Jesaja 2
2
Herrens fjell i dei siste dagar
1Det ordet som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn om Juda og Jerusalem:
2I dei siste dagar skal det henda
at Herrens tempelberg skal stå
grunnfest høgt over alle fjell
og lyfta seg opp over haugane.
Dit skal alle folkeslag strøyma. #1 Mos 49,1; Jer 3,17; Mi 4,1ff; Sak 8,20ff
3Mange folk skal gå av stad og seia:
«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,
til huset åt Jakobs Gud,
så han kan læra oss sine vegar,
og vi kan ferdast på hans stigar!
For frå Sion skal lovlære gå ut,
og Herrens ord frå Jerusalem.» #Jer 31,6; Luk 24,47; Joh 4,22; Apg 1,8
4Han skal døma mellom folkeslaga,
skifta rett for mange folk.
Då skal dei smida sverda sine om til plogjern
og spyda sine til vingardsknivar.
Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk
og ikkje lenger læra å føra krig. #Joel 3,15; Sak 9,9.10
5Kom, Jakobs ætt,
lat oss ferdast i Herrens ljos!
Einast Herren er høg og mektig
6Du har støytt frå deg folket ditt, Jakobs ætt.
For dei fer med kunster som folket i Austerland,
driv med spådom som filistarane
og gjev handslag til framande folk.
7Landet deira er fullt av sølv og gull,
det er ingen ende på skattane deira.
Landet deira er fullt av hestar,
det er ingen ende på vognene deira.
8Landet deira er fullt av avgudar;
dei bøyer seg og tilbed
det dei har laga med eigne hender,
det dei har gjort med eigne fingrar. #17,8
9Då skal mennesket bøyast
og mannen audmykjast.
Tilgjev dei ikkje!
10Fly inn i fjellet, gøym deg i jorda
for Herren som vekkjer redsle,
og for hans stordom og velde! #Hos 10,8; Luk 23,30
11Mannen må slå sine stolte augo ned,
og det hovmodige mennesket vert bøygt.
Einast Herren er høg den dagen. #5,15
12For Herren, Allhærs Gud,
har sett ein dag til dom
over alt som er stort og stolt,
over alt som ris i veret
– det skal siga i hop, #2,12 ein dag til dom Herrens dag. Sjå Am 5,18ff.
13over alle sedrar på Libanon
som lyfter seg høgt og byrgt,
over alle eiker i Basan,
14over alle høge fjell
og alle ruvande høgder,
15over alle høge tårn
og alle festningsmurar,
16over alle Tarsis-skip
og alle fagre skuter.
17Då vert det stolte mennesket bøygt
og den hovmodige mannen audmykt.
Einast Herren er høg den dagen.
18Og med avgudane er det ute for alltid.
19Då skal folk fly inn i hellerar
og gøyma seg i jordholer
for Herren som vekkjer redsle,
og for hans stordom og velde,
når han reiser seg og skræmer jorda. #Op 6,15.16
20Den dagen skal menneska kasta frå seg
avgudane av sølv og gull,
som dei har laga seg og tilbed,
kasta dei for moldvarp og flaggermus #27,9; 30,22; 31,7
21og fly inn i fjellholer
og gøyma seg i bergkløfter
for Herren som vekkjer redsle,
og for hans stordom og velde,
når han reiser seg og skræmer jorda.
22Hald opp med å lita på menneske
som berre har ein pust i nasen!
Kva er dei å rekna for? #1 Mos 2,7; Sal 146,3.4; Jer 17,5
Currently Selected:
Jesaja 2: NO1978NN
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2