YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 38

38
Juda og Tamar
1På den tid drog Juda bort frå brørne sine og slo seg ned hjå ein mann i Adullam som heitte Hira. 2Der fekk Juda sjå dotter til ein kanaanear som heitte Sjua. Han tok henne til kone og levde saman med henne. 3Ho vart med barn og fekk ein son, som ho kalla Er. #46,12 4Så vart ho med barn att og fekk ein son; han kalla ho Onan. 5Sidan fekk ho endå ein son og kalla han Sjela. Då han vart fødd, var Juda i Kesib.#38,5 Kesib Aksib, by i Juda. Jos 15,44; Mi 1,14.
6Juda tok ei kone til Er, eldste son sin. Ho heitte Tamar. 7Men Herren tykte ille om Er, eldste son til Juda, og laga det så at han døydde. 8Då sa Juda til Onan: «Ta enkja etter bror din heim til deg og gift deg med henne, så du held oppe ætta åt bror din!» #5 Mos 25,5f 9Men Onan visste at borna ikkje skulle vera hans. Når han låg med kona til bror sin, lét han sæden spillast på jorda, så broren ikkje skulle få etterkomarar. 10Men det Onan gjorde, var vondt i Herrens augo, og han laga det så at han òg døydde. 11Då sa Juda til Tamar, sonekona si: «No må du sitja enkje i huset åt far din til Sjela, son min, er vaksen.» For han tenkte: «Kanskje han òg kjem til å døy liksom brørne hans.» Så fór Tamar heim att og budde hjå far sin.
12Lang tid etter døydde dotter til Sjua, kona hans Juda. Og då syrgjetida var ute, gjekk Juda opp til Timna, til dei som klypte sauene hans, og venen hans, Hira frå Adullam, var med han. 13Tamar fekk vita at verfar hennar var på veg opp til Timna og skulle klyppa sauene sine. 14Då la ho av seg enkjebunaden og tok på seg eit slør, som ho sveipte vel om seg. Så sette ho seg attmed inngangen til Enajim, på vegen til Timna. For ho såg at Sjela var vaksen no, men likevel hadde ho ikkje vorte kona hans.
15Då Juda fekk auga på henne, tenkte han det var ei skjøkje; for ho hadde sveipt til andletet. 16Så tok han av frå vegen, gjekk bort til henne og sa: «Kom, lat meg få liggja med deg!» For han visste ikkje at det var sonekona hans. Ho sa: «Kva gjev du meg dersom du får liggja med meg?» #3 Mos 18,15; 20,12 17Han svara: «Eg skal senda deg eit kje av buskapen min.» Då sa ho: «Så gjev meg eit pant til du får sendt det!» 18«Kva skal eg gje deg i pant?» spurde han. Ho svara: «Seglringen og snora, og staven som du har i handa.» Det gav han henne. Så fekk han liggja med henne, og ho vart med barn. #38,18 seglringen til å setja segl på dokument. 19Ho stod opp og gjekk sin veg. Så la ho av seg sløret og tok på seg enkjebunaden.
20Juda sende kjeet med venen sin frå Adullam og bad han få att pantet av kvinna. Men han fann henne ikkje. 21Då spurde han folket der på staden: «Kvar er tempelskjøkja i Enajim, ho som sat attmed vegen?» Dei svara: «Det har ikkje vore noka skjøkje her.» 22Så gjekk han attende til Juda og sa: «Eg fann henne ikkje, og folket på staden sa til og med at det ikkje hadde vore noka skjøkje der.» 23Då sa Juda: «Lat henne berre ha pantet, så vi ikkje får skam av dette! Eg har då sendt kjeet, men du fann henne ikkje.»
24Om lag tre månader etter kom dei og sa til Juda: «Tamar, sonekona di, har drive hor og er med barn.» Då sa Juda: «Før henne ut, ho skal brennast!» 25Men då dei førte henne ut, sende ho bod til verfar sin: «Den mannen som eig desse tinga, han er far til barnet mitt. Sjå etter kven det er som eig denne seglringen og snora og staven!» sa ho. 26Då Juda hadde sett på det, sa han: «Ho er i sin gode rett mot meg, for eg har ikkje late henne få Sjela, son min.» Og han låg ikkje med henne meir.
27Då det så leid til at ho skulle føda, synte det seg at det var tvillingar i livet hennar. #1 Krøn 2,4; Matt 1,3 28Og med det same ho fødde, stakk den eine fram ei hand. Jordmora tok ein raud tråd og batt kring handa hans og sa: «Denne kom fyrst.» 29Men så drog han handa attende, og bror hans kom fram. Då sa ho: «Korleis er det du bryt deg fram?» Difor kalla dei han Peres. #38,29 Peres «(fram)brot». 30Så kom broren, han som hadde den raude tråden kring handa. Han kalla dei Serah.

Currently Selected:

1. Mosebok 38: Bibel1978

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in