Forkynnaren 8
8
Kongens ord
1Kven er som vismannen,
kven veit å tyda ei sak?
Visdomen får mannens andlet til å lysa,
så det strenge draget mildnast.
2Gjer som kongen byd,
for Gud har gjeve han sin eid. #8,2 gjeve han sin eid Kongen har sin autoritet frå Gud. Sml. 2 Sam 7,12ff; Sal 89,4f.
3Ver ikkje snar til å gå bort frå han,
og ver ikkje med på ei ring sak!
For kongen gjer alt det han vil;
4det står makt bak hans ord.
Kven torer seia til han: «Kva gjer du?»
Menneske kan ikkje skjøna Guds verk
5Den som held bodet,
vil ikkje vita av noko vondt.
Den vise kjenner i sitt hjarta
både tida og domen.
6For alle ting har si tid og sin dom.
Det vonde menneska har gjort,
kviler tungt på dei. #3,1ff
7Ingen veit kva som skal henda.
Kven kan seia korleis det vil gå? #10,14
8Ingen har makt over vinden,
så han kan halda han att.
Og ingen rår for sin dødsdag.
I krig slepp ingen fri,
og vondskap bergar ikkje den gudlause.
9Alt dette har eg sett.
Eg har lagt merke til alt som hender under sola,
i ei tid då menneske har makt over andre,
så dei kan gjera dei skade.
10Elles har eg sett at vonde menn
vart lagde i grav og gjekk til kvile,
medan dei som hadde gjort rett,
laut fara bort frå den heilage staden
og vart gløymde i byen.
Det òg er fåfengd.
11Om domen over vond gjerning
ikkje straks vert sett i verk,
får menneska mot til å gjera det vonde.
12Hundre gonger kan eit menneske synda
og endå få leva lenge.
Likevel veit eg at det går godt
for dei som ottast Gud,
dei som har age for han. #Sal 37,37; Fork 7,15+
13Men den gudlause går det ikkje vel;
hans liv vert kort, det er som ein skugge,
fordi han ikkje ottast Gud. #Sal 37,20; 55,24
14Det er noko meiningslaust
som hender på jorda:
Somme rettferdige må bera den straff
som dei gudlause fortener,
og somme gudlause får den løn
som dei rettferdige skulle ha.
Eg seier: Det òg er fåfengd. #7,15+
15Eg har lovprist gleda,
for det finst inga anna lukke
for menneska her under sola
enn å eta og drikka og vera glade.
Det fylgjer dei i strevet
den tid Gud lèt dei leva under sola. #2,24+
16Eg la vinn på å læra visdom å kjenna
og sjå på det strev og slit
som menneska har på jorda;
for korkje dag eller natt
får dei blund på augo. #1,17
17Då såg eg at menneska
ikkje kan skjøna heile Guds verk,
alt det som hender under sola.
Kor mykje dei strevar og granskar,
finn dei ikkje ut av det.
Om den vise seier han veit det,
skjønar han det likevel ikkje. #3,11
Currently Selected:
Forkynnaren 8: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2