1. Mosebok 39
39
Josef hjå Potifar
1Josef vart ført ned til Egypt. Og Potifar, ein egyptar som var hoffmann hjå farao og hovding over livvakta, kjøpte han av ismaelittane, som hadde hatt han med seg dit. #37,28; Sal 105,17 2Men Herren var med Josef, så det gjekk han vel. Han vart verande i huset hjå den egyptiske husbonden sin. #26,3+ 3Og då husbonden såg at Herren var med han og lét alt det han gjorde, lukkast, 4vann Josef godvilje hjå han og fekk vera tenaren hans. Potifar sette han til å styra huset sitt og ha tilsyn med alt det han åtte. 5Og frå den tid egyptaren hadde sett han over huset sitt og over heile eigedomen sin, velsigna Herren huset hans for Josef skuld. Herrens velsigning kvilte over alt det han hadde, både i huset og på marka. #30,27 6Så lét han Josef rå over alt det han åtte. Når Potifar hadde han, gjorde han seg inga sut for noko anna enn den maten han åt.
Josef var både velvaksen og ven. 7Og då det leid av ei tid, hende det at kona åt husbonden kasta augo sine på han. «Kom og ligg med meg!» sa ho. 8Men han ville ikkje og sa til henne: «Når eg er her, treng ikkje husbonden min syta for noko i huset. Han har gjeve meg tilsyn med alt det han eig. 9Han har ikkje meir å seia her i huset enn eg, og har ikkje nekta meg nokon ting utan deg, sidan du er kona hans. Korleis skulle eg då gjera så stygg ei gjerning og synda mot Gud?» 10Endå ho tala til Josef dag etter dag, gjekk han ikkje med på å liggja med henne og vera i hop med henne.
11Så hende det ein dag at han kom inn i huset og skulle gjera arbeidet sitt. Det var ingen inne av dei som høyrde huset til. 12Då greip ho han i kappa og sa: «Kom og ligg med meg!» Men han sleppte kappa og rømde ut or huset. 13Då ho såg at han hadde rømt frå både henne og kappa, 14ropa ho på husfolket sitt og sa til dei: «No kan de sjå! Mannen min har drege inn i huset ein hebrear, som fer og fjasar med oss. Han kom inn og ville liggja med meg; men eg ropa så høgt eg kunne. 15Og då han høyrde at eg sette i og ropa, sprang han frå kappa si og rømde ut or huset.»
16Så lét ho kappa liggja der til husbonden kom heim. 17Då sa ho det same til han: «Den hebraiske trælen som du har drege inn i huset til oss, kom inn til meg og var nærgåande. 18Men då eg sette i og ropa, sprang han frå kappa si og rømde ut or huset.»
Josef i fengsel
19Då husbonden åt Josef høyrde kva kona hans fortalde – «så og så har trælen din fare åt mot meg,» sa ho – vart han brennande harm. 20Han tok Josef og kasta han i fengsel, der fangane åt kongen sat i lekkjer.
No vart Josef sitjande der i fengslet. 21Men Herren var med han og laga det så at han vart vel omtykt, og at den øvste fangevaktaren fekk godvilje for han. 22Han sette Josef til å sjå etter alle fangane i fengslet. Og alt som skulle gjerast der, det gjorde han. 23Fangevaktaren sjølv hadde ikkje tilsyn med nokon ting som Josef hadde ansvar for. For Herren var med han, og alt det han tok seg føre, lét Herren lukkast.
Currently Selected:
1. Mosebok 39: Bibel1978
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2