YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 35

35
Jakob i Betel
1Gud sa til Jakob: «Gjer deg ferdig, far opp til Betel og slå deg ned der! Der skal du byggja eit altar for Gud, som synte seg for deg då du rømde for Esau, bror din.» #28,13ff 2Då sa Jakob til husfolket sitt og til alle dei som var med han: «Få bort dei framande gudane som finst hjå dykk, reinsa dykk og skift klede! #Jos 24,23; 1 Sam 7,3 3Så skal vi ta ut og fara til Betel. Der vil eg byggja eit altar for Gud, som høyrde bøna mi den gongen eg var i fare, og som var med meg på ferda mi.» #28,20 4Då lét dei Jakob få alle dei framande gudane dei hadde hjå seg, og ringane som dei hadde i øyro. Og Jakob grov det ned under den eika som står bortmed Sikem. #31,19 5Så tok dei ut, og ei redsle frå Gud kom over byane der ikring, så ingen sette etter Jakobs-sønene.#2 Krøn 14,14; 17,10
6Jakob kom til Lus i Kanaan – no heiter staden Betel – både han og alt folket som var med han. #28,19 7Der bygde han eit altar og kalla staden El-Betel; for der hadde Gud synt seg for han då han rømde for bror sin. #31,13 8Då døydde Debora, fostermor hennar Rebekka, og ho vart gravlagd nedanfor Betel, under den store eika; den kalla dei Gråte-eika.
9Endå ein gong synte Gud seg for Jakob, etter at han var komen heim frå Mesopotamia, og velsigna han. 10Og Gud sa til han:#32,28+
«No heiter du Jakob.
Men du skal ikkje lenger heita Jakob;
Israel skal namnet ditt vera.»
Såleis fekk han namnet Israel. 11Og Gud sa til han:
«Eg er Gud Den Allmektige.
Du skal veksa og aukast!
Eit folk, ja, mange folkeslag
skal ættast frå deg,
og kongar skal ha sitt opphav i deg. #48,4
12Og det landet som eg gav
Abraham og Isak,
det gjev eg deg
og ætta di etter deg.»
13Så fór Gud opp frå han, frå den staden der han hadde tala med han. 14Jakob reiste ein minnestein der Gud hadde tala med han. Og han auste drikkoffer på steinen og slo olje over han. #28,18f 15Og Jakob kalla den staden der Gud hadde tala med han, Betel.
Rakel døyr
16Så tok dei ut frå Betel. Då dei endå hadde eit stykke att til Efrat, fekk Rakel eit barn. Det var ei hard fødsle. #35,16 Efrat (el. Efrata) namn på Betlehem, etter ei folkeætt som budde der. Sml. Rut 1,2; 1 Sam 17,12; Mi 5,1. 17Medan ho låg i hardaste riene, sa jordmora til henne: «Ver ikkje redd! Denne gongen òg får du ein son.» 18Med det same ho anda ut – for det kosta henne livet – kalla ho han Ben'oni. Men faren gav han namnet Benjamin. #35,18 Ben'oni «Min ulukkeson» el. «min pinsleson», eit illevarslande namn som Jakob endra til Benjamin, «lukkesonen». 19Rakel døydde og vart gravlagd attmed vegen til Efrat, det er Betlehem. #48,7 20Og Jakob reiste ein minnestein på grava hennar. Det er gravsteinen hennar Rakel, som står der den dag i dag.
21Så tok Israel ut att og sette opp teltet sitt bortanfor Migdal-Eder. 22Medan Israel budde der i landet, hende det at Ruben gjekk stad og låg med Bilha, fylgjekona åt far sin. Og Israel fekk vita det.#49,4; 3 Mos 18,8; 1 Krøn 5,1
Jakobs-sønene. Isak døyr
Jakob hadde tolv søner. 23Sønene til Lea var Ruben, eldste son til Jakob, Simeon, Levi, Juda, Jissakar og Sebulon. #29,32ff; 30,5ff 24Sønene til Rakel var Josef og Benjamin. 25Sønene til Bilha, trælkvinna åt Rakel, var Dan og Naftali. 26Og sønene til Silpa, trælkvinna åt Lea, var Gad og Asjer. Dette var dei sønene Jakob fekk i Mesopotamia.
27Jakob kom til Isak, far sin, i Mamre ved Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, der Abraham og Isak hadde halde til. #35,27 Kirjat-Arba «byen til Arba», eit gamalt namn på Hebron. Sjå Jos 14,15; Dom 1,10. #14,13 28Levetida hans Isak vart 180 år. 29Så drog Isak sitt siste andedrag og døydde. Han fór til folket sitt, gamal og mett av dagar. Og Esau og Jakob, sønene hans, gravla han.

Currently Selected:

1. Mosebok 35: Bibel1978

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in