1. Mosebok 40
40
Josef tyder draumane åt hoffmennene
1Ei tid etter hende det at skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egypt forsåg seg mot herren sin, egyptarkongen. 2Då vart farao harm på dei to hoffmennene sine, skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren. 3Og han sette dei fast hjå hovdingen over livvakta, i fengslet der Josef var fange. #39,20 4Hovdingen over livvakta sette Josef til å sjå etter dei, og han var ein trufast tenar for dei. Dei vart sitjande der i fengslet ei tid.
5Ein gong hadde dei kvar sin draum, dei to, skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egypt, der dei sat innestengde i fengslet. Ei og same natta drøymde dei, og draumane deira hadde kvar si meining. 6Då Josef kom inn til dei om morgonen, såg han det på dei at dei var i ulag. 7Då tala han med hoffmennene åt farao, som sat i varetekt saman med han hjå herren hans, og spurde: «Kvifor er de så sturne i dag?» 8Dei svara: «Vi har drøymt, og her er ingen som kan tyda draumane våre.» Då sa Josef til dei: «Det er Gud som rår for tyding av draumar. Sei meg kva de har drøymt!»#41,16
9Så fortalde skjenkjarmeisteren Josef draumen sin. Han sa: «Eg såg så klårt eit vintre framfor meg. 10Det var tre greiner på det, og så snart det tok til å skyta knuppar, spratt blomane, og klasane mogna til druer. 11Eg heldt staupet åt farao i handa. Så tok eg druene, pressa utor dei opp i staupet og rette det til farao.» 12Då sa Josef: «Dette er så å tyda: Dei tre greinene er tre dagar. 13Om tre dagar skal farao opphøgja deg og setja deg inn att i stillinga di. Du skal retta staupet til farao, som du gjorde før, då du var skjenkjaren hans. 14Gjev du ville koma meg i hug, når det går deg godt! Gjer vel og tal om meg til farao, så eg kan koma ut or dette huset! 15For eg er stolen frå Hebrear-landet, og her har eg ikkje gjort noko som dei skulle setja meg i fengsel for.»
16Då bakarmeisteren såg at Josef hadde gjeve så god ei tyding, sa han til han: «Eg òg hadde ein draum. Eg tykte eg bar tre korger med kveitebrød på hovudet. 17I den øvste korga var det allslags kaker, som var baka åt farao. Men fuglane åt dei or korga på hovudet mitt.» 18Josef svara: «Dette er så å tyda: Dei tre korgene er tre dagar. 19Om tre dagar skal farao opphøgja deg; han skal hengja deg i eit tre, og fuglane skal eta kjøtet av kroppen din.»
20Tredje dagen – det var fødselsdagen til farao – heldt han eit gjestebod for alle mennene sine. Då opphøgde han skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren midt imellom mennene sine. 21Skjenkjarmeisteren sette han inn att i stillinga hans, så han fekk retta staupet til farao, 22og bakarmeisteren hengde han. Det gjekk som Josef hadde sagt då han tydde draumane deira. 23Men skjenkjarmeisteren tenkte ikkje meir på Josef; han gløymde han.
Currently Selected:
1. Mosebok 40: Bibel1978
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2