. 3Blæs dei i begge trompetane, skal heile folket samla seg hjå deg framfor møteteltdøra. 4Blæs dei berre i den eine, skal hovdingane, førarane for Israels fylkingar, samlast hjå deg. 5Men blæs de alarm, skal dei som har leiren sin i aust, ta i veg. 6Og blæs de alarm andre gongen, skal dei som har leiren sin i sør, ta i veg. Alarmen skal vera signal til oppbrot. 7Når de kallar folket saman, skal de gje signal, men ikkje blåsa alarm.
8Det er prestane, Arons-sønene, som skal blåsa i trompetane. Dette skal vera ei fast lov for dykk, frå ætt til ætt. #Jos 6,1–20 9Når de dreg i krig i dykkar eige land mot ein fiende som tek på dykk, skal de blåsa alarm på trompetane. Då skal Herren dykkar Gud koma dykk i hug og berga dykk frå fiendane. #31,6; 2 Krøn 13,12.14 10Og på glededagane og høgtidene og nymånedagane skal de blåsa i trompetane når de ber fram brennoffer og måltidsoffer. Det skal vera ei påminning om dykk hjå dykkar Gud. Eg er Herren dykkar Gud.#10,10 glededagane særskilde festdagar, t.d. etter ein siger. #2 Krøn 7,6
Israelittane tek ut frå Sinai
11I det andre året, den tjuande dagen i den andre månaden, lyfte skya seg frå lovteltet. 12Då tok israelittane ut frå Sinai-øydemarka og drog fram, dagslei etter dagslei. Skya stogga i Paran-øydemarka. #10,12 Paran-øydemarka [1 Mos 21,21.] #12,16 13Dette var fyrste gongen dei tok ut, og dei gjorde det på Herrens bod gjennom Moses. 14Den fyrste fylkinga som tok ut frå leiren, var Juda-sønene, flokk etter flokk. Naksjon, son til Amminadab, var førar for hæren deira. 15Hærføraren for Jissakars-ætta var Netanel, son til Suar. 16Og føraren for Sebulons-ætta var Eliab, son til Helon. 17Så vart heilagdomen teken ned, og dei som skulle bera han, Gersjon-sønene og Merari-sønene, tok i veg.#4,24f; 7,6f
18Fylkinga åt Rubens-sønene tok ut frå leiren, flokk etter flokk. Og Elisur, son til Sjede'ur, var føraren deira. 19Førar for Simeons-ætta var Sjelumiel, son til Surisjaddai. 20Og førar for Gads-ætta var Eljasaf, son til De'uel. 21Så tok Kehat-sønene i veg, dei som bar dei heilage tinga. Før dei kom fram, skulle heilagdomen reisast. #4,4f 22Den fylkinga som så tok ut frå leiren, var Efraims-sønene, flokk etter flokk. Og førar for hæren deira var Elisjama, son til Ammihud. 23Førar for Manasse-ætta var Gamliel, son til Pedasur. 24Og førar for Benjamins-ætta var Abidan, son til Gidoni.
25Fylkinga åt Dans-sønene, som var baktropp, tok så ut frå leiren, flokk etter flokk. Og førar for hæren deira var Akieser, son til Ammisjaddai. 26Førar for Asjers-ætta var Pagiel, son til Okran. 27Og førar for Naftali-ætta var Akira, son til Enan. 28Såleis var israelittane fylka då dei tok i veg, kvar flokk for seg.
29Moses sa til verbror sin, Hobab, son til Re'uel frå Midjan: «No tek vi ut og fer til den staden som Herren sa at han ville gje oss. Kom og ver med oss, så skal vi gjera vel imot deg. For Herren har lova Israel alt det som godt er.» #2 Mos 2,18; 3,1; 18,1ff 30Hobab svara: «Nei, eg vil fara heim til mitt eige land og mi eiga ætt.» 31Då sa Moses: «Gå ikkje frå oss! Du veit best kvar vi skal slå leir i øydemarka. Du må vera vegvisar for oss. 32Går du med oss, skal vi dela med deg det gode som Herren gjev oss.»
33Så tok dei ut frå Herrens fjell og drog tre dagsleier fram. Og Herrens paktkiste fór føre dei alle tre dagane. Ho skulle finna ein stad der dei kunne slå seg ned. #10,33Herrens fjell det heilage fjellet, Sinai el. Horeb [2 Mos 3,1] 34Når dei tok ut frå leiren, heldt Herrens sky seg over dei om dagen. 35Kvar gong kista tok ut, sa Moses: #Sal 68,2; Jes 33,3
«Reis deg, Herre!
Lat dine fiendar verta spreidde
og dine motstandarar røma for deg!»
36Og når ho slo seg ned, sa han:
«Kom attende, Herre,
til dei mange tusen i Israels ætter!»
Currently Selected:
4. Mosebok 10: Bibel1978
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2