YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 36

36
Esau-ætta
1Dette er ætta til Esau, som òg vert kalla Edom. 2Esau tok seg koner mellom jentene i Kanaan: Ada, dotter til hetitten Elon, Oholibama, dotter til Ana, som var son til hevitten Sibon, #26,34 3og Basmat, dotter til Ismael, syster til Nebajot. 4Med Ada fekk Esau sonen Elifas og med Basmat Re'uel; 5og med Oholibama fekk han Je'usj, Jalam og Korah. Dette var dei sønene som Esau fekk i Kanaan.
6Esau tok konene sine, sønene og døtrene sine og heile huslyden sin, buskapen, alle husdyra sine og alt godset han hadde samla seg i Kanaan, og flytte til Se'ir-landet, bort frå Jakob, bror sin. 7For dei hadde så mykje fe at dei ikkje kunne bu saman. Det landet dei hadde halde til i, kunne ikkje røma dei, så stor var buskapen deira. #13,6 8Esau slo seg då ned i Se'ir-fjella; Esau, det er den same som Edom.#Jos 24,4
9Dette er ætta åt Esau, som var ættefar til edomittane i fjell-landet Se'ir. #1 Krøn 1,35ff 10Her er namna på Esau-sønene: Elifas, son til Ada, kona hans Esau, og Re'uel, son til Basmat, kona hans Esau. 11Sønene til Elifas var Teman, Omar, Sefo, Gatam og Kenas. 12Elifas, son til Esau, hadde ei fylgjekone som heitte Timna. Med henne fekk han sonen Amalek. Det var etterkomarane etter Ada, kona hans Esau. 13Og dette er sønene til Re'uel: Nahat, Serah, Sjamma og Missa. Det var etterkomarane etter Basmat, kona hans Esau. 14Og dette er dei sønene Esau fekk med kona si Oholibama, dotter hans Ana, son til hevitten Sibon: Je'usj, Jalam og Korah.
15Dette er hovdingane i Esau-ætta: Sønene til Elifas, eldste son hans Esau, var hovdingane Teman, Omar, Sefo, Kenas, 16Korah, Gatam og Amalek. Det er dei hovdingane som er ætta frå Elifas i Edom. Dei er etterkomarar etter Ada. 17Og dette er sønene til Re'uel, son hans Esau: hovdingane Nahat, Serah, Sjamma og Missa. Det er dei hovdingane som er ætta frå Re'uel i Edom. Dei er etterkomarar etter Basmat, kona hans Esau. 18Og dette er sønene til Oholibama, kona hans Esau: hovdingane Je'usj, Jalam og Korah. Det er dei hovdingane som er ætta frå Oholibama Anasdotter, kona hans Esau. 19Dette var sønene til Esau – det er Edom – og dei hovdingane som er ætta frå dei.
20Dette er sønene til horitten Se'ir, som budde i landet før: Lotan, Sjobal, Sibon, Ana, 21Disjon, Eser og Disjan. Det er hovdingane åt horittane, Se'ir-sønene i Edom. 22Sønene til Lotan var Hori og Heman, og syster hans var Timna. 23Dette er sønene til Sjobal: Alvan, Manahat, Ebal, Sjefo og Onam. 24Dette er sønene til Sibon: Ajja og Ana. Det er den Ana som fann dei varme kjeldene i øydemarka, medan han gjætte esla åt Sibon, far sin. 25Dette er borna til Ana: Disjon og dottera Oholibama. 26Og dette er sønene til Disjon: Hemdan, Esjban, Jitran og Keran. 27Dette er sønene til Eser: Bilhan, Sa'avan og Akan. 28Og dette er sønene til Disjan: Us og Aran.
29Dette er ættehovdingane åt horittane: hovdingane Lotan, Sjobal, Sibon, Ana, 30Disjon, Eser og Disjan. Det var horitthovdingane i Se'ir, ætt for ætt.
31Dette er dei kongane som rådde i Edom før det var nokon konge i Israel: 32Bela, son til Beor, var konge i Edom, og byen hans heitte Dinhaba. 33Då Bela døydde, vart Jobab, son til Serah, frå Bosra, konge etter han. 34Då Jobab døydde, vart Husjam frå Teman konge etter han. 35Då Husjam døydde, vart Hadad, son til Bedad, konge etter han. Det var han som slo midjanittane på Moab-marka. Byen hans heitte Avit. 36Då Hadad døydde, vart Samla frå Masreka konge etter han. 37Då Samla døydde, vart Saul frå Rehobot ved Eufrat konge etter han. 38Då Saul døydde, vart Ba'al-Hanan, son til Akbor, konge etter han. 39Då Ba'al-Hanan, son til Akbor, døydde, vart Hadar konge etter han. Byen hans heitte Pa'u, og kona hans heitte Mehetabel. Ho var dotter til Matred, dotter til Mesahab.
40Dette er namna på hovdingane i Esau-ætta, nemnde etter bustader, ættgreiner og namn: hovdingane Timna, Alva, Jetet, 41Oholibama, Ela, Pinon, 42Kenas, Teman, Mibsar, 43Magdiel og Iram. Dette var hovdingane i Edom etter bustadene deira i det landet dei åtte. Og dette var ætta til Esau, far til Edom-folket.

Currently Selected:

1. Mosebok 36: Bibel1978

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in