YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 3

3
Jerusalem snåvar, og Juda fell
1Sjå, Herren, Allhærs Gud,
tek bort frå Jerusalem og Juda
kvar stav dei stør seg til:
kvar støtte av brød og kvar støtte av vatn, #Esek 4,16; 5,16.17; 14,13
2både krigar og stridsmann,
domar, profet, spåmann og eldste,
3femtimannsførar og høgvørd mann,
rådgjevar, trollmann og kunnig åndemanar.
4Så gjev eg dei born til styresmenn,
villstyringar skal rå over dei. #Fork 10,16.17
5Folk skal vera harde med kvarandre,
mann med mann og granne med granne;
guten skal setja seg opp mot den gamle,
fanten mot fagnamannen.
6Når ein mann tek fatt i ein annan
i huset åt far hans og seier:
«Du har ei kappe, du skal vera vår hovding,
over denne ruinen skal du styra,»
7så tek den andre til ords og svarar:
«Eg vil ikkje fetla sår.
I mitt hus finst det korkje brød eller klede.
Set ikkje meg til hovding over folket!»
8Ja, Jerusalem snåvar, og Juda fell,
for i ord og gjerning står dei Herren imot
og trassar hans herlege åsyn. #Apg 7,51
9Deira andletsuttrykk vitnar imot dei,
og liksom folket i Sodoma
talar dei utan dulsmål om si synd.
Ve dei! Dei fører ulukke over seg.
# 3,9 Sodoma [1,10.] #1 Mos 19,5; Jer 2,17; 25,7; Hos 13,9; Fil 3,19
10Sei at det går den rettferdige vel,
han skal nyta frukta av sine gjerningar. #Sal 37,37ff; 58,12
11Men ve den gudlause! Han går det ille,
han får att for det han har gjort. #Sal 62,13; Ordt 1,31ff; Rom 2,6ff
12Mitt folk har born til styresmenn
og kvinner rår over det.
Mitt folk, dine leiarar fører deg vilt,
gjer vegen du går på, til villstig. #9,16; Jer 50,6
Herren held rettargang
13Herren stig fram og vil føra sak,
han står opp og vil døma sitt folk. #Sal 9,9; 98,9; Hos 4,1
14Herren held rettargang
med dei eldste og stormennene i folket.
«Det er de som har gnege vingarden snau,
rov frå dei fattige har de i husa! #3,14 vingarden bilete på Israels folk. Sjå 5,1ff. #5,1.7
15Korleis kan de knusa mitt folk
og slå dei hjelpelause i andletet?»
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
Dom over Sions døtrer
16Herren har sagt:
Fordi Sions døtrer briskar seg,
og går med bratt nakke,
spelar med augo og går og trippar
og ringlar med sine fotringar,
17så skal Herren la Sions døtrer
verta fulle av skurv i hovudet
og gjera dei snaue om panna.
18Den dagen skal Herren ta frå dei all stasen deira: fotringane, solene og halvmånane, #Dom 8,21 19øyreringane, armbanda og sløra, 20hovudpynten, fotkjedene og belta, lukteflaskene og amulettane, 21fingerringane og naseringane, 22høgtidsbunadene, kåpene, sjala og veskene, 23speglane, underkjolane, hovudplagga og kasteplagga.
# 2 Mos 38,8
24Då vert det illtev i staden for vellukt,
reip i staden for belte,
fleinskalle i staden for kunstige krøller,
strieplagg i staden for stasklede
og brennemerke i staden for venleik. #Am 8,10
25Mennene dine skal falla for sverd,
kjempene dine i striden. #Jer 14,2
26Sions portar skal syrgja og klaga,
som når ei kvinne har mist alt
og sit einsam att på jorda.

Currently Selected:

Jesaja 3: NO1978NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in